Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Store urfolks-demonstrasjonar mot norsk oppdrettsnæring

Under heile besøket til kongeparet i Chile har demonstrantar laga bråk og tiltrekt seg merksemd. Men kva er bodskapen deira?

Det oppstod kaos då demonstrantar blokkerte for kong Harald og dronning Sonja på eit torg i den vesle byen Punta Arenas i Chile. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Fleire organisasjonar og interesser har vore involverte i demonstrasjonane i Chile under statsbesøket, som vart avslutta søndag kveld. Det samlande punktet har likevel vore at dei er kritiske til at laksenæringa ønsker å ekspandere til nye område i Chile, spesielt sør i landet.

Grupperingar som representerer urfolket i dei sørlege regionane, har engasjert seg sterkt i demonstrasjonane.

Grunnen til at skytset blir retta mot det norske kongeparet, er at norske oppdrettsselskap er tungt til stades og gjer investeringar i Chile.

– Ingen lyttar

Då kongeparet søndag landa i Puerto Williams ved Chiles sørspiss, vart dei møtt av sinte demonstrantar frå urfolket yaganarane.

– Vi er her fordi dette er territoriet vårt. Her har vi vore i 7000 år. Vi demonstrerer fordi ingen lyttar til oss. Forhistoria til laksenæringa i Chile er ikkje bra, og no ønsker dei å etablere seg her, i eit område som er anerkjent som svært urørt av menneske, seier David Esteban Alday Chiguai, president i yaganar-samfunnet i Puerto Williams til NTB.

På vegner av urfolket overleverte han eit brev til kongeparet då dei besøkte heimbygda hans.

– Vi, yagan-samfunnet, det sørlegaste urfolket i verda, vil gi dykk dette brevet fordi vi i tusenvis av år har brydd oss om miljøet på denne sørlege staden, skriv dei. I brevet vender dei seg direkte til kongeparet

– Vi ber om at de kan bestemme å ikkje innføre denne destruktive industrien, lakseoppdrettsnæringa, i kanalane våre og territoriet vårt, skriv dei.

I brevet blir næringa skulda for å bringe med seg låge oksygennivå i vatnet og for dårleg handtering av søppel og avfall.

– Doble standardar

Chile er no den nest største lakseeksportøren i verda etter Noreg, og etter fleire år med problem med fiskesjukdommar og algar, veks næringa raskare enn i Noreg.

Regelverket er likevel mindre strengt enn i Noreg, og det blir tillate større bruk av antibiotikum og sanksjonane ved rømming er ikkje like strenge.

Annonse

– Dei norske oppdrettsselskapa som er til stades i Chile har doble standardar. Dei har veldig høge standardar når det gjeld miljø, sanitære forhold og sosiale- og arbeidsvilkår i Noreg. Men dårlegare forhold her i Chile. Kvifor, spurde Juan Carlos Cardenas.

Han leier organisasjonen Centro Ecoceanos Chile og deltok i demonstrasjonar utanfor nasjonalbiblioteket i hovudstaden Santiago torsdag.

– I delar av Chile kjem store delar av havforureininga, kjemisk forureining, frå oppdrettsnæringa, som ofte ikkje følgjer reglane. Vi ber det norske folket om å rette merksemd mot dei norske selskapa og korleis dei opptrer i Chile, fortalde han.

Kong Harald: – Demokratiet fungerer

Då kongeparet vart møtt av demonstrantar i byen Punta Arenas i helga, stoppa dei opp og snakka med demonstrantane.

– Vi synest det er riktig at dei skal blir høyrde. Og at vi viser at vi gjerne vil lytte, sa dronning Sonja i etterkant.

Kongen meiner at demonstrasjonane er eit teikn på at demokratiet i Chile fungerer og viser til at det også er diskusjonar rundt oppdrettsnæringa i Noreg.

– Dei er heilt klart bekymra for eiga framtid. Det må dei få lov til. Og dei må få lov til å gi uttrykk for det. Det må lagast reglar og lover som gjer at det blir ordentleg berekraftig også for dei, seier kongen.

Fiskeriministeren: – Chile må lage reglane

Noregs fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) har understreka at det er Chile som må setje standarden for dei chilenske selskapa.

– Eg forventar at alle norske selskap som driv verksemd utanfor Noregs grenser, følgjer dei til kvar tid gjeldande reglar i landet ein opererer i. Det skulle berre mangle, sa fiskeriministeren til NTB fredag.

– Men trengst det kanskje strengare reglar i Chile?

– Ja, det seier jo faktisk også selskapa sjølve. At kanskje ein må sjå på det. Men det må bli styresmaktene i Chile som avgjer det, seier Nesvik.

(©NPK)

PUNTA ARENAS: Det oppstod kaos då demonstrantar blokkerte for kong Harald og dronning Sonja på eit torg i den vesle byen Punta Arenas i Chile. F

Neste artikkel

Fiskefilet produsert på havet får eigen kvalitetsstandard