Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogen breier seg i Danmark

Skogen fyller stadig meir av landarealet i Danmark og dekkjer no 14,1 prosent av landet. For 200 år sidan var berre 2– 3 prosent dekt av skog.

Danskane har likevel framleis lite skog samanlikna med Noreg, der rundt 37 prosent av arealet er skogkledd. Dei danske skogane er på om lag 6.080 kvadratkilometer, ifølgje tal frå den danske Naturstyrelsen. Det er eit område på storleik med Hardangervidda.

Folketinget vedtok i 1989 at skogane i landet skulle doblast frå dei 12 prosentane det låg på den gongen. Det målet stadfesta regjeringa i 2002, men mange meiner no at 20– 25 prosent skog i Danmark er heilt urealistisk, skriv Kristeligt Dagblad. (©NPK)

Annonse

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997