Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordhøg radioaktivitet hos svensk villsvin

Eit villsvin som blei skote i Sverige sist veke, hadde rekordhøgt innhald av radioaktivitet. Radioaktiviteten stammar frå Tsjernobylulykka i Ukraina for 31 år sidan.

Eit villsvin skoten i Sverige sist veke, hadde svært høge verdiar av radioaktivitet i kroppen. Foto: Volodymyr Burdyak / Colorbox
Eit villsvin skoten i Sverige sist veke, hadde svært høge verdiar av radioaktivitet i kroppen. Foto: Volodymyr Burdyak / Colorbox

Nivået av radioaktivitet er det høgste som nokon gong er målt i eit villsvin i Sverige, fortel Bergens Tidende.

Ifylgje avisa hadde villsvinet ein strålingsverdi på 16.000 becquerel pr. kilo, noko som er over ti gonger høgare enn grenseverdien det svenske mattilsynet Livmedelsverket har sett på 1.500 becquerel pr. kilo.

Det radioaktive villsvinet blei felt i Uppsala Län nær Stockholm, men hadde fått i seg radioaktiviteten etter å ha vandra nordover til dei områda som blei mest utsette for radioaktivitet etter Tsjernobyl ulykka i 1986.

Annonse

Forskar Pål Andersson frå Strolesäkerhetsmyndigheten i Sverige meiner det vil gå 100 år før vi får bukt med det radioaktive stoffet cesium-137 som blei funne i det svenske villsvinet. Grunnen er at dette stoffet har svært lang halveringstid samanlikna med andre radioaktive stoff.

Neste artikkel

Villsvin gjennomførte storstilt redningsaksjon