Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mindre forbruk av antibiotika til matproduserande dyr i EU/EØS

Noreg er framleis blant dei landa i EU/EØS med lågast antibiotikaforbruk til matproduserande dyr, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.

Tendensen er at land som i utgangspunktet hadde det høgaste forbruket har stått for den største delen av reduksjonen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det Europeiske legemiddelbyrået (EMA) har no publisert ein rapport som dokumenterer forbruket av antibiotika til matproduserande dyr i 31 EU/EØS-land i 2017.

Annonse

Her kjem det fram at Noreg er blant landa med lågast bruk av antibiotika, skriv Landbruks- og matdepartementet.

ESVAC-rapporten viser at det er store skilnader mellom landa når det gjeld forbruket og forbruksmønsteret av antibiotika til matproduserande dyr i landa.

Tendensen er at land som i utgangspunktet hadde det høgaste forbruket har stått for den største delen av reduksjonen.

Neste artikkel

Med mål om å minke antibiotikabruken