Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Elendig elgjakt i Sverige

I grensestrøka mot Noreg i Värmland har elgjakta så langt vore dårlegare enn på 60 år.

Elgjakta har vore dårleg i Sverige i år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Elgjakta har vore dårleg i Sverige i år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Elgjakta i Värmland i Vest-Sverige varer heilt fram til utgangen av februar, men har så langt gitt færre fellingar enn på tilsvarande tid i fjor, også det eit svært magert elgjaktår. Til saman felte elgjegerane i fjor 3.288 dyr i Värmland, ei halvering av nivået i 2011, skriv bladet Svensk Jakt.

I ein del område har det ikkje vore elg å sjå i det heile, mens det andre stader har vore meir enn venta. Ganske sikkert held ulven elgbestanden nede der dei har revir, men sannsynlegvis har det òg vore felt for mange elg i jakta over fleire år, trur viltforvaltar Johan Stedt i Värmland.

Annonse

– Elgjakta er den store jakttradisjonen i Värmland, og ein har kanskje ikkje vilja tilpasse seg og trappe ned fellinga så mykje som ein burde ha gjort, seier Stedt til bladet.

Neste artikkel

Her går elgen gjennom byen