– Ein person melde sundag at han hadde sett ein bjørn med jarnskrap i poten, seier Joacim Lundqvist ved politiet i Västerbotten til Jaktjournalen, som først omtalte saka.
Vakthavande offiser bestemte at bjørnen skulle avlivast, og bjørnen er transportert til Statens Veterinärmedicinska Anstalt (SVA) for obduksjon. Ei teknisk undersøking skal gjerast på fella.
– Me må vente på den tekniske undersøkinga for å finne ut kva slags felle det er. Me veit heller ikkje kor lenge bjørnen kan ha gått med fella, men såret var permanent, seier Lundqvist til Jaktjournalen.
Binna hadde ein eitt år gamal bjørnunge.
– Den lever og vil forhåpentlegvis klare seg bra, seier Lundqvist.