Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biller og tørke drep millionar av tre i Tyskland

Omkring 110 000 hektar skog er øydelagt i Tyskland grunna tørke og granborkebiller. Skogeigarar omtalar det som ei hundreår-katastrofe, og 300 millionar tre må etterplantast.

Illustrasjonsbilete. Foto: Siri Juell Rasmussen

Skogeigarane fryktar milliardrekningar etter tørke og barkbillepest, skriv Zeit online.

Det blir antatt at i 2018 og 2019 vil totalt 70 millionar kubikkmeter tre vere skadd, og dette gjeld i hovudsak billeangrep og tre som har gått med i storm. Det vert rekna med at fjerninga av trea åleine vil koste 2,1 milliardar euro.

– Tørken og tidlegare stormar har øydelagt heile skogen i Sentral- og Øst-Tyskland, seier talskvinne Larissa Schulz-Trieglaff i paraplyorganisasjonen Arbeitsgemeinschaft Deutscher Waldbesitzerverbände (AGDW) som representerer meir enn 1,3 millionar skogbrukarar, til Zeit online.

Store tap

Skogeigarane anslår at rundt 300 millionar tre må etterplantast, og kostnaden for dette er anslått til å bli 640 millionar euro. Den føderale regjeringa og dei føderale statane, som Thüringen tilbyr økonomisk hjelp, men dei dekker ikkje kostnadene.

– For nokre skogbruksselskap er dette livstruande, då marknaden er overmetta med det skadde tre, og treprisane har blitt meir enn halvert, seier Schulz-Trieglaff.

Skogsekspertar er uroa for situasjonen.

– Me får dagleg dårlege nyhende om alle tresortar, når det gjeld vitalitetsreduksjon og skade, seier Olaf Schmidt, president for det bayerske statsforskingssenteret for skogbruk, Bayerischen Landesanstalt für Wald und Forstwirtschaft (LWF) til Zeit online.

Klima også årsak

Schmidt meiner klimaendringar er ein av hovudårsakene til at skogen døyr.

– Insekt og sopp reagerer veldig raskt og følsamt for klimaendringar, seier Schmidt.

I nokre regionar veks talet på larver av sommarfuglarten løvskognonne og eikeprosesjonsspinnarar eksplosivt, og desse et på eik og andre lauvtre.

– Sjølv om de to artane har vore kjent i Bayern i lang tid, hadde dei ikkje nokon skogsmessig betydning for omtrent tretti år sidan. No har desse artene spreidd seg fortare enn kva nokon hadde forventa for 15 år sidan, seier Schmidt.

Annonse

Masseutbreiinga av granborkebiller i Sentral-Europa er av mange forskarar også antatt å vere knytt til klimaendringar, skriv Zeit online.

– Normalt kan grana forsvare bjelkane ved harpiksdanning, men viss det blir for tørt, vil det ikkje ha noko vatn og dermed ingen harpiks, og då kan trea døy i løpet av nokre veker, seier Schmidt.

Omfattande skadeårsaker

Tre som er angripe av borkebiller lyt raskt fjernast frå skogen, men i år er det vanskeleg då det er så mange tre som er skadde.

– Transportkapasiteten er for låg, seier talsmann Philipp Bahnmüller for Bayerischen Staatsforsten, den største tyske skogsverksemda, med 800 000 hektar, til Zeit online.

Skogane i mange deler av Tyskland er resultatet av ei stor gjenbusetningskampanje på 1800-talet. På Napoleon si tid var Tyskland i stor grad avskoga då tre var det vanlegaste brennstoffet og byggematerialet. No er det andre årsaker enn avskoging som truar skogen.

– Me har også truleg varmerelatert skade på bøkbestand. Mange bøk-tre har tørre kroner som ser grøne ut frå bakken, men som er brune når du ser dei ovanifrå. Dei er truleg brende av sola, seier Schmidt.

Også ein tresjukdom som er farleg for menneske er eit problem.

– Sotbork-sjukdom som rammar lønnetre er forårsaka av ein varme-elskande sopp, og dette er spesielt uroande då denne soppen forårsakar helseproblem hjå menneske. Den kan gi betennelse etter innanding, seier Schmidt.

Neste artikkel

SV mener det må kuttes i oljeindustrien: – Vi ligger milevis unna å nå målene