Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Attgroing av mark gir meir skog i Europa

Skogane i Europa breier om seg – og det er attgroinga av mark og enger som er hovudårsaka.

Attgroing gir meir skog i Europa, viser kartlegging som FNs jordbruksorganisasjon FAO har gjennomført. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Attgroing gir meir skog i Europa, viser kartlegging som FNs jordbruksorganisasjon FAO har gjennomført. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dei siste 25 åra har marker med skog auka med 10 prosent, viser kartlegging som FNs jordbruksorganisasjon FAO har gjennomført, fortel Lantruk.com.

Det er først og fremst i Slovakia, Tsjekkia, Polen og delar av Frankrike og Italia at auken har vore. Det er derimot ikkje spesielt produksjonsskogbruket som har auka, men det er den naturlege attgroinga av skog på markene som er årsaka, seier Göran Eriksson ved SLU (Sveriges landbruksuniversitet) til Vetenskapsradion.

Annonse

I takt med at folk har flytta frå landsbygda har skogen kunna breie om seg.

Neste artikkel

Denne blomsten kostet Håkon 150.000 kroner