Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.
"Enno ein gong fekk eg vetren å sjå, for våren å røma," skreiv Aasmund Olavsson Vinje. Førebels er ikkje vinteren så veldig skremd, men bit seg standhaftig fast på flaten nedanfor barndomsheimen hans.
"Snjoen å bråna og fossen i å – å fyssa og brjota", skildrar han så liveleg at ein høyrer for seg bruset frå vårfløymde bekkar. Men det er lite fart i både bråning og bekk, og den einaste flaumfaren er inne i fjøset der gjødsla trugar med å finne vegen ut på eiga hand.
Gamal og ny gjødselvogn er i beredskap til å lette ørlite på trykket, om det blir naudsynt. I grunnen skulle gjødsellageret halde i 10 månader utan tøming – men så vart ein nøydd til å redusere litt kapasitet her, og vone på litt mindre vassforbruk der – i byggjeprosessen. Høgt grunnvatn gjorde at ein ikkje torde grava så djupt som planlagt, og kalkylene frå planleggjarane lova god nok plass likevel. Men akk – det vart for lite, og eg har forstått at det slett ikkje berre er hjå meg at den tabba er gjort.
"Våronna står på vent på grunn av kaldt klima – eg vonar inderleg at forhandlingsklimaet for norsk landbruk er betre."
Dersom våren kjem tidsnok, går det bra – men i år er det jammen so vidt det held.
Sjølvsagt skulle ein bygd seg eit fjernlager – helst i nærleiken av det største jordet. Men når pengepungen er like tom som gjødselbingen er full, er det lite freistande å taka til med endå ei storinvestering. Snart er det ikkje meir å pantsetje – og planen var å overlata garden til nestemann med mindre gjeld – ikkje større.
Største ulempa likevel med sein vår, er at ein får så altfor god tid! I staden for å sitje skrangle på traktorsetet med myk-lass etter myk-lass, sviv ein rundt i tunet og grublar over korleis ein skal betale ditt, eller om ein skal ta sjansen på å bestille datt. Sjølvsagt kunne ein nytta tida til litt nødvendig vedlikehald eller vedhogst, men nei då.
Det blir til å grava seg endå litt lenger ned i bekymringar – for verkeleg å stadfeste fordomane om den sytande sutrebonden endå litt meir.

Bøndene kjenner seg ikke igjen i inntektstallene: – Svært uheldig
Men, eg har ikkje særleg lyst til å vera den som innfrir desse fordomane. Det hadde vori veldig fint å juble ut over jordet kor fantastisk det er å vera bonde! Å få lov til å forvalte dyrkbar jord, odla i hundrevis av år. Å få lov til å grava i den same molda, som dei som gjorde seg kokegroper i her på flaten for tusen år sidan. Det er eit privilegium å vera rotfest ein stad, og det er eit privilegium å få lov til å forvalte matberande jord endå eit ætteledd.
Eg er også veldig heldig som bur i ei grend der me er fleire om dette. Ei grend der me som bur her, alle er opptekne av å hegne om det som er grunnlaget for at me i det heile teke kan leva her – jorda og vatnet. Enten me bur på gard eller ikkje, så er me klar over naturressursane som grenda vår byggjer på, og som gjev grenda livsvilkår – nett slik det er i alle levande bygder i landet vårt. Hadde det ikkje vori vilkår for å finne mat her, så hadde det ikkje vori noko bygd her heller.
Levande bygder er ein fantastisk ressurs som må hegnast om. Då må me syte for at det løner seg å drive med det som er grunnlaget – den dyrkbare jorda. Sidan den er svært ulikt fordelt i dette landet, må ein syte for at det er like leveleg på små bruk, som på store – slik at ein opprettheld levande bygder.
Dersom storsamfunnet (det vil si folk flest) likevel ikkje ynskjer levande bygder, eller ikkje bryr seg om at maten er heimeprodusert – som ein kan få inntrykk av rett som det er – så kan me berre halde fram med å underbetale bøndene og presse pris på matvarer. Då døyr norsk landbruk av seg sjølv, fordi me som driv jorda ikkje orkar å drive på med noko som ingen vil betale for.
Kan hende ei lunka halding til landbruket frå folk flest vart endra, dersom fokuset ikkje var på kor dyr maten blir etter landbruksoppgjeret? Kvifor er ikkje fokuset omvendt? At dess meir staten løyver bonden, dess billigare blir maten for forbrukaren? Det er altså forbrukarens matkorg som blir sponsa – ikkje bonden, og det perspektivet saknar eg i ordskiftet om løyvingane til norsk landbruk.

Raser mot bøndenes krav: – Landbruket i Norge er et kommunistisk system
Våronna står på vent på grunn av kaldt klima – eg vonar inderleg at forhandlingsklimaet for norsk landbruk er betre, slik at me får eit godt oppgjer! Me treng både løn for strevet, avsetnad på produktet, og ikkje minst honnør for arbeidet!
Me er – som gjødselvogna – i beredskap, og klare til bruk så sant me får løn for arbeidet!