I ein kronikk med tittelen «Turister trenger tilrettelegging» Nationen 24. juni er Trygve Sunde Kolderup i turarrangøren Hvitserk of Norway inne på vesentlege sider ved å ta omsyn til og legge til rette nokre få utvalde turstiar. Det som følgje av den nasjonale og internasjonale bølgja av opplevingshungrige turistar, som ønsker å nytte turstiane for å nå populære, spektakulære, kjente og vakre turmål i landet vårt.

Med desse såkalla nasjonale turstiane er turistnæringa og reiselivet ute etter å få fleire utanlandske turistar til å bli lenger i landet vårt for å legge att meir pengar, og også få nordmenn i større grad til å feriere i eige land. Samtidig vil ein minske terrengslitasje og naturbelastning ved hjelp av betre tilrettelegging.

Men det er eit par viktige sider ved desse utfordringane som Sunde Kolderup ikkje er inne på.

Det gjeld for det fyrste det behovet det er for også å tilrettelegge turstiar i lokalmiljøa i tilknyting til turistsenter og reiselivsdestinasjonar rundt om i landet.

Skal friluftslivet og reiselivet «blomstre» i heile Noreg, og ikkje berre på nokre få utvalde stader der trafikken er meir enn stor nok frå før, må ein også tilrettelegge utvalde turstiar til attraktive turmål fyrst og fremst rundt om i turist- og reiselivskommunane. Det kan kome både lokalbefolkninga og turistane til gode.

På denne måten får ein kanalisert og konsentrert det meste av ferdselen også lokalt, slik at dei mange meir og mindre urørte naturområda blir skåna for mykje ferdsel og terrengslitasje.

For det andre er det i vesentleg grad naturfjerne, urbane og uerfarne menneske som vil vera målgruppa i denne satsinga på utvalde turstiar. Likevel er det eit ibuande behov blant desse menneska til sjølvrealisering av opplevingar og utfordringar dei ikkje meistrar. Og berre til ein viss grad kan ein bøte på dette med betre tilrettelegging.

Samtidig er det ei grense for kor mykje ein kan tilrettelegge før det går på kostnad av natur- og opplevingskvalitetane slik at attraksjonspendelen slår andre vegen. Tilretteleggingssyndromet må altså ikkje ta overhand, med grus- og hellelagde stiar og trapper, benkar, toalett, nødbuer og søppelstativ over alt, som dei fleste er vant til i dagleglivet. Da forsvinn noko av den forandringa frå kvardagen med opplevingar og spenning som dei fleste er ute etter.

Derfor må ein satse meir på kunnskapsbasert turisme i form av naturrettleiing og guiding til dei opplevingskvalitetane som er etterspurd, og på den måten redusere tilretteleggingsgraden og sjølvbetjeningsprinsippet i norsk natur, og samtidig forhindre mange ulukker og redningsaksjonar med varierande utfall.