Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Turisme skal redde kysthesten

Tradisjonelle hesterasar som fjording, færøysk ponni og islandshest kan få ei ny framtid som turistattraksjonar.

Høgskolen for landbruk og bygdenæringar (HLB) på Jæren skal saman med reiselivsaktørar i Sogn og Fjordane, på Færøyane og Island utvikle forretningsmodellar for hesteturisme, slik at det blir råd å tene pengar på å halde tradisjonshestane.

Målet er å kople dei etter kvart sjeldne og utryddingstrua hesterasane til kystlandskapet og historia i områda der dei held til.

Annonse

Satsinga skal gå over to år og har ei kostnadsramme på 2,4 millionar kroner. Det nordiske samarbeidsrådet Nordisk atlantsamarbeid (Nora) har løyvd vel 500.000 kroner til prosjektet. (©NPK)

Neste artikkel

Hesteeiere reagerer på Veterinærhøgskolens håndtering av Salmonella-utbrudd