Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slottet likar ikkje kongeleg laks

Slottet likar ikkje at Trondheimsselskap sel kongeleg laks.

Slottet reagerer på at verksemda Norway Royal Salmon i Trondheim sel kongeleg laks, skriv Dagens Næringsliv.

- Her må det ha skjedd ein glipp. Vi ville aldri godkjent dette namnet i dag. Men i og med at det er såpass lenge sidan selskapet vart etablert, får vi la det gå, seier kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved Det kongelege hoff til avisa.

I fleire land er det vanleg å bruke ordet kongeleg i firmanamn og marknadsføre seg som hoffleverandør. I Noreg seier hoffet klart nei til ein slik praksis.

Slottet seier også nei til å la enkeltprodukt bere namnet til kongelege. Eit unntak er Kong Haakon-konfekt.

Annonse

Administrerande direktør i Norway Royal Salmon, John Binde, seier til avisa at selskapet i 1992 fekk munnleg løyve til å bruke ordet «royal» i firmanamnet sitt, så lenge «royal» ikkje stod først i firmanamnet. Dermed karakteriserer adjektivet kongeleg fisken og ikkje selskapet.

Marianne Hagen seier ho ikkje har funne noko i arkiva på Slottet som stadfestar denne påstanden.

Norway Royal Salmon vart etablert i 1992 av 24 lakseoppdrettarar for å drive sal og marknadsføring av oppdrettslaks. (©NPK)

Neste artikkel

Kampen for de små fiskerne