Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruket får eigen tenkjetank: Jærsmiå

På Jæren har ulike aktørar samla seg i ei tankesmie kalla Jærsmiå for å drive arealutvikling på Jæren, sikre landbruket i regionen og arbeide for vern av natur- og kulturlandskap.

Tenkjetankar har vore i vinden i Noreg dei siste tiåra, særleg i det politiske landskapet. Men nå syt eit lite forskingsmiljø på Klepp i Rogaland for at også landbruket lokalt har fått seg ein tenkjetank. Initiativtakar til den nye tenkjetanken er Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Den nye tankesmia har 15 medlemmer frå landbruk, utbygging, det offentlege, friluftsinteressene og verneinteressene på Jæren. Målet er å løyse konfliktar mellom dei ulike interessene som kjempar om jærlandskapet. Den raske folketalsveksten i regionen gir behov for fleire bustader og gode friluftsareal.

Samtidig er Jæren ein av dei største jordbruksregionane i landet og mange ynskjer å verne matjorda mot utbygging.

Opp av skyttargravene

Høgskulen ynskjer no å få aktørane opp av skyttargravene og til dialogbordet for å løyse desse utfordringane saman, og med kunnskap som viktigaste grunnlag.

- Dette er me svært stolte av å ha fått fram. Me ved HLB vil ikkje sitje tilbakelent og sjå på utviklingsinitiativ på avstand. Forskingsbasert kunnskap skal setjast i arbeid og brukast, han er ikkje primært til for å kome på trykk, seier Dag Jørund Lønning, som rektor ved HLB.

Annonse

- Landbruket på Jæren kan ikkje vinne kampen om eit meir langsiktig jordvern utan å snakke med andre aktørar og interesser i same landskapet. I dag er denne tverrsektorielle dialogen minimal, om han då i det heile eksisterer, legg han til.

Forskingsbasert

Jærsmiå er førebels eit pilotprosjekt på to år, men har store målsetjingar. Lønning ynskjer at dei gjennom prosjektet skal kome fram til sosialt, kulturelt og økonomisk berekraftige strategiar som både tek utgangspunkt i den raske folketalsveksten og på same tid kan sikre langsiktige rammevilkår for landbruket og gi rom for vern av sentrale natur- og kulturverdiar for dei neste generasjonane.

- I ei tankesmie er det rom for fri leik med idear og framtidsvisjonar. Ein kan arbeide pragmatisk og løysingsorientert. Samtidig skal diskusjonen vera tufta på forskingsbasert kunnskap. For kvart tema som smia tek opp skal HLB sørgja for å leggje fram eit godt kunnskapsgrunnlag, fortel Lønning.

Neste artikkel

Senterungdommen kaller Unge Venstre-utspel om kjøt-kutt for hårreisande