Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jærbønder samarbeider om fuglevern

29 bønder rundt Orrevatnet på Jæren skal finne ut korleis ein på best mogleg vis kan produsere mat og samtidig verne fuglen svarthalespove.

Det er Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling som står bak prosjektet, som tek sikte på å lage ein overførbar modell for korleis kombinere aktiv matproduksjon med vern av raudlistearten svarthalespove.

Frå før av er det ei betent konflikt mellom desse interessene. Målet med prosjektet er å kome fram til vernepraksisar som bonden kjenner eigarskap til og som kan inngå i den daglege drifta. I tillegg til høgskulen og dei 29 bøndene er også Bioforsk og Norsk Landbruksrådgivning med på laget.

Les også: Jærbønder kan få kompensasjon for svarthalespoven

Les også: Norges Bondelag krev svarthalespove bort frå raudlista

(©NPK)

Neste artikkel

Senterungdommen kaller Unge Venstre-utspel om kjøt-kutt for hårreisande