Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gunn Marit Helgesen (Høgre) ny leiar i KS

Eit samrøystes landsting i kommunesektorens organisasjon KS valde i går Gunn Marit Helgesen (H) til ny leiar.

Dermed har organisasjonen fått sin første kvinnelege leiar nokon gong. Halvdan Skard takka i år av etter 20 år i leiarstolen i organisasjonen. Han representerte Ap.

- Målet mitt er å vere like samlande som Halvdan Skard har vore, seier Helgesen.

Landstinget vedtok å velje to nestleiarar. Første nestleiar er Helgesens utfordrar om leiarstillinga, Mette Gundersen (Ap). 2. nestleiar vart Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet.

- KS er eksempelet på den kollektive fornuft, seier Helgesen.

Annonse

Den nyvalde KS-leiaren er 53 år, kjemiingeniør, har vore fylkesordførar i Telemark i to år, før det igjen sat ho to år som fylkesvaraordførar. I dag er ho for Høgre i Porsgrunn bystyre.

1. nestleiar er Mette Gundersen er 39 år og har vore varaordfører i Kristiansand. Ho har sete i bystyret i Kristiansand sidan 1999, og var i 2005 til 2007 statsekretær i Kulturdepartementet.

2. nestleiar Bjørn Arild Gram er 39 år, ordførar i Steinkjer sidan 2007 og sete i fylkestinget i Nord-Trøndelag sidan 1995. Frå 2005 til 2007 var han statssekretær i Finansdepartementet.

Heile KS-leiinga vart samrøystes vald.

Neste artikkel

Hedmark Bondelag slakter regjeringens rovdyrforvaltning