Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det blir født for få lyngshestar

Det trengst årleg 200 føl av lyngshesten for å sikre at rasen held seg rein. I år blir det fødd 70.

- Vi treng fleire føl for å sikre oss at lyngshestrasen vert halden ved like, seier leiar i Alslaget for Nordlandshest/lyngshest, Birgit D. Nielsen til NRK.

Urnorsk Lyngshesten/nordlandshesten er ein urnorsk hesterase, og eit ekte nordnorsk produkt. Hesten har vore brukt i nord i hundrevis av år og han har utvikla særeigne eigenskapar til å passe i Nord-Noreg, både til klimaet og til terrenget.

Men hesterasen er trua. Saman med dei to andre norske hesterasane, fjording og dølahesten, står han på lista til FAO (FNs organisasjon for ernæring og landbruk) over utryddingstrua artar med status «utryddingstrua - vedlikehalden».

Annonse

Det betyr at det er for få hestar igjen til at ein er sikker på å unngå innavl. Ein er usikker på om det er nok genmateriale til å sikre ein rein rase. Spesielt kritisk er det for lyngshest/nordlandshest. Fødselstalet må opp For å sikre framtida til lyngshesten må det fødast 200 føl i året. I år blir det født rundt 70 lyngshestføl og med bedekninga i år vil det til neste år blir født 80.

Lyngshestmiljøet jobbar med å få til fleire føl, men interessa for hesterasen er liten og dermed blir etterspurnaden dårleg. Dessutan er konkurransen utanfrå stor, særleg frå islandshesten som er ein etterkomar av lyngshesten. (©NPK)

Neste artikkel

Den globale melkeprisen er på vei opp igjen