Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ciderhuset i Balestrand taper 150 kroner per utsendt flaske

I vinkjellaren på Ciderhuset ligg flasker med cider og eplebrennevin og godgjer seg - flasker som produsenten gjerne ville ha solgt direkte til kunden.

Åge Eitungjerde står i vinkjellaren på Ciderhuset i Balestrand og syng ei gamal gregoriansk messe til eplebrennevinet som ligg lagra på eiketønnene.

Fleire gongar i veka syng han for å "roe ned brennevinen", som han seier med eit glimt i auga.

- Dei likar berre gamaldagse songar. Messa er frå 1100-talet, vart sungen av munkar Kong Sverre tok hit til Noreg, og handlar om eplehagar. Brennevinet forstår ikkje språk, så ein kan gjerne synge på latinsk eller tyrkisk, seier Eitungjerde.

Svigerdottera Tuba Ardic syng ein tyrkisk god natt-song, og om ein lukkar augo kan ein like godt vera i Istanbul som i Indre Sogn.

- Lydbølgjene frå songen skaper vibrasjon som eg trur er god for modninga. Brennevinet får ein rund og fin smak, seier Eitungjerde.

FamiliebusinessBrennevinet ligg og modnar seg under konstant temperatur i eit par år, og er eitt av fleire produkt Balholm og Ciderhuset har utvikla dei siste åra.

Årsomsetninga totalt i dei to selskapa er om lag 10 millionar. Ciderhuset er eigd og drive av ekteparet Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde. I tillegg eig dei halvparten av Balholm.

Annonse

Tre av dei fire borna og ei svigerdotter er engasjerte i drifta. Restauranten, som er open gjennom sommaren, tilbyr norsk mat med impulsar frå Middelhavet.

Restriktiv alkoholpolitikkHøyvik er oppgitt over den restriktive alkoholpolitikken, som gjer at Ciderhuset ikkje kan selje eigenprodusert, alkoholhaldig drikke direkte til gjestene.

- Mange av gjestene våre vil gjerne kjøpe med seg ei flaske, men me har ikkje lov til å selje frå eige utsal. Reklameforbodet fører også til at me ikkje har lov til å dele ut brosjyrar til gjestene våre, fordi det er bilete av flaskene våre i brosjyrane, seier Høyvik.

Ho seier det bør bli lov at gjester som bestiller flasker gjennom bestillingsutvalet kan få utlevert flaskene på Ciderhuset. Det ville vera ein fordel for alle partar, og både Vinmonopolet og Ciderhuset ville spara fraktkostnader.

- I dag taper me 150 kroner per enkeltflaske me sender ut til kundar som har bestilt varer. Det same gjer Vinmonopolet. Det er ikkje god butikk. Små produsentar blir slått i hovudet med ein alkoholpolitikk som er utforma for å hindre misbruk. Men ungdomsfylla har inga kopling til høgprisprodukt frå småprodusentar. Det kan ikkje bli så vanskeleg i Noreg at det ikkje er mogleg å laga god alkoholhaldig drikke av dei fantastiske råvarene me har her oppe i nord, seier Høyvik.

Les heile reportasjen i Nationen papirutgåve eller eavis tysdag 7. august.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale