Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeforskar med krass kritikk mot bygdeutviklinga

- Mange bygdeutviklingsprosjekt går seg fast i måling og teljing og ytre forhold i staden for å leggje vekt på det gode lokalsamfunn eigentleg handlar om: menneskeleg lyst, engasjement og vilje.

Slik forklarer bygdeforskar Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Klepp i Rogaland at mange offentleg støtta bygdeutviklingsprosjekt slit med å nå måla.

Den offentlege støtta til bygdeutvikling blir ofte knytt til oppussing av bygg i staden for å påskjønne idear og kreativitet. Resultata blir dermed «fysiske» utan å skape varig aktivitet, slår Lønning fast i rapporten «Korleis leggja til rette for bygdeutvikling?».

Annonse

I rapporten gir Lønning råd om korleis det offentlege meir effektivt kan stimulere til nyskaping på bygdene. Modellen han presenterer i rapporten, har som mål å opne for meir målretta og kostnadseffektive bygdeutviklingsprosjekt i framtida.Rapporten byggjer på evalueringa av det no fullførte tiårsprogrammet «Liv i fjøsan. Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner», der brorparten av dei følgde prosjekta ikkje førte til varig aktivitet i fjøsa. Over halvparten står nyoppussa og tomme. (©NPK)

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale