Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder stoppa Høgre i vekstkommune

To bønder frå Sp og KrF tek over den politiske styringa i ein av landets raskast veksande kommunar.

Dagny Sunnanå Hausken (Sp) blir ny ordførar i Rennesøy kommune i Rogaland, skriv Bygdebladet.

Senterpartiet fekk 21 prosent av stemmene, ein framgang på 4,7 prosentpoeng, og blei dermed nest største parti i kommunestyret.

Sauebønder tek over styringa

Det er eit samarbeid med KrF, Ap og SV som gir Sp ordførarvervet.

Jostein Eiane (KrF) blir varaordførar. KrF fekk 13 prosent av stemmene, ein tilbakegang på 2,4 prosentpoeng.

Både Dagny Sunnanå Hausken og Jostein Eiane driv som sauebønder i Rennesøy.

Kraftig folketalsvekst

Rennesøy har opplevd ein kraftig vekst i folketalet, og kommunen har i lengre tid lege på veksttoppen i landet målt i prosentvis folkevekst.

Annonse

Kommunen har i dag litt over 4200 innbyggjarar. Folkeveksten har særleg skote fart etter at det undersjøiske vegsambandet mot Nord-Jæren blei fritt for bompengar.

Fram 11 prosent, mister ordføraren

Høgre har hatt ordførarvervet den siste kommunestyreperioden, og partiet gjekk også fram 11,4 prosentpoeng til ei oppslutning på 34,6 prosent.

Avtroppande ordførar Ommund Vareberg (H) er svært skuffa og gir overfor Stavanger Aftenblad uttrykk for at fleirtalet i Rennesøy fører kommunen i "udemokratisk retning".

Vareberg fronta kommunesamanslåing med Stavanger, men han trur ikkje det er det som er grunnen til at Høgre blir isolert i kommunepolitikken.

- Sånn er politikken

Påtroppande ordførar Dagny Sunnanå Hausken tykkjer ikkje det er problematisk at Høgre ikkje får ordføraren trass i at partiet blei størst og hadde størst framgang.

- Sånn er det i politikken. Den som får fleirtal, får bestemme, seier ho til Aftenbladet.

Neste artikkel

Unge Venstre i Oslo vil fase ut dyr i norsk matproduksjon