I jordbruksavtalen er regjeringa og Norges Bondelag einige om fullt frislepp av privat kvotesal i to år og skattekutt for bønder som vil selje mjølkekvoten.

Målet er mindre omfang av utleige og å få fleire bønder til å eige meir av mjølkekvotane sjølv.

Trur ikkje fleire sluttar

Konsekvensane kan bli boom i sal av mjølkekvotar ifølgje rekneskapsførar, som også trur grepa kan få bønder som er usikre på vidare drift til å legge ned og selje kvoten.

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, avviser at tiltaka vil stimulere til meir nedlegging og såkalla «strukturrasjonalisering».

– Det trur eg ikkje ein kan konkludere direkte med. Dette er tiltak for å få meir sjølveigd kvote. Vi har fått gjennomslag i forhandlingane for to år med 100 prosent privat sal kombinert med skattemessig sidestilling av sal og utleige. Det gjer det mogleg for dei som leiger kvote å kjøpe heile volumet dei produserer på utan at 40 prosent skal gå til staten, seier Gimming.

Skattegrepet seier han er viktig for å hindre tilpassing i form av at fleire leiger ut kvoten ein periode før dei sel.

– Det bidreg til unødig mykje bortdisponering av kvote. Nå tar vi bort skatteinsentiv til å leige ut kvote. Det er betre at dei som vil drive med mjølk får eige kvoten, seier Gimming.

– Kan meir nedlegging bli ein utilsikta effekt?

– Eg trur ikkje det vil ha den effekten. Dei som vurderer å slutte vel nå å leige bort i staden for å selje, men det kan bli endra nå, seier Gimming.

– Du trur det i liten grad vil føre til meir nedlegging?

– Ja, det er produksjonsøkonomien som er viktigast for vidare drift. Vi har gjort viktige grep i retning av betre økonomi og betre investeringsverkemiddel. Det verkar i motsett retning. Skattegrepa vil ikkje vere ein stor drivar til å få folk til å slutte med mjølk, seier Gimming, som gir uttrykk for at ein må sjå på den samla effekten av tiltaka i jordbruksavtalen.

Usikker på kvotetak

Kvotetaket er partane også einige om å redusere frå dagens 900.000 liter til 700.000 liter for kumjølk og 350.000 liter for geitemjølk.

«Foretak som hadde en høyere historisk leveringsrett per 1.1.2024 får videreført denne», står det i sluttprotokollen for forhandlingane.

Om det betyr at bønder som i år kjøper eller leiger seg opp over nytt kvotetak vil få behalde eit høgare individuelt tak framover får Nationen ikkje eit klart svar på frå Gimming.

Han viser til at reglane, inkludert overgangsordningar for bønder som er i prosess med utviding, skal sendast ut på høyring til hausten.

– Vi kunne ikkje la nye reglar gjelde frå 2023, som vi hadde i kravet, så vi valde å setje datoen ved nyttår når nytt kvoteår startar, seier Gimming.

– Så viss bønder kjøper meir kvote i år, så kan dei få behalde eit høgare tak?

– Eg skal vere forsiktig med å tolke det som står fullt ut. Det står at ein får vidareført det ein har den 1.1.2024, og så kjem det overgangsreglar.

– Har det vore intensjonen at bønder kan kjøpe seg opp til eit høgare individuelt tak i år?

– Nei, vi har ikkje laga ei ordning med det i sikte. Vi har redusert taket til 700.000 liter for kumjølk og så må det kome overgangsreglar for dei som er i prosess med utviding. Vi har ikkje sett datoen til 1. januar fordi det skal gi ein sjanse til å tilpasse seg, seier Gimming.

– Men vil det vere mogleg å tilpasse seg slik?

– Det vil ikkje eg spekulere i. Vi har den teksten og så vil detaljane kome etter kvart og bli sendt på høyring, seier han.