– Det er sjølvsagt trasig. Samtidig er påkøyring den dødsårsaka som vi ser flest av, seier seniorforskar i Norsk institutt for naturforskning, Arild Landa.

Om femti år vil bestanden av fjellrev i Noreg vere borte dersom det ikkje blir gjort noko.

Derfor har 200 fjellrevar sette ut i eit nasjonalt prosjekt, og det kostar 100.000 kroner per rev som blir sett ut.

Men allereie no er altså mange av dei drepne av bilar. Seniorforskar Landa har likevel håp om at ein god del skal overleve det første året.

– Det vi håpar på er at minst halvparten skal overleve til neste år. Og det vil vere eit godt resultat.

Landa meiner likevel at det er litt oppsiktsvekkjande at så stor del av revane i Telemark har blitt drepne allereie.

– Dette er ein høg del i forhold til kva vi har sett tidlegare, med altså ein tiandedel drepne etter såpass kort tid. Vi får håpe at det er tilfeldig.

Fjellreven er rekna som kritisk utryddingstrua i Fastlands-Noreg, men i 2007 vart det starta eit avlsprogram med utsetjing som har betra situasjonen. I fjor vart det registrert 24 kull og minst 143 kvalpar her i landet.