Tofu har eldgamle røter i det kinesiske Han-dynastiet. Sjølv om han er basert på soyabønner, fortener den nemninga «ost».
Framstillingsmåten er nemleg omtrent lik: Fersk soyamjølk blir tilsett eit koagulerande middel i form av syre. Dette gjer at soyamjølka set seg til ein pudding, det same som vanleg mjølk vil gjere om du varmar den lett opp og tilset litt osteløype eller sitronsaft. Når puddingen så blir knust eller blir kutta, skil dei faste stoffa seg frå væska. Deretter er det berre å presse denne massen gjennom eit osteklede, og vips har du ein fast tofu – eller, viss du har brukt vanleg mjølk, ein ferskost.
Om du vil smake verkeleg god tofu og tilfeldigvis er i Asia, bør du prøve den ferskaste varianten, altså den som enno ikkje har vorte skilt (knust) og pressa. Dette er ein silkemjuk pudding som vakkert nok blir kalla silketofu. Denne er det dessverre ikkje så lett å få tak i her heime, men om du er av det ambisiøse slaget kan du prøve å lage det sjølv – det er bryet verd!
Har du planar om å overtyde ein innbiten kjøttelskar om at vegetarmat er tingen? Då er nok ikkje tofu vegen å gå. Basert på erfaringa mi slår det ikkje alltid an. Og det kan eg forstå. Vi snakkar jo om ein grå, svampaktig masse utan spesielt mykje smak. Som altfor ofte blir servert på uengasjerande vis – duppande med det blasse ytra sitt i ein buljong av kjøpekraft smakt til msg-pulver. Nei, her er det ikkje mykje å elske.
Men det finst ein veg til meir smak og entusiasme! Og her skal vi faktisk bruke den tofuvarianten det er enklast tilgang på i butikken. Den ligg i ein pose omgitt av ein noko ulekker væske, og er i utgangspunktet ganske hard og kjip.
Fordelen er at han eignar seg til å steikje i panne. Då får du ei karamellisering på utsida som gir litt kraftigare smak og ein meir kontrastfylt tekstur. Om du i tillegg gjer som i denne oppskrifta og steikjer ho saman med mykje løk, kvitløk og ingefær, for så å koke ho ut på slutten med soyasaus, sesamfrø og frisk limesaft, blir tofuen så god at sjølv kjøttentusiasten vil kose seg.
Oppskrift
Grønn kokossuppe med spinat og steikt tofu
Ingrediensar (2 personar)
1 pose spinat
1 terning grønsakkraft
2 desiliter vatn
1 fedd kvitløk
1 ms finhakka ingefær
1 sjalottløk
1 boks kokosmjølk
1 lime
---
1 tofu
1 sjalottløk
2 fedd kvitløk
2 ms finhakka ingefær
2 ms sesam
2 ms smør
1 ms sesamolje
4 ms soyasaus
1 lime
1 bunt koriander
Framgangsmåte
Finhakk sjalottløk og kvitløk, og fres det gyllent i ei gryte saman med ingefær i litt solsikkeolje.
Tilset grønsakkraft, vatn og kokosmjølk, og la alt småkoke i 10 minutt. Legg i ein heil pose spinat, og la gryta koke vidare i 3 minutt til spinaten har falle heilt saman. Bruk så ein stavmiksar eller blendar, og køyr suppa glatt og fin.
Smak til suppa rett før servering med salt og limesaft.
Kutt tofu i terningar. Varm opp ei steikjepanne, og ha i sesamolje og smør. La dette frese godt før du legg i tofuterningane. Bruk ein steikjespade, og prøv å la terningane bli jamt brune på alle sider. Når dei nærmar seg ferdigsteikt, tilset du finhakka ingefær, kvitløk og sjalottløk. Steik vidare til alt er gyllent.
Avslutt med sesamfrø, soyasaus og frisk limesaft. Server omgåande med saman med suppa. Ha litt frisk koriander på toppen.
(©NPK)