Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kommentar: Ei regjering for heile landet

Valet er over. Erna Solberg har fått fornya tillit til å styre landet dei neste fire åra. Oppdraget dei har fått frå det norske folk må dei ta på alvor. For dei vil styre på nåde.

Vi må respektere at landet er meir enn dei sentrumsnære områda, skriv nyheitsredaktør Svein Ove Hansli. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Vi må respektere at landet er meir enn dei sentrumsnære områda, skriv nyheitsredaktør Svein Ove Hansli. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Den delen av det norske folk som sorterer under fellesnemnaren distrikta har vore ekstra tydelege. Dei vil ha meir merksemd og støtte. Ikkje fordi dei nødvendigvis har det frykteleg ille i dag, men fordi dei gjerne vil ta vare på og bygge vidare på det dei har.

I Nationen syns vi min sambygding Aasmund Nordstoga sa det som mange meiner på ein enkel måte; «Politikken må stoppast før den byrjar å virke». Politikken er ikkje stoppa, men den har fått litt mindre spelerom.

I Andøy fekk Senterpartiet over 72 prosent av stemmene og ei auka oppslutninga frå førre Stortingsval med nesten 64 prosentpoeng. Klarare protest mot regjeringa sin politikk kan ein knapt få. Andøya har sjølvsagt ekstreme og ekstraordinære utslag, men Senterpartiet gjer eit brakval i heile landet, og ekstra sterkt i distrikta. Sjølv om valresultatet viser kven som vann makta, er det lov å kalle den store valvinnaren for Senterpartiet.

Eg var på Dyrsku'n i Seljord. Der møtte eg det som politikarane vil kalle for grasrota. Og felles for alle eg snakka med var at dei hadde ei historie å fortelje. Det er dei som leverer arbeidskraft og framtidstru. Og sjølv om det var mange meiningar og kritikk av stortingspolitikarar, lokalpolitikarar og presse, er det lett å få fram dei optimistiske tankane.

Det er ei verd der ute utanfor Twitter, Facebook og media. Det er dette som den verkelege verda, der debattane handlar om kvar enkelt og deira prosjekt.

Annonse

Men optimismen er ikkje noko ein kan ta for gitt. Den er lett å kvele. For at skaparemna og iveren etter å bygge dette landet vidare skal halde fram, må ein respektere at landet er meir enn dei sentrumsnære områda. Heile landet er i dag i bruk. Men det er ikkje sjølvsagt.

Den oppgåva er no gjeven til ei ny regjering. Beskjeden er klar. Distrikta sit på både viktige ressursar og kloke hovud. Regjeringa har fått eit klart signal som forpliktar. Dei skal regjere og løfte fram HEILE landet.

Erna Solberg sitt regjeringsprosjekt er skjørt. Styringsgrunnlaget er svekka i og med at regjeringa no treng støtte frå både Venstre og KrF for å få fleirtal, sist periode var det nok med støtte frå eitt av partia. Å styre på nåde frå Hareide og KrF kan bli tøft i fire år. Hareide har kome med eit tydeleg varsel om reformpause på sentraliseringspolitikken, og sa sjølv i går; «Regjeringa bestemmer sjølv kor farleg den vil leve».

Neste artikkel

Gjelsvik avviser hestehandel om kommuneoppløsninger