Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det norske knefallet for EU

EU kan gni seg i hendene over ytterlegare tollfrie kvotar. Prisen betalar norske bønder og matindustrien.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har auka EUs tollfrivkotar til Noreg. Foto: Mariann Tvete
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har auka EUs tollfrivkotar til Noreg. Foto: Mariann Tvete

Så kom «endeleg» einigheita mellom EU og Noreg i forhandlingane om EØS-avtalens Artikkel 19. På same dag som regjeringa tapte stort i jordbruksmeldinga, opnar altså den same regjeringa for ytterlegare tollfrikvotar til EU.

Landbruksminister Jon Georg Dale prøver å tone ned tydinga av auka kvotar. «Vi har gitt EU kvoteøkninger der vi allerede har eksisterende import», melder statsråden. I tillegg er Dales «gladmelding» at Noreg får tollfrie kvotar for produkt som blir eksportert i dag, eller som det er planar om å eksportere.

Les også: Lars Petter Bartnes: - Jeg er overrasket

I skrivande stund er det vanskeleg å sjå kva fordelar Noreg har i den nye avtalen, medan det er svært lett å sjå EU sine fordelar. Noreg er ein attraktiv marknad for EU, råvareprisane i EU er langt lågare enn i Noreg, og EU har alt å tene på å kunne eksportere billig-ost og billig-ku til Noreg, med produksjonsmåtar og ein antibiotikabruk me ikkje ser her til lands.

Den store auken i tollfrie kvotar for ost vil leggje stort press på norsk meieriindustri i åra som kjem. I dette biletet er det viktig å hugse på at eksporten av Jarlsberg-ost vil ta slutt i 2020. Å kunne bruke det framtidige overskotet av mjølk til nye varer vil no bli langt vanskelegare, takka vera regjeringa.

Annonse

Les også: – Eksportsuksess krev anten kjempeflaks eller massiv marknadsføring

Dale vektlegg også at Noreg får utvida tollfrikvotar til EU. Men sjølv utan toll, vil norske jordbruksprodukt ha ein betydeleg prisulempe på EU-marknaden. Det er utopi å tru at Noreg blir storeksportør av jordbruksvarer.

Handelsunderskotet med EU er stort. I 2015 eksporterte Noreg jordbruksvarer til EU til ein verdi av 6,2 milliardar kroner. Importen frå EU var derimot verdt 36,6 milliardar. Storbritannia går som kjend ut av EU. Det naturlege ville difor vera at dei tollfrie kvotane hadde vorte reduserte. I staden kjem ein kraftig auke.

Neste artikkel

EUs energiministre krangler om strømkrisen