Nyleg hadde den største politiske gruppa i EUs parlament møte i München. European Peoples Party (EPP) samlar konservative og kristendemokratiske parti i EU. Frå møtet i München seiv det ut ein landbruksuttale som raskt spreidde seg i nyheitene: Partigruppa ville forkaste forslaga om å halvere bruken av plantevernmiddel og lova om å tilbakestille naturen, den såkalla naturrestaureringslova. 

EPP uttrykte uro for matforsyninga i EU og meinte dei nemnde forslaga er urealistiske og kan føre til dårlegare matsikkerheit. Folkepartiet i Austerrike understreka bodskapen frå EPP: – Bønder er no på eit punkt der dei ikkje lenger kan klare seg, sa Simone Schmiedtbauer frå det austerrikske folkepartiet (ÖVP). 

Debatten har teke slik fart at både miljøkommissæren i EU, Virginijus Sinkevicius, og European Environment Agency (EEA) rykker ut og tek lova om naturrestaurering i forsvar. Dei meiner matsikkerheita i Europa er avhengig av restaurering av naturen og at dette vil vere til det beste for bøndene på lenger sikt.

Til grunn for striden ligg to av mange forslag som følgjer med EUs Green Deal, eller Grøne giv, som vart lansert i desember 2019. Green Deal skal gjere Europa til det fyrste klimanøytrale kontinentet i verda, utan å tape konkurransekraft. 

Konkrete forslag har munna ut i samlenemninga Farm to fork på landbruksområdet, der vi finn forslag om å halvere bruken av plantevernmiddel, og altså ei eiga lov for restaurering av natur, som ligg under EUs biodiversitetsstrategi. Denne strategien kom samtidig med Farm to fork i mai 2020. 

22. juni i fjor kom Kommisjonen med det konkrete forslaget til ei eiga naturrestaureringslov (Nature Restoration Law). Lova skal « … restaurere økosystemet for folk, klimaet og planeten». Dette inneber mellom anna restaurering av myr, skog og marine økosystem. 81 prosent av habitata i EU er ifølgje EU-kommisjonen i dårleg forfatning og ein av tre bie- og sommarfuglartar er på veg nedover. 

Målet er å auke både talet på sommarfuglar og fuglar i grasområde, og organisk karbon i jorda, samtidig som ein gjer jordbrukslandskapa meir varierte. Uttørka myrområde til landbruksformål skal restaurerast. EUs bonde- og samvirkeorganisasjon Copa-Cogeca er redd tiltaka set matsikkerheita i fare. 

Dei meiner naturrestaureringslova kan ta store deler av den produktive jordbruksjorda ut av drift eller redusere produktiviteten gjennom til dømes gjenoppretting av myr. Dei kritiserer også manglande finansiering, vern om eigedomsrettar og alternativ til torvbaserte produkt. 

EUs bonde- og samvirkeorganisasjon Copa-Cogeca er redd tiltaka set matsikkerheita i fare.

70 prosent av hagebrukssektoren i EU er basert på torv. Finland har mykje torvmyr og skog, og vil bli hardt ramma av naturrestaureringslova. Over 900 millionar euro i året kjem restaureringa til å koste Finland, ifølgje EUs konsekvensutgreiing.

Det andre tiltaket EPP ynskjer å fjerne, er forslaget frå EU-kommisjonen om å halvere bruken av plantevernmiddel innan 2030. Protestane mot dette forslaget har vore sterke og alternativa få, så no har landbruksministrane i EU bedt Kommisjonen kome tilbake med nye konsekvensutgreiingar om effekten av kutta. Parlamentet har utsett saka, sannsynlegvis til etter 2023.

I Sverige kan naturrestaureringa by på motsetningar med andre EU-ambisjonar. Der reknar ein med å måtte restaurere opp til ein million hektar med skog tilbake til grasland. Talet på husdyr har gått nedover og sidan tidleg på 1900-talet har store område som før var beitemark blitt til skog. 

No vil EU ha det tilbake til beite. Men på same tid vil EUs ferske avskogingsregulering hindre sal av tømmer frå denne skogen på EU-marknaden. Avskogingsreguleringa, kanskje meir mynta på avskoging av regnskog, slår slik rett inn på den svenske bondelagsleiaren Palle Borgströms gard. 

Han må rydde skog gratis for å få tilbake gammalt beite for å tilfredsstille naturrestaureringslova, sidan han ikkje får omsette skogen grunna avskogingsreguleringa. Med meir beitedyr kjem han også fort over 150 storfe, og fell dermed inn under industriutsleppsdirektivets krav, om EU-kommisjonens forslag går igjennom. 

Det hjelper lite at dei positive langtidseffektane ifølgje EU veg opp for kostnadene på kort sikt. Som Borgström skriv: Kostnadene på kort sikt er ikkje dekka inn av EUs landbruksbudsjett. Dermed er det bonden her og no som må ta kostnadene som skal tene heile samfunnet på lenger sikt.