I fjor haust bygde det seg opp eit rekordstort reguleringslager med storfekjøtt, noko som har ført til prispress og dårlegare økonomi for bønder.

Ferske tal frå Nortura viser endå kraftigare lagervekst i år enn i fjor på same tid.

50 prosent større vekst

Dei tre siste vekene har reguleringslagera med storfekjøtt auka med 577 tonn.

Det er nær 200 tonn eller over 50 prosent meir enn i same periode i fjor.

Ved utgangen av veke 37 ligg det nå nær 4700 tonn med storfekjøtt på reguleringslager.

I tillegg kjem rett over 4000 tonn med svin og vel 40 tonn sauekjøtt.

Veksten i reguleringslagera på svin gjennom sommaren har siste vekene stoppa opp og begynt å gå forsiktig ned.

På sau går pilene andre vegen. Der har reguleringslagera lenge vore tomme, men dei siste vekene har det blitt frose inn nokre titals tonn kvar veke.

Mot ny lagerrekord

Reguleringslagera med storfekjøtt er venta å vekse vidare utover hausten.

Denne veka ventar Nortura å slakte over 700 fleire storfe enn det er etterspørsel etter, noko som betyr 20 prosent større tilgang på storfekjøtt enn marknaden klarer ta unna.

Dei to neste vekene er overskotet av storfekjøtt venta å bli omtrent på same nivå.

Dei to siste vekene har Nortura frose inn rundt 240 tonn storfekjøtt kvar veke.

Held lagerveksten fram i same tempo kan reguleringslagera med storfekjøtt nær tangere førre rekord på 4941 tonn alt ved utgangen av denne veka.

Veka etter kan det vere duka for ny lagerrekord på storfe, iallfall sidan tusenårsskiftet.

Kan vere fôr-effekt

Nortura, som er marknadsregulator for kjøtt frå storfe, griser og sauer, svarar ikkje direkte på om den kraftige lagerveksten siste vekene gir grunn til uro.

Direktør i Nortura totalmarked, Ole Nikolai Skulberg, gir derimot uttrykk for at han håpar at salet vil ta seg opp utover hausten.

«Nortura reduserte engrosprisen på storfe i august fordi vi fikk signaler om fall i salget. Vi håper mange i bransjen nå opplever en økning i salget utover høsten. Det vil alltid ta litt tid fra prisen justeres til salget av helt slakt øker fordi mange aktører sitter med mye sorteringskjøtt på egne lagre som de ønsker å kvitte seg med før de øker skjæringen», skriv Skulberg i ein e-post til Nationen.

Fleire har sagt seg urolege for at mangel på gras og grovfôr skal føre til nedslakting av storfe utover hausten. På spørsmål om lagerveksten kan ha med fôrsituasjonen å gjere, så gir Skulberg uttrykk for at dei ser ei ny utvikling:

«Vi har registrert siden i sommer at slaktevektene på ung okse og kvige har gått noe ned. Dette kan ha en sammenheng med at flere leverer slaktene tidligere for å spare på fôret», skriv han.

Nortura har lansert fleire nye tiltak for å kome situasjonen i møte. Blant tiltaka er levering av lettare slakt neste år og meir slakting av kalv i haust.

«Det er viktig at alle storfeprodusentene følger vår oppfordring om levering av lettere slakt i 2024. I tillegg vil vi sende en søknad om premiert slakting av kalv til omsetningsrådet», skriv Nortura.