Hensikten er å auke import av mat frå fattige land og redusere importen frå rike land.
Dokument: Les heile tollforslaget her
Regjeringa vil gi store tollkutt til 29 land frå gruppa som OECD definerer som lågare mellominntektsland. Desse landa vil få null toll på alle industrivarer og tollfri tilgang til den norske marknaden på 51 landbruksvarer som kål, purre og tomatar delar av året.
Frå før har 64 såkalla minst utvikla land (MUL) tollfri tilgang til den norske marknaden.
Ytterlegare 15 varer, først og fremst konserverte grønsaker, får halv toll. På toppen kjem store tollkutt på ei rekkje andre matvarer til alle såkalla GSP-land.
Kan påverke milliardimport
Samla blir det gitt tollkutt til u-land på matvarer der det i dag er ein norsk import verdt fleire milliardar kroner.
- Intensjonen er å auke importen frå u-land, og vri importen bort frå i-land om mogleg. Forslaget vil jamne ut konkurransevilkåra som EU har opparbeida seg gjennom EØS-forhandlingane, seier avdelingsdirektør Dagfinn Sørli i Utanriksdepartementet.
Les kommentar: Når bønder fordrives i andre land
- Det er strålande at regjeringa prøver å vri importen til fattige land. Samtidig er vi glad for høg toll på landbruksvarer. Det er viktig for norsk landbruk, men ikkje minst for å kunne gi bønder i fattige land ein konkurransefordel. Generelle tollreduksjonar ville tvert imot gjort det vanskelegare for bønder i u-land å eksportere til Norge, seier seniorrådgivar Aksel Nærstad i Utviklingsfondet.
Vil ha straffetoll frå i-land
Nærstad tek til orde for at Norge bør gå lenger og innføre straffetoll på landbruksvarer frå industri-land som utgjer støttenivået på vara. Han seier tollkutt for u-land er eit viktig steg, men at effekten bør følgast nøye.
Les også: FAO: 870 millioner menneske lir av matmangel
- Vi må passe på at tollkutta ikkje rammer dei minst utvikla landa, som her mister ein relativ fordel. Det er ein balansegang. Meir import frå fattige land treng heller ikkje kome fattige bønder til gode, seier Nærstad, og viser til at multinasjonale selskap og det han kallar miljøfiendtleg industriproduksjon har teke over mykje av det eksportretta landbruket.
Doblar tollfordelen på korn
Regjeringa føreslår å opprette ein kvote på 500 tonn biffar og filetar frå u-land som får fritak for overgangen til prosenttoll. Den kjem i tillegg til dagens tollfrie biffimport frå det sørlege Afrika. Det blir òg laga ein ny kvote på 40.000 tonn sukkermelasse til dyrefôr. I tillegg vil u-land få dobla tollfordelen på korn, mjøl og kraftfôrråvarer frå 10 til 20 prosent.
Blant dei som kan tape på tollkutta er EU og industrialiserte land. Tollkutta for u-land skal vere i tråd med WTO-reglane.
Ifølgje Statens landbruksforvaltning (SLF), som skal forvalte ordninga med tollkutt på landbruksvarer, vil norske bønder truleg merke lite.
Les meir om det, samt kva Bondelaget meiner om saka, i eavisa til Nationen for onsdag 10. oktober. Ho kan kjøpast her frå midnatt.