(Firdaposten): Statens naturoppsyn (SNO) aksjonerte laurdag morgon mot eit jaktlag i Ytre Nordfjord. Totalt blei sju motoriserte terrengkøyretøy, såkalla ATV-ar, stoppa, og sjåførane måtte gjere vendereis og ta køyretøya ut av terrenget igjen.

Ut frå SNO sitt syn, har dei brote regelverket om motorisert ferdsle i utmark. Køyretøya blei nemleg brukt til å kome seg ut i terrenget og frakte jegerar på post. Regelverket på si side, tillet berre bruk av slike køyretøy til å hente ut felt vilt etter at jakta er ferdig.

Eit satsingsfelt

– Vi ser ein tydeleg auke i denne typen lovbrot. Salet av ATV-køyretøy har auka kraftig dei siste åra, og det har regelbrota også, dessverre. Difor har Miljødirektoratet peika ut kontrollar av denne typen køyring som eit område for auka innsats for oss, seier Lars Bendik Austmo i SNO.

Statens naturoppsyn er Miljørdirektoratet sitt feltapparat, og det var to personar frå SNO som gjennomførte aksjonen i Ytre Nordfjord på laurdag.

– Kva reaksjonar kan jegerane vente seg?

– Det overlet vi til politiet å ta stilling til. SNO held no på med etterarbeid etter aksjonen, og det er ei omfattande sak det er snakk om, seier Austmo.

Saka snart hos politiet

Sjølv om sju ATV-ar blei stogga i aksjonen, kan ikkje Austmo seie noko om kor mange jegerar som vil bli politimelde.

– Tilhøyrte alle ATV-ane same jaktlaget?

– Det kan eg heller ikkje svare på no. Det er noko vi må kome tilbake til, slår han fast.

Ifølgje SNO vil anmeldelsane vere på politiet sitt bord så fort SNO er ferdige med etterarbeidet etter aksjonen.

Kva regelverket og lova seier om bruk av ATV i utmark, og under jakt, kan du lære meir om her.