Stort underskot i fjor, lånekrav som ikkje blei overhaldne, høge lånerenter, stort investeringsbehov og ein lågare eigenkapitaldel enn nokon gong før.

Utfordringane står i kø for bondeeigde Nortura, som ser på ulike måtar å kome seg ut av pengeskvisen og få inn meir eigenkapital.

Kom i knipe

Tidlegare har Nortura gått til eigarane, bønder spreidd over heile landet, for å hente inn meir medlemskapital.

Sist gong det skjedde var i 2010. Prosessen kom i kjølvatnet av finanskrisa og kriseresultata som Nortura la fram i 2009.

– Årsresultatet for 2008 var dårleg og så fekk vi ein skrekkeleg start på året i 2009 med over 240 millionar kroner i minus etter 1. tertial, seier Sveinung Svebestad, som var styreleiar i Nortura i dei åra.

3. juni 2009 varsla Nortura storstilte kutt og at opp mot 2000 tilsette kunne miste jobbane. Nortura klarte ikkje overhalde lånekrava og prisane til bøndene måtte også kuttast.

Samvirket varsla òg at det kunne bli aktuelt å hente inn 300 millionar kroner i eit ansvarleg obligasjonslån frå eigarar eller tilsette.

Tiltaka fekk ifølgje Svebestad god effekt og dei fire siste månadene av 2009 gjekk Nortura nær 400 millionar kroner i pluss, noko som berga årsresultatet.

Obligatorisk innskot

Trass betringa i økonomien gjekk styret vidare med planane om å hente inn meir eigenkapital.

På årsmøtet i 2010 blei vedtektene endra. Det opna for å auke det obligatoriske andelsinnskotet til 12.000 kroner per medlem, noko Nortura venta å få inn rundt 200 millionar kroner på.

Årsmøtet opna også for frivillig innbetaling av tilleggsandelsinnskot og det blei innført ei ordning der delar av overskotet kunne setjast av på individuelle medlemskapitalkontoar.

Svebestad fortel at andelsinnskotet kvar medlem frå før hadde betalt inn varierte etter kva tid dei hadde blitt medlem og om dei i si tid hadde blitt medlem i Gilde eller Prior. Nokre hadde også betalt inn andelsinnskot begge stader.

Dei fleste måtte ifølgje Svebestad i praksis betale inn mellom 9000 og 11.000 kroner kvar.

Summen av tiltak førte til at eigenkapitalen til Nortura auka frå vel 2,5 milliardar kroner ved utgangen av 2009 til nær 3,1 milliardar kroner ved utgangen av 2011.

Samla innskot på medlemskapitalkonto var kome opp i over 500 millionar kroner då Svebestad gjekk av som styreleiar i 2017.

– Var vellukka

Innhentinga av rundt 10.000 kroner i auka obligatorisk andelsinnskot skapte reaksjonar. Svebestad angrar likevel ikkje.

– Nei, sett i ettertid så lukkast vi med det, sjølv om det skapte støy, seier Svebestad, som seier Nortura hadde behov for styrka eigenkapital.

Han trur bråket som følgde først og fremst handla om at kapitalinnhentinga ikkje var godt nok forankra eller forklart godt nok.

Ordninga med frivillig innbetaling av tilleggsandelsinnskot blei berre nytta av «ganske få», ifølgje Svebestad, som seier det eigentleg aldri blei noko av den delen.

Avsetninga til medlemskapitalkonto skulle ifølgje Svebestad vere i tråd med samhandlinga kvart medlem har med Nortura. Kontoane er individuelle og kapitalen skulle etter planen rullerast kvart sjuande år. Føresetnaden for å få utbetaling er ifølgje Svebestad at resultata til Nortura er gode nok til å setje av pengar til det.

– Viss resultata ikkje er gode nok til å setje av pengar til rullering, så blir det inga utbetaling. Mange oppfatta dette som «sine» pengar og ville ha dei ut, men det er ikkje slik det fungerer. Problemet har nok vore at vi ikkje har klart å forklare tydeleg nok kva ordninga inneber, seier Svebestad.

Svebestad seier dei begynte å rullere kapitalen siste året han var styreleiar, men at det i seinare år har variert om resultata har vore gode nok til å setje av pengar til det.

Alternativet til individuelle medlemskapitalkontoar var ifølgje Svebestad å setje av pengar som felles eigenkapital.

– Blei mykje sjau

Svebestad seier alternativa til å hente inn meir eigenkapital frå eigarane var verre.

– Alternativet ville vore at eigenkapitalen blei endå lågare. Vi kunne stoppa investeringane og utarma selskapet, eller vi kunne redusert prisen til bonde og sikra resultatet på den måten, seier Svebestad.

Han seier redusert eigenkapitaldel truleg ville ført til dårlegare lånevilkår og høgare lånerente for Nortura.

– Alle val har konsekvensar. Det blei mykje sjau då vi auka det obligatoriske innskotet til 12.000 kroner. Mange sa dei ikkje ville vere med på det, men i praksis fekk vi veldig lite fråfall på det, seier Svebestad.

I årsmeldinga for 2010 står det at prosessen «krevde en grundig gjennomgang av konsernets medlemsregistre fordi det viste seg at de ikke var gode nok. Arbeidet har nå gitt oss et oppdatert medlemsregister».

Etter oppdateringa av registera hadde Nortura 17.756 aktive eigarar med rettar ved utgangen av 2010, ned frå 29.445 i 2009. I åra som følgde gjekk medlemstala opp til 19.000 i 2015 før tala flata ut og begynte å gå ned att.

Å kutte prisen til bønder meiner Svebestad var eit dårlegare alternativ.

– Eg trur dei fleste bønder heller vil skyte inn 10.000 kroner enn å måtte leve med dårlegare utbetalingsprisar, seier Svebestad.

Eg trur dei fleste bønder heller vil skyte inn 10.000 kroner enn å måtte leve med dårlegare utbetalingsprisar.

Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura frå 2008 til 2017

– Låg inngangsbillett

Svebestad vil ikkje ha ei meining om kva Nortura bør gjere i dagens situasjon.

– Det får dei finne ut av dei som styrer skuta i dag, seier han.

– Er det grunn til uro?

– Det er ikkje tvil om at Nortura er i ein ekstremt krevande situasjon. Derfor må dei som styrer få arbeidsro for å få skuta på rett kjøl, seier Svebestad.

Året etter at han gjekk av som styreleiar i Nortura tok Svebestad over som styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). Der har det ifølgje Svebestad ikkje vore behov for å hente inn ekstra kapital frå eigarane. FKRA har ikkje børsnoterte obligasjonslån, slik Nortura har, men har i staden banklån ifølgje Svebestad.

Det obligatoriske andelsinnskotet i FKRA er ifølgje Svebestad på 500 kroner per medlem.

– Det er nærast ein symbolsk sum. Slik var det også i Nortura før, seier Svebestad, som seier beløpet hadde stått stille i lang tid før det blei heva til 12.000 kroner i 2010.

– 12.000 kroner er framleis ein låg inngangsbillett, seier han, som derimot vedgår at det kan vere ulike syn etter driftsomfanget til den enkelte bonde.

– For mange er 12.000 kroner relativt lite, men ein del medlemer har relativt lite samhandling med Nortura. Dei fekk vi ein del motstand frå. Vi argumenterte med at alle etter planen skulle få avkasting på kapitalen, seier Svebestad.