Senterpartiet får 5,3 prosent i ein partimåling Norfakta har utført for Nationen og Klassekampen.

Her kan du sjå bakgrunnstala for målingen.

På førre måling hamna Sp under sperregrensa, og partileiar Liv Signe Navarsete ville fått det einaste mandatet for Sp. Slår dagens måling til, kan ho få fylgje av åtte representantar.

- Det er ei veldig hyggjeleg måling for oss, seier Navarsete.

- Me har lagt fram ei distrikts- og regionalmelding, som slår fast at næringsutvikling, arbeid, samferdsle og kunnskap skal byggje distrikta framover. Det kan ha gitt utslag, men eg vonar at veljarane våre ser det arbeidet me gjer for å skapa gode resultat kvar dag.

Høgre framleis størst

Høgre festar posisjonen som det største partiet i Noreg med ei oppslutning på 32 prosentpoeng og 55 mandat. Saman med Frp, som får 17 prosentpoeng og 31 mandat, sikrar Høgre-leiar Erna Solberg så vidt fleirtal for Høgre og Frp med 85 mandat.

Arbeidarpartiet går attende eitt prosentpoeng frå førre måling til 27,7. For småpartia elles er det små endringar.

- Det må ei stor overrasking til for at dei borgarlege partia ikkje skal sikre seg fleirtalet. Spenningsmomentet fram mot valet vil vera om Høgre og Frp får fleirtal åleine, eller om dei blir avhengige av mellompartia, seier fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Marcus Buck.

Regjeringsslitasje

Dei tre raudgrøne partia får til saman 65 mandat, og er lang unna å sikre seg fleirtalet, som dei gjorde i 2005 og 2009.

- Regjeringa opplev betydeleg regjeringsslitasje. Juniorpartnarane slit mest, men det må nok eit jordskjelv til for at Sp skal hamne under sperregrensa. Sp har eit stabilt grunnfjell, og sjølv om veljarane er misnøgde med partiet har dei ingen andre å gå til, seier Buck.

Han seier Sp sin store styrke er at partiet står sterkt lokalt i mange kommunar.

- Sp har ein stor organisasjon bygd opp nedanfrå. Når det røyner på mot valet, vil det lokale apparatet plukke opp stemmer. SV har svak forankring lokalt, og det har alltid vore SV sin akilleshæl, seier Buck.

Skal synleggjera

Bakgrunnstala i målinga syner at 71 prosent av dei som røysta Sp ved stortingsvalet i 2009 seier dei ville gjort det same i dag. Navarsete trur mange veljarar framleis sit på gjerdet etter brotet i jordbruksoppgjeret i fjor vår.

Les også: Bondelaget stoler på at Vedum gjør jobben

- Mange er nok avventande etter det som skjedde i fjor vår, og Sp har nok lege lågt på målingane. Fram mot valet skal me synleggjera korleis Sp er det einaste alternativet for dei som er opptekne av landbruk, distrikt og bygdenæringar, seier Navarsete.

- Kvar går smertegrensa for Sp i vårens oppgjer?

Les kva Navarsete svarar på dette spørsmålet i
Nationens e-avis for mandag 11. mars.