Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Skulpturen av Vinje sitt hovud som står på Eidsbugarden. Støtta er laga av Ståle Kyllingstad. Foto: Tora Aasland
Skulpturen av Vinje sitt hovud som står på Eidsbugarden. Støtta er laga av Ståle Kyllingstad. Foto: Tora Aasland

Vinje som nasjonsbyggjar

På 150-årsjubileet for dødsdagen til forfattar, journalist og jurist Aasmund Olavsson Vinje reflekterer Tora Aasland over livet hans.

Tora Aasland har halde fleire foredrag om Aasmund Olavsson Vinje, og var ein av fleire planlagde bidragsytarar til det som skulle vera årets markering på Granavollen i regi av Hadeland dialekt- og mållag.

Husmannssonen Aasmund Olavsson Vinje vart født 6. april 1818 i Vinje i Telemark. Han vart hjelpelærar og seminarist, gjekk på Heltbergs studentfabrikk og tok etter kvart juridisk embetseksamen i 1856. Han livnærte seg i studenttida ved å skrive i avis og blad. Mellom anna var han Christiania-korrespondent for «Drammens Tidende» frå 1851 til 1858. Han starta sitt eige blad «Dølen» i 1858, «og sidan skreiv han på norsk». (1)

«Dølen» kom i åtte årgangar, den siste kom i 1870. Vinje døydde 30. juli 1870 og er gravlagd på kyrkjegarden i Gran på Hadeland. Det er 150 år sidan i år. På gravstøtta står det feil dødsdato, 31. juli; ein skulle tru at han heldt på skjemtet og ironien til det siste.

Aasmund var flinkast på skulen, og stod først på kyrkjegolvet, saman med ein annan flink husmannsson som nummer to: «Han va’kji håge i hatten, gamle pastoren i dag, då husmannssønine måtte stande fremst på kyrkjetili.» (2)

«Eg liten var, fyrr eg vart stor det er den gamle laaten.» (3)

Som stor vart Vinje ein av våre viktigaste nasjonsbyggarar, ein åndshøvding med velutvikla tvisyn og sjølvironi. Theodor Kittelsens teikna Vinje som ei strifuru, og mange ser nok den tvisynte Vinje som ein fritt-talande opprørar.

Tora Aasland held tale på 17. mai 2017 på Granavollen ved Søsterkirkene der A. O. Vinje er gravlagd. Foto: Ingvill Sørensen
Tora Aasland held tale på 17. mai 2017 på Granavollen ved Søsterkirkene der A. O. Vinje er gravlagd. Foto: Ingvill Sørensen

Nasjonsbygging: Dølen som varemerke

Det aller første Stortinget la grunnlaget for folket sin fridom og sjølvstende da Grunnloven blei vedteke 17. mai 1814 på Eidsvoll. Ein radikal ung nasjon fekk ein solid start med rotfeste i verdiar som likskap, rettferd og folkestyre. Sjølv med berre 13 sider i Norges Lover er Grunnloven eit ruvande verk for oppbygginga av ein nasjon og for utviklinga av folket sitt fellesskap.

Det fellesskapet som er rotfesta i Grunnloven handlar både om rettsstaten og demokratiet. Men fellesskapet har også ein annan dimensjon: vår historie, språk og kultur. Dersom nasjonsbygginga skal gi meining og gjenklang, pågangsmot og styrke til samvirke, så må også språket og kulturen ha best mogleg vilkår. Dette er aktuelt og i vår eiga tid. I Aasmund Olavsson Vinje si tid var det heilt avgjerande at nokon tenkte slik.

Nasjonsbyggjaren Aasmund Olavsson Vinje drog til Kristiania og vart bondestudent. Han er skildra av sjølvaste nasjonalsongskalden Bjørnstjerne Bjørnson i 1876 i diktet «Gamle Heltberg» slik: «Lang og slåpen, i halvdrøm, på ytterste linje, sat og grundet for seg selv Aasmund Olavsen Vinje». Vinje var fattigguten som blei jurist og bladstyrar, diktar og samfunnsengasjert fjellelskar. Vinje forstod kor viktig språket var for nasjonsbygginga. Samstundes var han kritisk til nasjonal smålegskap, og meinte at det norske må brytast med all god lærdom frå utlandet.

Vi meina og tru, det gjævaste er / at vera ein Noregs mann.

Ja, denne Heimen os fyrst er kjær; / men vita vi må at den store verd er berre vårt store Fedreland

Dei største Tankar vi alltid få / af Verdens det store Vit; men desse Tankar dei brjotast må, / lik stråler af Soli, som alltid få i kver si Bylgje ein annan lit (4)

Nasjonsbygginga skaut fart etter 1814, og med frigjeringa frå Danmark i 1814 og frå Sverige i 1905. vaks den norske sjølvkjensla. Nasjonsbygginga skjer framleis: materielt og kulturelt og språkleg. Men det var de første åndshøvdingane som gjekk opp løypa.

For sjølv om Norge blei frigjort frå dei formelle bindingane, var de kulturelle framleis der. Ikkje minst til Danmark, og ikkje minst når det gjaldt språket.

«Vinje vart ein samlingsfigur for norskdomsrørsla i siste halvdel av 1800-talet. Der han naturleg tok plass mellom Ivar Aasen og Arne Garborg.» (5)

I omtala av Vinje som ein av de viktigaste åndshøvdingane, eller stridshøvdingane, er det naturleg å nemne ein som var før han og ein som kom etter. Ivar Aasen, fødd året før Grunnlova, fann det norske språket, Aasmund Olavsson Vinje, født 4 år etter Grunnlova, tok det norske språket i bruk i «Dølen», og Arne Garborg, født 37 år etter Grunnlova, førte det heile vidare, og tok både debatten og kulturen over i det neste hundreåret. Og i dag: i det 21. hundreåret, kan vi takke dei alle og fleire til, og spørje om vi klarer å ta vare på denne arven på en god måte.

Jubileumskonserten i Tingelstadkirken med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad i 2018, då det var 200 år sidan A. O. Vinje blei fødd. Foto: Knut Sterud
Jubileumskonserten i Tingelstadkirken med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad i 2018, då det var 200 år sidan A. O. Vinje blei fødd. Foto: Knut Sterud

««Dølen» er som et bind av det norske folks dagbok.» (6)

Aasmund Olavsson Vinje ga ut fyrste nummeret av «Dølen» i 1858. Det var det fyrste bladet som ble skreve og redigert på landsmål, noko som vart banebrytande både for nynorsken og for nasjonsbygginga. I første nummer skriv han:

«Vi må få vårt mål atter. I 1814 sette folket liksom den eine foten fram til fart; den andre må koma etter.» (7)

Og Vinje held fram med «Dølen og språket»:

Dølen veit ikkje rett kva mål han skal mæla..

Her talast dansk, og hvert eit ord,

det snører til vårt tungebånd

og jagar frå vår fedres jord

den store sterke norske ånd

Hver vise er eit ledamot

i klaven kring den norske fot

«Vaart Folk i Trældom længe gjekk

Med Sorg firutan Sæli,

Men som det att’ si Frihet fekk,

So maa det faa sit Mæli» (8)

Vinje gjekk vidare enn bladstyrararbeidet: han fekk nærleik til folket ved å ferdast rundt i landet. Han skjøna at det måtte utviklast mange og ulike uttrykk for det norske målet, og språket måtte målbere tankar og interesser som var til gagn for folket Garborg førte vidare ideane og arbeidet som Aasen og Vinje hadde starta.

«Vinje, denne sermerkte, djervt skjemtesame, sorgmilde skalden, var husmannsson frå Telemark slik som Aasen var leiglendingsson frå Sunnmøre. Og Aasen var, om ikkje namngjeven, med i «Dølen».»

Grunnlaget som Aasen hadde lagt, var også grunnlag for «Dølen». Sjølv om Garborg aldri møtte Vinje, har han skildra Dølen sjølv i «Bondestudentar» kor Daniel Braut på eit møte i Studentersamfundet fekk sjå og høyre «denne norske villmannen som det gjekk so mykje drøs om, og som skreiv so flirande og ravgali på sitt ravgalne mål i det ravgalne dølabladet sitt.» (9)

Frå Kristiania til Trondheim

Omgrepet «landsmål» var elles oppfunne av Ivar Aasen, då han rekna med at det norske skulle vere for heile landet. Om omgrepet «riksmål» skriv Sylfest Lomheim:

«Ironisk nok, men i høgste grad i pakt med den skjemtegaukens ånd, skal det vera landsmålsjournalisten Aasmund Olavsson Vinje som har den første dokumenterte bruken av ordet riksmål. Det skjedde i reportasjeboka «Ferdaminne» (1861), der han ein stad skriv om ein stortingsmann frå Møre at «han var god til at ganga paa Revaklør, som i Riksmaalet er merkt med dei ord at vera «politisk» og «diplomatisk». (med noe negativ lød)». (10)

I 1859 heldt Vinje 17. mai-tala på Eidsvoll. Det var den fyrste 17. mai-tala som vart framførd på landsmål. Året etter, i 1860, samla han like godt stoff til Dølen ved å gå frå Kristiania til Trondheim for å fortelja om kroninga av den svensk-norske kongen Karl XV. I staden for ein kjendisreportasje frå kroninga, vart «Ferdaminni» ei skildring av land og folk, av fjell og bygder, ei skildring som hev vorte ein del av fellesarven. Meir enn i «Ja, vi elsker» skildrast det norske folk sin kjærleik til fjell og natur. Det barske ved fjellet og naturen kjem sterkt fram i den mest kjente songen frå denne reisa: «No ser eg atter slike fjell og dalar» (11) , og med inspirasjon frå same reisa er diktet «Vaaren» (12) ei av våre nasjonalskattar. Begge desse dikta er praktfullt tonesett av Edvard Grieg.

Skribent og journalist Ruth Alvsen skriv i ei herleg lita bok «Ferdaminne 100 år etter» frå 1960 med skildring frå same strekning:

«Vinje, du skulle som snarast ha glytt opp or torva og sett oss osa av stad til buss og til tog, med tunga ut or kjeften for å koma tidsnok, eller springa for livet for ikkje å koma for seint på jobb!... Kvar me gjer av tida me har vunne inn med alle våre tekniske framsteg? … i alle høve blir det ikkje noko «ferdaminne» av». (13)

Skildringa av natur og fjell i «Ferdaminne» gjev naudsynt kunnskap om korleis nasjonen Norge såg ut i oppbyggingstida, sjølv om målet for reisa var kroninga av ein svensk-norsk konge. Men skildringa av folket Vinje trefte undervegs, er kosteleg lesing. Frå opninga med jarnvegen til Eidsvoll og Kongsvinger, møte med bønder og byfolk, levande skildringar av skinnfellen og grauten på Grut, med eimbåt frå Orkdalsøyri til Trondheim, og til det fyrste synet:

«ikkje av Trondheim, men av ei fager dame på dekket, det var blankt, det. Det var lykka det var so manntjukt at der kom sky framføre soli, so eg ikkje vart glimen i augo.» (14)

I Trondheim skildra han meir sendelaget frå Stortinget:

Annonse

«det var so utruleg små menn mest alle saman, at det såg ut som eit sendelag frå dvergheimen, og ikkje frå det norske folk.» og anna folkeliv enn sjølve kroninga som «var med stor drust og dramb».

På heimvegen drog han sjølvsagt via Stiklestad til Innherad og Sundnes kor diktet «Fagrefjord» ble til og kor folk, som fleire andre plasser i landet har eit spesielt eigarskap til Vinje.

Vinje og Grieg

Som journalist og skribent var Vinje modig og frekk, og difor ein forløpar til den kritiske og avslørande journalistikken som er vanleg i dag.

«Liver eg min alder ut, so skal der nok vera ei Stripe efter meg, som forteller at eg hever livt.» (15)

Og han forma sitt eige ettermæle i forslag til stykke om seg sjølv i «Norsk Forfatter- Lexicon»:

«Du vil sjaa, at eg hever skrivit spøkjande i mit Livnadslaup. Eg skynar ikki, korleides nokon kann skriva um sjølve seg utan «Ironi» eller rettare Skalkeherming (Parodi).»

Ironien kjem godt fram i dette vesle diktet frå 1862:

At gjera andre små

Si Livsens Gjerning Mange gjorde

paa slik ein Vis, som tidt me sjaa:

Dei tru seg sjølv at gjera store

med det, at gjera Andre smaa (16)

Songen si styrke

Songar og dikt har alltid vore konstruktive motkrefter mot elite og overmakt. Song skapar samhold og styrker fellesskapet. Sjølv om songopplæringa i skulen er svekka i dag, er dei fleste Vinje-songane godt kjent. Takka vere Edvard Griegs interesse for desse dikta, var mange av dei tonesett av den fremste komponisten i den norske nasjonsbygginga. (17)

Mange av Vinje sine dikt, har eit politisk eller kritisk uttrykk. «Blåmann» (1860) er eit forsvar for geita i høve eit lovframlegg i Stortinget, «At far min kunne gjera» (1868) er eit dikt framførd i Studentersamfundet som skyts mot svenskane: det var viktig å få fram styrka hjå dei norske fedrane, og «Kunnskap skal styre rike og land» (1859) er mykje brukt i folkehøgskulane.

Dei mest kjende dikta med Grieg sin tonesetting: «Våren» og «Ved Rondane», er klassikarar vi i Norge er stolte av. Både Grieg og Vinje si spennvidde visast og i diktet «Tyteberet uppå tuva». Vinje syner og det kjenslevare i diktet «Den dag kjem aldri».

Fjellet og naturen

Vinje sin kjærleik til fjellet er nesten sakral: fjellet er forsonande og heilande. «Forsona kom atter gamle tankar / det same hjarta er som eldre bankar», seier han i Ved Rondane.

Som ihuga fjellelskar var han med på å starte «Den Norske Turistforening». Han skreiv i den fyrste årboka i 1868, og han fekk del av ei hytte på Eidsbugarden: Vinjestova. «Pantebrevet» står på vers i årboka for 1869.

Han var på fjellturar kvart år frå 1864 og til han døyde. Det året han døyde, 1870, kom han ikkje lengre enn til Gran på Hadeland, men rett før han døyde den sumaren, skreiv han ei lengtande skildring av utsikten frå Falketind.

Tora Aasland ved frukosten på Granavolden gjæstgiveri. Aasland har halde mange foredrag om A. O. Vinje. Foto: Ragnar Torbergsen
Tora Aasland ved frukosten på Granavolden gjæstgiveri. Aasland har halde mange foredrag om A. O. Vinje. Foto: Ragnar Torbergsen

Nasjonsbygging: fridom, menneskeverd og miljø

Vinje snakka om fridom. Talen hans på Eidsvoll 17. mai 1859 sto i Dølen «tvo dager for tidleg, Men so kan Lesaren få tid til å læra henne utanat, og det hever han godt av…..»

«Når folket kan tala og lesa greitt og heimagjort, so vil det finna seg sjølv; det vil finne sanning og «Sanningi skal gjera dykk frie». Då vil her koma friheitsvisor og talar som gjeng folket til merg og bein. Fyrst då vil den 17. mai verta ein folkefest, for di folket då veit kva dagen hev på seg. Lykkelege er dei som lever då!» (18)

Husmannsguten frå Vinje i Telemark gjorde ei ferd som nedskriven og tonesett styrka det norske folk si tru på seg sjølve. Han sette ord på folkets kjærleik til natur og kultur. Han brukte ord frå det norske språket. Og han tok heile nasjonen, historia og kulturen med seg.

Han trudde på fjellet og fjell-livet som den beste medisin for sjel og sinn. Vinje ville verdsett våre tiders engasjement for miljø og berekraft. Den fornya Grunnlova er supplert med viktige miljøparagrafar: lær om naturen, lær om kva som er farleg for natur og menneske – og ta vare på naturen og miljøet for framtida!

Aasmund Olavsson Vinje og dei andre nasjonsbyggarane har lagt grunnlaget. Og grunnlaget er dokumentert gjennom songar, musikk, og tekst med alvor og skjemt, med kritisk blikk på seg sjølv og andre. Takk, Vinje!

Fotnoter:

(1) Ivar Handagard: Aasmund Vinje «Lyriske dikt» 1910

(2) Landsverk 1998, sitert i Olav Vesaas «A. O. Vinje» 2018

(3) «Dølen» 1865, Storegut 1866

(4) «Nationalitet», «Dølen» 1860

(5) «Dølen» 1860

(6) Wilhelm Keilhau, gjengitt i Vesaas 2018

(7) Dølen, 10. oktober 1858

(8) «Dølen» 1858

(9) Arne Garborg «Bondetudentar» 1883

(10) Sylfest Lomheim «Språkreisa» 2007

(11) Ved Rondane 1861

(12) Publisert 1864

(13) Ruth Alfsen: «Ferdaminne 100 år etter» 1960

(14) Ferdaminne frå sumaren 1860, utgitt 1861

(15) Brev til Aslak Vinje 186, gjengitt i Vesaas 2018

(16) «Dølen» 1867

(17) Sjå «Dikt med melodiar av Edvard Grieg», Vestmannalaget 2018

(18) «Dølen» 1859

Neste artikkel

Kulturminnefondet vil gi støtte til veteranbiler: – Endelig blir også gamle kjøretøy kultur!