– Eg synest det er gøy med planter som har ei historie, seier Anita Koren og viser rundt i den skrånande hagen sin i Ullevål hageby i Oslo, der mange av plantene er «arva» frå familie, venner og kjende. Ho er ein av dei som har meldt på hagen sin til arrangementet «1000 opne hagar» søndag 28. juni. Her inviterer private hageeigarar over heile landet alle interesserte til å komme og ta ein titt.
For Koren har arrangementet resultert i både nye planter og vennskap.
– Eg har ein morosam staude som heiter blomstervandrar. På eit open hage-arrangement for nokre år sidan kom det ei dame hit som sa ho hadde same planten, berre i ei anna fargesjattering. Så då bytte vi. Henne har eg framleis kontakt med, fortel ho.
Hyggjeleg hageprat
For Koren blir årets arrangement det tredje i rekkja.
– Det byrja med at eg gjekk på «1000 opne hagar» i dei flotte kolonihagane i nærleiken her. Det var veldig hyggjeleg, så eg bestemde meg for å melde på hagen min neste gong, fortel ho.
Som sagt, så gjort. Men då arrangementet nærma seg, fekk ho kalde føter.
– Eg vart nervøs for at hagen min ikkje var fin nok, og melde meg av igjen. Men året etter understreka Hageselskapet at hagar av alle slag var velkomne til å delta, så då torde eg likevel, fortel ho.
Det vart ei positiv oppleving.
– Det kom ikkje veldig mange, men til gjengjeld fekk eg god tid til å prate med dei som kom, fortel ho.
Hagen hennar er ein rein prydhage som ho har bygd opp litt etter litt i dei over tretti åra ho og mannen har budd der.
– Eg er glad i litt gammaldagse sortar av roser og staudar. Dei siste åra har eg òg prøvd meg på georginar, fortel ho.
Gratis og for alle
Det er Hageselskapet som står bak arrangementet. Inspirasjonen kjem frå Sverige og Danmark.
– Særleg i Danmark er dette stort, fortel prosjektleiar for «1000 opne hagar» og nettredaktør i Hageselskapet, Jens Fremming Anderssen.
– Hensikta med arrangementet er å vise fram det ein får til i hagen, og dele hageerfaringar. Ein treng på ingen måte ha ein perfekt hage – dei fleste hagar har litt rufs, seier han.
På arrangementet kan ein melde på alle slags typar hagar, anten ein har spesialisert seg på nyttevekstar eller har ein rein prydhage.
Anderssen understrekar at ein ikkje treng å vere medlem av Hageselskapet for å delta, verken for å melde på hagen sin eller for å besøkje andres hagar.
– Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi i Hageselskapet legg til rette med plakatar og anna materiell, men det er hageeigarane sjølv som er arrangørar, seier han.
Trass i namnet «1000 opne hagar» er det vanlegvis rundt 200 hagar som deltek på arrangementet. I år er det noko færre på grunn av koronasituasjonen. Hageinteressa er det likevel ikkje noko å seie på.
– Denne våren har det verkeleg vore ein eksplosiv auke i interessa for hage generelt. Eg har aldri sett så mykje aktivitet i hagane rundt om som i år – det kjem til å vere mange frodige hagar i sommar, og ikkje minst mange eigendyrka grønsaker som kan haustast til hausten, seier han. Og legg til at det særleg er dei unge som har vorte meir interesserte i kjøkkenhage og dyrking.
Besøkshagar året rundt
Hageselskapet har fleire lokallag i alle fylka i landet, og «1000 opne hagar» blir i utgangspunktet arrangert over heile landet. Hageselskapet har ein søkbar database over alle hagane som er påmelde, slik at du kan finne ut om det er nokon i nærleiken av der du bur.
– På nettsida vår finn du i tillegg oversikt over såkalla besøkshagar. Det er hagar som kan besøkjast også elles i året – både private hagar, museum og meir kommersielle hageanlegg, fortel han.
Er du hageinteressert, burde det med andre ord vere gode moglegheiter for å kunne bruke litt av noregsferien til å hente hageinspirasjon. Og er du nysgjerrig på hagen til naboen, skader det ikkje å spørje om å få ta ein titt.
– Det hender stadig vekk at nokon stoppar opp og slår av ein prat når eg held på i skråninga her. Det er berre hyggjeleg, dei fleste hageeigarar liker jo å snakke om hagen sin, seier Koren.
Opne hagar elles i året
Det er ikkje berre under arrangementet «1000 opne hagar» du kan kike innom andres hagar. På Hageselskapets sider finn du oversikt over såkalla besøkshagar, både private hagar og meir profesjonelle hageanlegg.
Databasen er søkbar, slik at du enkelt kan finne besøkshagar i nærområdet ditt. Nokre av hagane har faste opningstider, andre er opne etter avtale.
I tillegg har fleire hagerelaterte foreiningar, som til dømes Den norske Rhododendronforening og Norsk Roseforening, medlemmer som opnar hagane sine for interesserte.
Vil du besøkje ein botanisk hage, finn du slike hageanlegg i både Pasvik, Oslo, Bergen, Sandnes, Kristiansand, Tromsø, Trondheim og Stavanger, i tillegg til ein fjellhage på Dovre.
I tillegg finst det mange flotte museumshagar rundt om i landet.