Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjå video: Desse geitene kan sin køkultur

Ein må fint vente på tur når eit kaldt bad kan vera konsekvensen av pressing i køen.

Éin etter éin kryssar geitene demningen. Foto: Privat

Når geitene skal heim til fjøset på stølen ved vatnet i Tyssebotn på Osterøy for å bli mjølka etter ein lang dag ute i fjellet hender det at dei må konsentrere seg litt ekstra. For å kome til enkelte beite må dei nemleg krysse ein demning der vatnet er regulert. Av og til er vatnet høgt, slik det var på torsdag.

Berit Ophus. Foto: Privat

Verre på mjølkerampene

Annonse

– Dei er stø til fots, men gruar seg når dei må stige over på ein liten stein. Dei er redde for å hamne i vatnet, seier Berit Ophus. Ho driv garden Bernes på Osterøy saman med mannen Lars Tyssebotn og borna Guri og Bjørn Ådne.

Geitebøndene har om lag 80 mjølkegeiter og 30 vinterfôra gamalnorske spælsauer. Dei leverer mjølk til Tine på Byrkjelo, yster brunost og lagar forskjellige typar spekemat.

– Geitene likar ikkje å vasse, men det hender at dei blir skubba uti og symje til land, seier Lars.

– Det er verre når dei skal inn til mjølkerampene, då har dei ikkje denne typen køkultur, ler Berit.

Geitene på stølen i Tyssebotn. Foto: Privat

Neste artikkel

Stølsdrift med hjarte for geiter