Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utsikt er gull verdt

God utsikt kostar i snitt 5–10 prosent meir enn å sjå inn i ein vegg. Med tida kan også ein vegg opplevast som ei fantastisk utsikt, men det gir neppe utslag på bustadprisen.

Draumen er å sjå ut utan sjølv å bli sett. Det er nok å feste blikket på frå denne enga utanfor Narvik. Foto: Bjørn Jørgensen / Samfoto

– Det første vi gjorde, var å byte ut stovevindauget, fortel Trine Albrigtsen.

Huset i Rypefjord sør for Hammerfest hadde stått tomt i to år. Det var forfalle, tomta var attgrodd, men utsikta var slåande. No har alt fått eit ansiktsløft, og huset blir lagt merke til.

– Du ser jo heile verda, du, seier folk som kjem på besøk. Vi har ingen framfor og ingen ved sida av oss. No føler eg at alt eg ser, er mitt eige. Havet og fjella gir ei utruleg ro. Vi bruker mykje tid på å følgje med på vêr, vind og nordlys, og eg tek masse bilde, seier Albrigtsen.

Verdiauke

– Generelt sett reknar vi med at ein bustad aukar 5–10 prosent i verdi dersom han har god utsikt, seier Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret, som blant anna analyserer bustadmarknaden.

Eit søk på uttrykket ''fantastisk utsikt'' hos Finn.no i august gir 1385 treff blant dei 20.000 bustadene som ligg ute til sals. Det store fleirtalet av norske bustadannonsar inkluderer ei eller annan form for skildring av utsikta. Men kva ligg bak når utsikta blir skildra som fantastisk?

– Det skal ikkje mykje til før folk som skal selje ein bustad, skundar seg med å vise fram utsikta, fortel eigedomsmeklar Dan Gunnar Søyland hos Krogsveen i Stavanger.

– Ofte er den heilt minimal, og det er ikkje alltid ein legg merke til den – sjølv om den betyr mykje for dei som bur på staden. Det kan vere det vesle sjøglimtet dei får kvar morgon når dei set seg ytst på kjøkenstolen for å ete frukost. Mange gonger har det svært lite å seie for taksten.

– Men det er jo ein fin ting at ein ikkje må ha mykje pengar for å bu ein stad som har høg verdi for ein sjølv, seier Søyland.

I nye bygg blir det gjerne lagt ekstra kvalitetar til toppetasjane. Prisforskjellen kan vere stor på leilegheiter med og utan utsikt. Foto: Lars Aamodt, Aftenposten

Høg etasje, høg pris

Medan nokre ser for seg bølgjande åkrar, eit roleg vatn eller ein livleg bekk, ynskjer andre seg dramatiske fjell, ville skogar eller vegar dei kan følgje med blikket heilt ut i horisonten. For dei meir urbane kan ''fantastisk'' vere det same som med ein pen park med livlege kafear – for ikkje å gløyme terrassen der ein ser byen ovanfrå, med hustak som skiftar farge og trafikk som skiftar puls gjennom døgnet.

Der utsikta er slåande frå første stund, er prisforskjellane store. Tydelegast ser ein det i nye bustadprosjekt. Nye bygningar blir plasserte tett, noko som gir stor forskjell på utsikta og dermed også stor forskjell på prisane til nokolunde like leilegheiter i ulike etasjar. På 1950-talet, då blokkene blei plasserte med meir luft, lys og grønt mellom seg, hadde folk i fleire etasjar større glede av uteromma.

– I ei blokk kan differansen på ein identisk leilegheit i prisklassa 3,5–4 millionar liggje mellom ein halv million og 750.000 kroner på grunn av utsikta, seier Torbjørn Lie hos Krogsveen i Stavanger.

Han slår fast at kombinasjonen sjøutsikt og panoramautsikt er ein vinnar.

– I området Sunde i Stavanger, som er tilgjengeleg for ei relativt stor kjøpargruppe, kan ein bustad i første rekkje med utsikt ved sjøen koste 10–12 millionar, medan ein identisk bustad i andre rekkje kan koste 7,5–8 millionar.

Dagens utbyggjarar gir også gjerne ekstra kvalitetar til dei leilegheitene som ligg best til i eit kompleks, ved å gjere dei større, leggje til ein takterrasse eller plassere leilegheita på eit eller fleire hjørne av huset. Sørenga og Tjuvholmen er typiske døme frå Oslo.

Vi vil ha kontroll med kven som kan sjå oss.

Morten Clemetsen, professor

Pris viktigast

Det er i hovudsak prisen som avgjer om vi kjøper ein bustad eller ikkje. Utsikta kjem eit stykke ut i vurderingane. Det viser Prognosesenterets undersøking Future Living frå 2017.

Annonse

Dette avgjer bustadvalet:

1. Pris

2. Størrelse og planløysing

3. Plassering

4. Solforhold og utsikt

– Har folk moglegheit til å velje akkurat det dei ynskjer seg frå dei tre øvste punkta, kan utsikta avgjere valet vidare. Frå USA veit vi at folk kan betale 50–60 prosent meir for ein bustad dersom utsikta er god, seier Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret.

Kjent er kjært

Morten Clemetsen, professor ved institutt for landskapsarkitektur ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), meiner forholdet til ei utsikt utviklar seg over tid. Utsikt sagt å vere ''fantastisk'' kan i røynda vere ei utsikt som ikkje er så spektakulær, men som ein kjenner godt, med lys og lydar ein har lært seg rytmen til, og med dyr, menneske eller små hendingar ein har glede av å følgje med på. Totalt sett utgjer det ei estetisk oppleving som i stor grad handlar om identitet.

– Betyr det at ein kan ha ein god utsikt i ein bakgard?

– Ja, knyter ein gode opplevingar til den, og den ikkje skjemst av til dømes roping, søppel eller skramling i flasker, er det fint mogleg.

– Er det då mogleg for alle å få ei utsikt ein kan kalle god eller fantastisk?

– Utfordringa i dag er at mange opne byrom forsvinn i dei nye store bustadprosjekta. Eg trur det er krevjande for mange å leve i dagens bymiljø der romma stadig forsvinn, seier Morten Clemetsen.

Hytter

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret trur hyttestatistikken er eit uttrykk for at folk føler dei har mista noko i byen. Utsikta er ein viktig del av det.

– Mange unge som bur trongt i byen, kjøper seg hytter no. Dei søkjer til stader der dei kan få meir kontakt med naturen.

Moglegheita til å trekkje seg tilbake er ein viktig faktor for trivsel, seier professor Morten Clemetsen.

– Vi vil ha kontroll med kven som kan sjå oss. Medan utsikta gjer at vi får overblikk og beherskar omgivnadene, gjer tilbaketrekking oss trygge i vårt eige miljø. Vi vil sjå ut, men ikkje sjølv bli sett.

Utsikt kostar, men er vanskeleg å skaffe seg om den ikkje er der frå før. Med mindre ein kan fjerne ting som står i vegen. Det er i så fall inga investering anna enn i eigen trivsel, trur Sølve Bærug ved Institutt for eigedom og juss ved NMBU.

– Høgg ein eit tre som står i vegen, gjer ein det mest for si eiga oppleving, og ikkje for å auke bustadverdien. Ein tenkjer at ein skal fortsette å bu der og nyte utsikta.

I Rypefjord gjekk Trine Albrigtsen og mannen kraftig laus på trea då dei kjøpte huset sitt.

– Eg trur vi felte over 40 stykke. Folk trudde vi var tullete, men vi ville sjå så mykje som mogleg. No ser vi så langt auget rekk, og treng ikkje fancy bilde på veggen. Utsikta er det flottaste bildet eg har, seier ho.

– Å sjå ut heimanfrå gir ei stor ro, seier Trine Albrigtsen i Hammerfest. Med denne utsikta mot fjorden synest ho ikkje at ho treng bilde i stova. Foto: Privat

Neste artikkel

UV-lys fjerner farlige bakterier