Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
GJETARGUT:  Det kvilte eit stort ansvar på gjetarbarna som blei sende av stad åleine i skog og fjell for å passa på husdyra. Her gjetarguten Tormod Trondsgård Sæteren på veg til Fjell-læret, setra til Trondsgård  i Nord-Østerdalen. Biletet er teke i tidsrommet 1923-24.  Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen

Tapre barnegjetarar fram i lyset

Frå mellomalderen og heilt fram til mellomkrigstida blei tusenvis av barn heilt ned i sjuårsalderen sende ut i skog og mark for å verna husdyra frå rovdyr og andre farar. Få brydde seg om korleis dei hadde det. No er ei omfattande historie om barnegjetinga i Noreg samla i bokform.

– På det meste var det 50.000 barn som gjette husdyr i Noreg. Dei hadde eit veldig stort ansvar. I dag ville mange vaksne ikkje greidd den same jobben, meiner forfattar Bernt Gjelsten frå Romsdal.

Saman med Øystein Husebø Nilsen frå Jæren i Rogaland, har han skrive boka «Barnegjetinga i Noreg. Barns oppvekst- og livsvilkår som gjetarar». Ifylgje Gjelsten er boka den mest omfattande boka som er skriven om livet til barnegjetarane i Noreg.

Boka tek føre seg gjetarpraksis i heile landet og viser korleis det var å vera barn i eit førmoderne jordbrukssamfunn. Nokre regionar er likevel meir omtalte enn andre. Agder-regionen, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark er dei områda vi får høyra mest om. Grunnen er at barnegjetinga i desse områda er betre dokumentert enn resten av landet. Trøndelag er òg ein region som er mykje nemnt i boka.

LUR MOT ROVDYR: Å skremma vekk rovdyr var ei viktig oppgåve for barnegjetarane. Barna hadde ikkje så mykje å hjelpa seg med, men nokre hadde med seg ein lur til å blåsa i som denne gjetarguten, Torstein Lien frå  bygda Svatsum i Gaudsdal kommune i Oppland. Biletet skal vera frå rundt 1900.Foto: Gausdal Historielags fotoarkiv.

– Lite kjent og påakta

Gjelsten meiner historia om barnegjeting er svært underkommunisert og lite påakta i norsk kulturhistorie. Å retta på dette har vore ei viktig drivkraft for å skriva boka.

FRAM I LYSET: - Arbeidsinnstatsen til dei mange tusen gjetarbarna som har gått bort, fortener meir enn berre å bli ei attgløyme i historia, seier forfattar Bernt Gjelsten som saman med Øystein Husebø Nilsen har skrive bok om gjetarbarna i Noreg. Foto frå boka

– Arbeidsinnsatsen til dei mange tusen gjetarbarna som har gått bort, fortener meir enn berre å bli ei attgløyme i historia, seier Gjelsten som sjølv hadde ei oldemor som var gjetarjente.

Då dei gjekk i gang med arbeidet var det likevel ingen attlevande av gjetarbarna. I den siste regionane tok denne praksisen slutt på slutten av 1930-talet. Forfattarane har difor brukt mykje tid på å samla inn stoff. Ikkje minst frå i ulike eldre arkiv. Dei har mellom anna lytta til opptak med gjort med barnegjetarar. I tillegg har dei gjort eigne intervju med folk som hugsar det dei fortalde.

– Det er framleis folk som kjenner til dette frå foreldre, besteforeldre og oldeforeldre, men det var heilt på tampen å få samla dette stoffet no, seier Gjelsten.

Prisen for å vera fattig

Praksisen med å bruka barn som gjetarar går tilbake til slutten av mellomalderen, men skaut for alvor fart på 1700- og 1800-talet. Det heng saman med at utmarka blei viktigare i jordbruket og at talet på beitedyr auka kraftig.

– Rundt 1850, då bruken av beiteområde i fjellet og seterdrifta var på det største, var det rundt 50.000 ungar som gjette. Det betyr at fire prosent av den norske befolkninga, som den gongen utgjorde 1,5 millionar innbyggjarar, var gjetarar, seier Gjelsten.

BARNEVANDRARAR: I indre strøk i Agder blei barn frå fattige familiar kvar vår sende heimanfrå for å gjeta og gjera anna arbeid hos meir velståande familiar. Dei kom ofte ikkje heim igjen før langt utpå hausten. Her frå filmen "Yohan - Barnevandrer" i 2010.Foto: Anders Martinsen / Penelope Film

Det var likevel først og fremst barn av fattigfolk som måtte sendast langt heimanfrå for passa dyr i utmarka. Hos storbonden slapp ofte ungane å gjeta.

– Her eg bur gjette barn av sjølveigande bønder slik som husmannsungane gjorde, men i Romsdal hadde husmenn ofte kontraktfesta det å halda gjetar ein dag i veka, presiserer Gjelsten.

Barna var ikkje store før dei blei sende i veg. Allereie som sju-åtteåringar kunne dei få ansvaret for å passa på dyra i den fjerntliggjande utmarka etter først å ha fått opplæring i såkalla heimegjeting av ein bestefar eller eldre sysken. Snittalderen for barnegjetarane var 10–12 år.

Krevjande kvardag

Gjestarsesongen følgje beitetilhøva og varierte difor etter kor i landet ein budde. Sør i Noreg kunne gjetinga starta i midten av april, medan beitet lengre nord ikkje var klart før i mai. Mange stader strekte gjetinga seg til langt utpå hausten. Barnegjetarane måtte difor vera ute i all slags ver. Å kle seg etter vêret slik som i dag, var det ikkje snakk om. Sko skulle ein helst spara på.

Annonse

– Det var heilt vanleg at ein gjetarunge gjekk berrbeint på rimfrosen mark, seier Gjelsten.

Gjetarbarna hadde heller ikkje skikkelege klede som heldt væta ute. Mat kunne det også vera så ymse med.

Samtidig var arbeidsdagane deira ofte lange og slitsame. Gjetarbarna skulle både syta for å finna gode beite, og passa på at dyra ikkje blei tekne av rovdyr, sette seg fast i myrhol, skårfeste eller skadde seg på andre måtar.

GJETARSKO:  For barnegjetarane var det ikkje berre å kle seg etter vêret.  Ikkje mykje varme i desse gjetarskoa frå Namdalsmuseet. Det var heller ikkje uvanleg at mange gjetarbarn måtte gå berrbeint på rimfrosen mark. Foto: Namdalsmuseet

Det var eit ansvar dei tok på stort alvor. Det store fleirtalet var fattige, og barna visste at ei ku eller ein sau betydde mykje for å berga seg. Straffa for ikkje å ha passa på dyra godt nok, kunne vera hard. Det gjorde at gjetarbarn strekte seg langt for å ta vare på dyra. Av og til kunne verken bjørn eller ulv kunne stoppa dei. I Nordfjord skal det generasjon etter generasjon ha blitt fortalt ei historie om ein gjetargut og ein bjørn som stod og drog i kvar sin ende av ein sau over ein bekk.

Kor mange gjetarbarn som blei skadde eller drepne av rovdyr, finst det ikkje statistikk over. Gjelsten fortel likevel at det i fleire kyrkjebøker er dokumentert at gjetarbarn har forulykka eller blitt angripne av rovdyr.

– Det best dokumenterte dødsfallet av ein gjetargut er frå 1906, då ein gut som heitte Johan Sagdalen blei drepen av ein bjørn i Vassfaret.

GJETARRINS:  Når gjetarbarna blei sende av stad hadde dei ofte med seg eit matskrin som dette på ryggen. Kva mat dei fekk med seg kunne variera etter kva heimar  og kor i landet dei kom frå.   Lefsekling, spekekjøt og sild var likevel noko som gjekk igjen.Foto frå boka: Øystein Husebø Nilsen

Langt bort frå mor og far

For nokre barn kunne oppgåva med gjeting bli ekstra utfordrande. Ikkje alle fekk bu heime og gjeta husdyra på eigen gard. Nokre blei også sende langt bort for å gjeta hos framande.

– Det er viktig å skilja mellom gjetarungar som berre gjette for eigen gard og eigne foreldre eller det nærmaste grannelaget, og dei gjetarungane som var reine leigearbeidarar, seier Gjelsten.

Han har funne tre område i Noreg med spor etter barnevandringar der barna blei sende bort for å gjeta.

– Barnevandringane i Agder var definitivt størst, men denne praksisen var også relativt vanleg frå Gudbrandsdalen til Sunnmøre og frå Nord-Trøndelag til Sverige, seier han.

BOK OM BARNEGJETARAR: Jærbuen Øystein Husebø Nilsen har saman med romsdalingen Bernt Gjelsten skrive bok om barnegjetarar i Noreg. Foto frå boka
BOK OM BARNEGJETARAR: Jærbuen Øystein Husebø Nilsen har saman med romsdalingen Bernt Gjelsten skrive bok om barnegjetarar i Noreg. Foto frå boka

Felles for barnegjetarane som blei sende heimanfrå for å gjeta, var at dei var veldig prisgitt bøndene dei kom til. Nokre kom til gode folk, andre gjorde det ikkje.

I tillegg til at mange gjetarbarn blei utsette for audmjukande behandling, kjende mange på ei skam for at dei kom frå fattige og usle kår. Dette var eit sårt og skamfullt tema som mange bar med seg heile livet.

SPOR i SØR: I indre strøk av Agder tvinga stor fattigdom mange familiar til å senda barna frå seg til meir velståande familiar lenger aust for å gjeta og anna gardsarbeid. I dag er den 136 kilometer lange barnevandrarstien blitt tursti. Foto: Mark Flager

Ikkje svart-kvitt

Sjølv om gjetarlivet for mange barn var slitsamt, strekar Gjelsten under at historia om barnegjeting ikkje berre er negativ. Han peikar mellom anna på at det for mange barn truleg var godt å koma litt bort frå pliktene heime og at mange vaks med oppgåvene – sjølv om dei fraus og hadde lite mat. Nærleiken til dyra og naturen betydde også mykje for mange gjetarbarn.

For nokre blei gjetaropplevingane ei kunstnarleg skaparkraft. Gjetarguten og diktaren Aasmund O. Vinje har til dømes gjeve oss den kjende folkevisa «Blåmann», medan diktverket «Haugtussa» av Arne Garborg, handlar om ei synsk gjetarjente på Jæren.

Gjelsten er likevel klar på at gjetarlivet ikkje var like enkelt for alle. Han håpar boka kan vera med å gje eit perspektiv på den innsatsen gjetarbarna gjorde og kor sårbart livet kan vera for barn viss dei ikkje blir tekne skikkeleg hand om. Både den gongen og no.

Neste artikkel

Kommunene skal veie lokale interesser