Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik kan du spionere på dyra utan å forlate stova

Lurer du på kva dyra i skogen gjer når du ikkje ser på? Med viltkamera kan du kikke på villdyr heime i di eiga stove.

SMIL TIL KAMERA: Viltkameraene kan fange opp alt fra ekorn til elg. Man skulle nesten tro denne karen visste at han ble tatt bilde av. Foto:  NINA
SMIL TIL KAMERA: Viltkameraene kan fange opp alt fra ekorn til elg. Man skulle nesten tro denne karen visste at han ble tatt bilde av. Foto: NINA

– Ein kan få auge på alle typar dyr og fuglar! seier Even Hønsen Agerup (25) og ramsar opp:

– Rev, mår, gaupe, grevling, rådyr, elg, hauk, nøtteskrike – og i alle typar terreng, frå nede ved vasskanten til oppe på ein fjelltopp.

Viltkamera blir brukte både av forskarar, fotografar og naturentusiastar. Medan nokon samlar på bilde av ulike pattedyr, kikkar andre på fuglar eller skaffar seg oversikt over kvar dyra ferdast. Ved å skaffe deg ditt eige viltkamera, kan du samle eigne bilde av ville dyr – utan å måtte trø over dørstokken.

– Alle som er glade i dyr og natur, kan bruke eit viltkamera så lenge dei har gode intensjonar, seier Agerup. Sjølv har han nytte av kameraet i jobbsamanheng. Nesoddingen, som er busett på Dovre, jobbar nemleg som naturfotograf og moskusguide på heiltid.

– Eg bruker viltkamera til rein dokumentasjon for å sjå kva dyr som går kvar, og til kva tid, forklarer han.

Agerup har vakse opp med skogen som næraste nabo og fortel at det tidleg vart naturleg for han å ha med kamera på tur.

– Eg har alltid vore fascinert av tanken på kva som skjer når ein ikkje er til stades i skogen. Å ha eit par ekstra auge i skogen, i form av eit viltkamera, er derfor utruleg spennande, seier Agerup.

Fakta

Kva er eit viltkamera?

Eit viltkamera er eit overvakingskamera som blir plassert i utmark for å fange opp dyreliv.

Kameraet har ein rørslesensor. Når det er noko som er varmare enn omgivnadene, og som også går i ei viss sone framfor kameraet, byrjar kameraet å knipse bilde eller ta opp film.

Om natta bruker viltkameraet infraraud blits som dyra ikkje ser. Desse bilda/filmane blir i svart-kvitt.

Bruk av viltkamera er lov så lenge hensikta utelukkande er å ta bilde av dyr.

Kilde: Datatilsynet, forskar John Odden v/Norsk institutt for naturforsking.

Får bilde på MMS

Even Hønsen Agerup kjøpte det første viltkameraet sitt i 2015.

– Sidan den gong har eg alltid hatt viltkamera plassert ute på spennande stadar der eg veit at dyra ferdast, fortel han.

På tidlegare åteplassar har han fanga mellom anna mår, gaupe og hønsehauk på bilde.

– Før var det mest spennande å sjekke viltkameraet med nokre vekers mellomrom, for å sjå om det hadde komme nokre bilde, men no får ein viltkamera som sender deg bilda på MMS. Det er fantastisk å vakne opp tidleg om morgonen og sjekke på telefonen om det har vore noko aktivitet framfor kamera gjennom natta, seier Agerup.

Tiurleik

Ein annan viltkameraentusiast er skogteknikar Erik Berntsen (51) frå Aurskog-Høland. Han har følgt opp tiurleikar på hobbybasis i mange år, og fekk opp auga for viltkamera for seks år sidan.

TIURLEIK: – Viltkameraene gir meg en indikasjon om hvor og når jeg må rigge meg til for å få fine bilder av storfugl, sier Erik Berntsen (51), som har fulgt opp tiurleiker på hobbybasis i mange år. Foto: Mona S. Aarmo
TIURLEIK: – Viltkameraene gir meg en indikasjon om hvor og når jeg må rigge meg til for å få fine bilder av storfugl, sier Erik Berntsen (51), som har fulgt opp tiurleiker på hobbybasis i mange år. Foto: Mona S. Aarmo

– Kameraa gir meg moglegheit til å overvake fleire plassar samtidig, seier Berntsen. – I tillegg får eg ein indikasjon på når leiken er på topp, og der det er mest interessant å dra ut for å ta bilde.

I dag har Berntsen tre viltkamera ståande ute: to på koller der det føregår tiurleik, og eitt på ein stad der det ofte passerer ulv. Sistnemnde kamera er registrerte av Statens naturoppsyn.

– Eg sender dei bilda, så dei kan bruke dei til registrering av dyreindivid og -bestandar, forklarer Berntsen.

Fakta

Kom i gang med viltkamera

Kameraa blir selde både i fotobutikkar og på nett. Mange prisklassar, typisk frå kroner 800 til kroner 5000. Hobbyfotografar klarer seg ofte fint med eit billeg kamera. Du får òg kjøpt kamera som sender deg bilda på MMS og/eller e-post.

Finn ein eigna stad, gjerne eit dyretråkk der det går få menneske, og spør grunneigar om løyve. Unngå veg, sti og skiløype.

Viltkameraet bør helst vere skilta, så folk som passerer, veit at området er overvakt. Det skal òg merkast med personalia.

Kameraet kan du som regel feste enkelt med ei reim til tre, stolpar o.l.

Plassar gjerne kameraet i mellomstor høgd til dyra. Då får du flest dyr og best bilde.

Utlegging av åte blir regulert i eiga forskrift. All fôring av store rovdyr, kongeørn og villsvin er forbode, medan det er tillate for andre artar. Utlegging av åte til bjørn kan Fylkesmannen i enkeltsaker gi løyve til.

Får du bilde av fleire store rovdyr saman? Meld inn til Statens naturoppsyn (SNO)! Rovviltkontakt finn du på naturoppsyn.no. Andre observasjonar kan leggjast inn i Artsdatabankens system «Artsobs».

Kjelder: John Odden v/Norsk institutt for naturforsking, Lovdata.no, naturfotograf Even Hønsen Agerup.

Blir brukt i forsking

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har brukt viltkamera sidan 2011.

– Det starta med forsking på gaupe, fortel dyreforskar John Odden ved NINA.

– Tradisjonelt brukte vi snø for å finne spor etter gaupa om vinteren, men resten av året slit vi med å finne spor. Derfor ville vi nytte nye metodar.

Det viste seg raskt at det langt frå berre var gauper som passerte kameraa.

– Gaupebilda utgjer berre ein brøkdel. Vi får inn ulv, bjørn, jerv, rådyr, mår og rev – dyr i alt frå ekornstorleik og opp til elg, og også villsvin i delar av områda vi jobbar i, seier Odden.

Annonse

NINA har 750 kamera ståande ute til gaupeforsking, pluss fleire til andre prosjekt.

– Viltkameraa ser ut til å fungere for forsking på mange artar, seier Odden.

Også utanfor Noreg er viltkamera brukt særleg på kattedyr. Kvar enkelt tiger og leopard har nemleg sitt eige unike mønster i pelsen. Når kameraa fangar opp dyra, kan ein derfor telje kor mange individ som er innanfor eit bestemt område.

Finn markeringsplassen!

For å få flest og best mogleg bilde av villdyra, har det mykje å seie kvar og korleis du plasserer kameraet ditt.

MMS-VARSEL: – Det er fantastisk å våkne opp tidlig om morgenen og sjekke på telefonen om det har vært noe aktivitet foran kamera i løpet av natten, forteller naturfotograf og moskusguide Even Hønsen Agerup (25). Foto: Jorunn Jørgensen
MMS-VARSEL: – Det er fantastisk å våkne opp tidlig om morgenen og sjekke på telefonen om det har vært noe aktivitet foran kamera i løpet av natten, forteller naturfotograf og moskusguide Even Hønsen Agerup (25). Foto: Jorunn Jørgensen

– Kor høgt du skal hengje kameraet, kjem an på kor vid kameralinsa er, seier Even Hønsen Agerup.

– Det gunstigaste er 15–70 centimeter over bakken, avhengig av dyreart, og helst plassert på eit dyretråkk der terrenget leiar dyra naturleg mot kameraet.

Nokon legg ut åte eller set ut saltsteinar og andre lokkemiddel framfor kameraa for å tiltrekkje seg dyr.

– Det som fungerer aller best, er likevel å finne den naturlege markeringsplassen, tilrår forskar John Odden.

Mange dyr markerer områda sine med lukt og visuelle ting som avføring eller riper i bark. Gaupene markerer ofte rotvelter og steinur.

– Om du finn stadar der rev, gaupe eller ulv markerer, så har du funne ei «gullplassering», meiner Odden.

Forskarane ved NINA har film av mange ulike dyrearter som markerer på den same rota. Når dyra markerer, blir dei dessutan ståande i ro framfor kameraet ei lita stund, så ein får finare bilde av betre kvalitet.

– Tenk òg på sola når du set opp kameraet, rår Odden. – Ikkje peik mot morgon- og kveldssol, det vil gi deg dårlege bilde og mange «feilutløysingar». Vi ved NINA prøver så godt som mogleg å rette kameraa våre nordover.

Av omsyn til personvernlova skal viltkameraet setjast ein stad der ein ikkje forventar at menneske vil passere.

LYS, KAMERA, ACTION! En tidlig septemberkveld møttes disse to hjortene til duell rett foran viltkameralinsen. Foto: NINA
LYS, KAMERA, ACTION! En tidlig septemberkveld møttes disse to hjortene til duell rett foran viltkameralinsen. Foto: NINA

Paringstid

I område med mykje snø vil mange dyr trekkje ned i dalane om hausten, og kameraa bør òg plasserast der.

– I Akershus og Østfold, derimot, vil kameraet fange opp alt kvar som helst, heile året, seier Odden.

Uavhengig av kvar i landet du er, vil årstidene påverke kor store oddsa er for å få bilde av dei ulike dyreartene.

– Om våren, når dyra får ungar, er det minst trafikk, fortel Odden. – I paringstida spring dyra mest! Gaupene spring ekstra mykje rundt i februar, mars og april. Hjort og elg har paringstid om hausten, medan rådyra er litt tidlegare ute.

Ekorn er blant artane du kan få auge på heile året. Dei små kongleetarane er mindre folkesky enn rovdyr, hjortedyr og elg, og lèt etter seg ofte synlege spor som avgnaga kongler.

ELGSEX: Med litt flaks kan viltkameraet ditt fange opp noe ordentlig spennende. Lite visste disse to elgene at de ble tatt bilde av mens de hygget seg. Foto:  NINA
ELGSEX: Med litt flaks kan viltkameraet ditt fange opp noe ordentlig spennende. Lite visste disse to elgene at de ble tatt bilde av mens de hygget seg. Foto: NINA

Dyra ser deg

Viltkameraa viser at dyra sjeldan er langt unna oss, sjølv om vi ikkje kan sjå dei når vi er ute i skogen.

– På kamera har vi mellom anna fanga opp ein diger elgokse som luntar berre fem minutt bak ein familie på tur, fortel John Odden. – Ville dyr er som regel for sky til at vi menneske får auge på dei, men om du er ute og går i skogen, kan det godt hende at det er mange dyr som står og kikkar på deg!

(©NPK)

Neste artikkel

Lokalt jegerforbund tilbyr å søke jordene før slåtten – vil unngå dyredød