Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik gjer du toppturen trygg

Randonee er ein skitrend som har fått fleire til å søka mot snødekte fjelltoppar. Det blir snakka om ein eksplosjon i salet av utstyr og å gå på topptur med ski er blitt kalla den nye folkesporten.

Vind og snøfokk gjer det vanskelegare å snakka saman på turen. Ved slike forhold er det særskilt viktig å ha overskot til å snakka om vurderingar av skredfare og einast om ruta. Foto: Håvard Myklebust

– Inntrykket mitt er at fleire og fleire går på toppturar på ski gjennom heile sesongen. Ein skal ikkje så mange år tilbake før ein berre møtte folk i fjellet i helger og feriar. No møter ein folk omtrent kvar dag, seier den erfarne skikøyraren og fjellføraren Christer Lundberg Nes.

Toppar som før berre blei besøkte om sommaren, har no blitt populære vinterdestinasjonar. Men det er ikkje utan risiko å ferdast i vinterfjella. Nes har skrive boka «Skikompis. Snøskred og trygg ferdsel», som no har komme ut i ei ny og oppdatert utgåve, og han ser eit klart behov for kunnskap om turplanlegging, vêr og skredfare.

– Det viktigaste er å vurdera terrenget og å setja seg inn i skredvarslinga på varsom.no. Det er også viktig å unngå feller i terrenget, seier Nes.

Fakta

Dette må du ha med

Utstyr: toppturski, bindingar, støvlar, stavar og feller

På kroppen: ull inst, eventuelt eit mellomlag av fleece eller liknande. Ytst har du eit vasstett skal eller vindtett softshell. Det blir fort varmt å gå oppover, så ikkje ha på for mykje klede i starten. Ta heller på ekstra klede for å halda varmen i pausane og under nedkøyringa. Ei dunjakke er god å ha. Hugs lue, hanskar og/eller vottar!

I tillegg til eit ekstra skift, bør du ha dette i sekken på topptur:

Turspade (metall)

Søkjestong

Kart og kompass

Sendar/mottakar

Førstehjelpsutstyr og vindsekk

Reperasjonssett (duct-tape, stråtråd, bindingsskruar, multiverktøy, gummistroppar eller strips)

Skarejern: når det er bratt og vanskeleg å få feste

Klatresele, stegjern og isøks: når turen går over bre og/eller går i bratt terreng

Hjelm

Slalåmbriller (goggles) og/eller solbriller

Mat og drikke: Ta med litt ekstra i tilfelle turen tar lengre tid eller enn berekna, eller du blir sitjande fast i dårleg vêr

Kjelder: «Trygge toppturer», «Skikompis», Visit Norway

Feller i naturen

Terrengfeller er formasjonar der skiløparar lett kan bli fanga og gravlagt under snøen eller der eit skred kan føra deg inn i område med stein og tre.

– Det kan vera kløfter, bekkedalar og elvejuv, der skred kan losne frå små brattheng eller bratte sidekantar. Sjølv små skred i dette terrenget kan gjera at ein blir gravlagd under djup snø, forklarer skibokforfattaren som har hausta mykje erfaring frå fjella på Sunnmøre.

Stup og skavlar kan også gjera at du blir tatt at skredmassane og fell utanfor. Ei terrengfelle kan også vera ein brå overgang mellom bratt og mindre bratt lende. Der kan snøen frå eit skred stoppa opp og du kan blir gravlagt under snøen.

– Mange av dei som døyr i skred døyr på grunn av mekaniske skadar ved at dei treffer tre eller stein. Tenk derfor gjennom vegvala dine og kva konsekvensane av eit snøskred vil vera, oppmodar Espen Nordahl og Erlend Sande i boka «Trygge toppturer».

Dersom det er ein toppskavl på fjellet er det ofte vanskeleh å vurdera kvar fjellet sluttar og kvar skavlane heng over stupet med fare for å brekka av. Legg sporet med god avstand til skavlar, dei kan vera større enn ein trur. Foto: Stig Løland

Få, men fatale ulykker

Annonse

Det finst ulike typar skred, og det er flakskred som drep flest folk i friluftssamanheng. Årsaka er måten flakskred oppfører seg på. I «Skikompis» skildrar Nes det som om du står på eit teppe som blir dratt vekk under deg.

– Flaket knekk og smuldrar raskt opp, noko som gjer at ein skiløpar blir tumla inn i snømassane som i ein vaskemaskin.

Dei siste ti åra har 70 personar døydd i snøskred, viser tal frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) og Varsom.no. Over 90 prosent av dei døydde på tur, som NGI definerer som ferdsel i naturen på fritida eller jobb.

– Med tanke på kor mange som ferdast i fjellet og at talet på skredulykker har halde seg relativt stabilt og lågt dei siste åra, må kunnskapen til dei fleste vera god, konkluderer Christer Lundberg Nes.

I komplekst terreng kan du ikkje unngå skredområde.

Christer Lundberg Nes, skikøyrar og fjellførar

Terrenget avgjerande for kunnskapen

Vurdering av terrenget er viktig for trygg ferdsel i vinterfjellet. Nes deler terrenget i ulike klassar for kor skredfarleg det er.

– I snilt terreng kan du unngå skredområde. I komplekst terreng kan du ikkje unngå skredområde, og då må du vita mykje meir om snøen i området, seier han.

Han knyter seg tett opp til det internasjonale klassifiseringssystemet for snøskredterreng ATES, Avalanche Terrain Exposure Scale. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) jobbar for tida med ein norsk variant av dette systemet kalla KAST. Målet er at hjelpa fjellfolk til å velja rett tur etter evne og forhold den dagen turen skal gjennomførast, opplyser NVE.

– Skal du til dømes gå frå hytte til hytte i fjellheimen, treng du ikkje gjera same vurdering som om du skal stå på ski i ei bratt fjellside, seier Nes.

Noko av det mest avgjerande er likevel å velja tur etter evne. Faktorar som kjennskap til og kunnskap om utstyr, evnene til folk i turfølgjet, når på året og kvar turen blir gjennomført påverkar kvarandre gjensidig, minner «Skikompis» oss om.

Og før du legg ut på tur med skikompisen din, kan du dagleg sjekka snøskredvarselet på Varsom.no. Det kan du gjera heilt fram til 31. mai.

Det er viktig å planlegga turen og ruta ein vil følgja til toppen. I planlegginga inngår også å dela forventninga til turen slik at gruppa kan tilpassa seg og gi alle ein fin tur, foreslår skiguide og forfattar Christer Lundberg Nes. Foto: Bård Basberg

Neste artikkel

Stadig fleire vil ha ein bit av den norske utmarka