Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Lånet er stort, men den første leilegheita er i boks. Julie Jahr er glad ho byrja å spare tidleg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Lånet er stort, men den første leilegheita er i boks. Julie Jahr er glad ho byrja å spare tidleg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Prisen på eit bustadlån

Lån på fleire millionar og 30 års betalingstid. Forstår bustadkjøparane eigentleg kva det kostar dei?

– Eg kunne ganske lite då eg drog til banken første gong. Men eg hadde førebudd meg godt, og hadde med ei heil liste med spørsmål og eit forslag til budsjett.

Julie Jahr var 24 år og klar for bustadkjøp. Banken tilbaud eit lån på inntil 2,1 millionar, og ho byrja å leite etter leilegheit.

Kanskje kan ho takke både familie og oppvekst på Romerike for at ho søkte seg til eit område utanfor Oslo. På Rælingen, drygt to mil unna hovudstaden, fekk ho ein fin toroms for 2,42 millionar.

Pussa opp

Den første vinteren er på hell, og sollyset i ferd med å krype tilbake på verandaen. Stue og kjøkken er pussa opp og måla i ein djup grøn farge, med kjærkommen hjelp frå nevenyttige familiemedlemmer. Leilegheita har vorte ein stilig og gjennomført hòle, med selvpolert golv og heimelaga lamper over kjøkkenbordet.

Fakta

Råd om bustadlån

Jorge Jensen, fagdirektør for finans i Forbrukarrådet, trur førstegongskjøparane har gode føresetnader for å legge opp løpet riktig.

– Dei er generelt flinke til å sjekke vilkår og moglegheiter. Unge menneske er òg attraktive for bankane, og blir sjeldan rundlurte. Vala banken gir dei, handlar først og fremst om fast eller flytande rente og kor lang tid ein skal bruke på å betale lånet tilbake.

Lang eller kort tid?

Jensen minner om at ein truleg vil bu fleire stader seinare i livet, og følgjeleg ta opp fleire nye bustadlån etter kvarandre. Det kan med andre ord hende at du vil innfri det første bustadlånet ditt lenge før det har gått 30 år.

Jensen meiner òg at lang nedbetalingstid av og til er heilt greitt.

– Med låge månadlege avdrag blir det ingen stor belasting for hushaldsøkonomien.

Ellen Katrine Nyhus, seniorforskar i NORCE, meiner likevel det er lurt å sjå på det låge rentenivået som ei moglegheit til å betale litt ekstra på avdraga.

– Då vil belastinga på hushaldsøkonomien av ein eventuell renteauke seinare bli mindre.

Fast rann?

– Viss du er utrygg på kva som skjer med inntektene og utgiftene dine i tida framover, kan du velje fast rente på lånet som ei slag forsikring, meiner Jorge Jensen. Han nemner redusert stilling som eit døme på eit livsval ein kan komme til å ta seinare, som ein ikkje tenkte på då lånet vart teikna.

– Er ein ung, kan ein likevel tenke på at inntekta sannsynlegvis stig med åra.

Hugs at renta når du inngår eit fastrentelån, er høgare enn ho er for eit lån med flytande rente.

Flytande rente?

Renta kan stige og søkke, og over tid må du vere førebudd på å tole å betale ein god del meir enn du gjorde i starten. Men det er ikkje sikkert du blir nøydt. Flytande rente er eit sjansespel, men slik som renta er no og truleg ei god stund framover, ser det ikkje spesielt risikabelt ut å velje flytande rente.

Rammelån?

Eit fleksilån eller rammelån tilbydast som regel låntakarar som har betalt minst 60 prosent av bustaden. Rammelånet gjer det mogleg å auke lånebeløpet opp til ein fastsett sum.

– Ver obs på at renta er litt høgare for desse låna, seier Jorge Jensen.

Bad og gang får vente.

– Eg oppheld meg jo ikkje så lenge der. Og det ser heilt greitt ut sånn som det er no, seier Julie.

Tre av fire forstår

Berre tre av fire av dei spurde i ei ny undersøking om kunnskapen til nordmenn om finansielle tema forstår fullt ut effekten av å betale ned eit bustadlån raskt. Undersøkinga er utarbeidd av Kantar TNS for forskingssenteret NORCE, med støtte frå Econa og Finansmarkedsfondet.

Til påstanden om at ein totalt sett betaler mindre i renter på eit lån med løpetid på 15 år enn for eit tilsvarande lån med løpetid på 30 år, men at ein betaler meir i månaden om ein betaler ned lånet raskt, svarte 72 prosent at påstanden er riktig (korrekt svar), medan rundt 12 prosent meinte at påstanden er feil. Heile 14 prosent visste ikkje.

Ei av mange blokker på ein solrik ås utanfor Oslo. Her ville ho bu. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Ei av mange blokker på ein solrik ås utanfor Oslo. Her ville ho bu. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Blant dei som ikkje hadde erfaring med bustadlån, var det færre som svarte riktig (68 prosent) enn blant dei som har eller hadde hatt bustadlån (74 prosent).

– Heldigvis er det slik at forståinga for effekten av løpetid er høgare blant dei som faktisk har eller har hatt bustadlån, enn blant dei som ikkje har det, seier Ellen Katrine Nyhus, seniorforskar i NORCE.

– Likevel er det oppsiktsvekkjande at nesten 24 prosent av dei som har eller har hatt bustadlån, svarer feil eller ''veit ikkje'' når dei blir spurde om påstanden er riktig. Då kan ein lure på om dei forstod konsekvensane av lånekontrakten dei skreiv under på.

Med låge månadlege avdrag blir det ingen stor belasting for hushaldsøkonomien.

Jorge Jensen, fagdirektør for finans i Forbrukarrådet

Erfaren og uerfaren

Blir dei totale renteutgiftene for eit lån lågast med 10, 20 eller 30 års løpetid? På dette spørsmålet svarte 5,1 prosent av mennene og 13,7 prosent av kvinnene ''veit ikkje''.

Riktig svar er 10 år. 86 prosent av dei som har eller hadde hatt bustadlån, oppgav dette som svar, medan 74,5 prosent av dei som ikkje hadde erfaring med bustadlån, svarte rett.

Annonse

Skilnadene på korleis kvinner og menn forstår konsekvensen av løpetida på lånet, liknar i grove trekk på skilnaden mellom folk med og utan erfaring frå bustadlån. Menn svarer i større grad riktig, og i mindre grad ''veit ikkje''.

Sparing: Møblar og utstyr til kjøkkenet var også ein del av sparinga før leilegheita blei kjøpt. Elles kunne utgiftene blitt store då ho flytta inn. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Sparing: Møblar og utstyr til kjøkkenet var også ein del av sparinga før leilegheita blei kjøpt. Elles kunne utgiftene blitt store då ho flytta inn. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Lågt forbruk

Julie Jahr byrja med bustadsparing for ungdom då ho var 18. Det var mormora som sparka det i gang, og Julie følgde opp med å setje inn feriepengar, ekstra lønn og ubrukte deler av studielånet.

Etter vidaregåande byrja ho rett på sjukepleiarstudiet. Den siste tida før ho kjøpte leilegheita, budde ho heime hos foreldra – med ein meir eller mindre uttalt plikt til å spare til eigen bustad. Med nokre pengar ekstra i gåve klarte ho å skrape saman nok eigenkapital.

– Eg har alltid vore glad i å spare og aldri hatt noko høgt forbruk, seier Julie.

Lånet hennar har ei nedbetalingstid på 30 år. Ho veit godt at det lønner seg å gjere den kortare.

– Det er jo mogleg no som renta er låg, men eg gjer ikkje det i dag.

Skattefrådrag

Når ein skal rekne ut kostnadene ved å ha bustadlån, må ein ikkje gløyme skattefrådraget. Betaler ein renter på eit bustadlån, blir skatten lågare.

– Det gjer jo lånet billegare, og det er gunstig, seier Rune Pedersen, redaktør i Smarte Pengar.

– Rentekostnaden blir 22 prosent lågare sidan dette er skatteeffekten av rentefrådraget.

Betaler du 100.000 kroner i renter, betaler du eigentleg 78.000 kroner, når du tar i betraktning den skatten du sparer.

Dei siste åra har likevel verdien av rentefrådraget gått ned. I 2013 var effekten av rentefrådraget 28 prosent.

For eit lån på 2,1 millionar med 2,2 prosent rente, sparer du i dag rundt 10.000 i skatt for den renta du betaler gjennom eit år.

Eg har alltid vore glad i å spare og aldri hatt noko høgt forbruk.

Julie Jahr (24), leilegheitseigar

Ta det på alvor

25 år gamle Julie Jahr har komme seg godt inn på bustadmarknaden – trass mykje snakk om at det nesten ikkje er mogleg.

– Eg trur nok det er viktig at det blir framstilt som vanskeleg, seier ho.

– Det er ikkje alle som skjønner at ein må gjere ein ganske stor innsats sjølv. Det er berre å byrje å spare – òg på møblar og ting som ein treng. Nokon får seg endå eit sjokk når dei får lyst til å flytte for seg sjølv.

Neste artikkel

Slik vil Bondelaget måle inntektsnivået til bønder