Annonse
EGET DRIVHUS: Jack Rogers (23) er en av dem som har blitt bitt av plantebasillen det siste halvåret. Her er han i drivhuset han har satt opp i kjelleren sin. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
EGET DRIVHUS: Jack Rogers (23) er en av dem som har blitt bitt av plantebasillen det siste halvåret. Her er han i drivhuset han har satt opp i kjelleren sin. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Plantefeber: Grøne plantar har vorte rådyre samleobjekt

Med koronaviruset kom òg plantegalskapen til Noreg. Stiklingar og «brukte» potteplantar blir no auksjonerte bort på internett for tusenvis av kroner.

– Det er med sjeldne plantar som det er med bilar og designvesker, seier Jack Rogers (23), ein av dei som har vorte biten av basillen.

Sjølv har han både kjøpt og selt plantar på Facebook-auksjonar, og meiner det er verd å betale ein del for dei plantane han har mest lyst på.

– Prisane har auka mykje, særleg for sjeldne plantar. Butikkane får rett og slett ikkje tak i nok av dei sjeldnaste plantane, noko som opnar for at folk som har dei, kan auksjonere dei bort, seier han.

KONTOR: Jack Rogers er omgitt av grønne planter når han jobber hjemmefra. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
KONTOR: Jack Rogers er omgitt av grønne planter når han jobber hjemmefra. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Heilfrelst

På berre sju månader har Jack mellom anna laga drivhus i kjellaren og fylt heimen sin til randa med potteplantar. Den britiske 23-åringen importerer sjølv tropiske plantar frå andre stader i verda, og ønskjer å bidra til å skape ein større marknad for desse her i Noreg.

– Dette starta som ei koronainteresse, fortel han.

– I starten brydde eg meg ikkje noko om tropiske, sjeldne plantar, men eg likte veldig godt det å dyrke og ta vare på noko. Så byrja eg å setje meg meir inn i det, og dess meir eg las, dess fleire interessante ting lærte eg. I mai starta eg intagramkontoen Just Jacks Jungle, og så balla det på seg.

VARMT: Enn så lenge får denne Anthurium magnificum-planten kose seg i drivhuset, der den har nok av lys, varme og fuktighet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Tema
VARMT: Enn så lenge får denne Anthurium magnificum-planten kose seg i drivhuset, der den har nok av lys, varme og fuktighet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Tema

Med godt over 300 plantar i huset, er det vanskeleg å tru at Jacks interesse for vekstane har vakse fram berre det siste halvåret. Potteplantane, den eine større enn den andre, har snike seg inn i omtrent kvart einaste rom i huset. Dei fleste har han importert frå Thailand og Indonesia, og han har òg teke fleire titals stiklingar frå dei han har importert.

Stiklingane står først og fremst inne i drivhuset, der både temperatur, lys og luftfukt etterliknar eit tropisk klima. Her kan dei vekse like godt heile året, utan påverknad frå den norske vinteren.

– Vi kallar gjerne drivhuset for «barnehagen». Eg har plantane her til dei blir akklimatiserte og stabile, før dei kan gå vidare inn i huset, blir gitt bort eller selde, seier han.

Rush på finn.no

At fleire enn Jack Rogers har vorte plantefrelste under pandemien, er det liten tvil om. Kommunikasjonsrådgivar hos finn.no, Linda Glomlien, kan fortelje om ein enorm auke i talet på søk på ord som mellom anna «stikling» og «monstera» i 2020, samanlikna med fjoråret. Den sistnemnde planten har til dømes vorte søkt opp heile 45.000 gonger på Finn hittil i år, mot 7800 gonger i heile 2019.

Også den delvis kvite, sjeldnare versjonen av denne planten synest å vere i vinden for tida: Med eit raskt søk dukkar det opp fleire annonsar der Monstera variegata blir seld for nærare 6000 kroner. Jack Rogers fortel at dei karakteristiske blada er delvis kvite på grunn av klorofyll-mangel.

– Det kvite på blada tek ikkje til seg sollyset, så resultatet er ein plante som veks saktare og toler mindre enn den grøne varianten. Denne planten er derfor ganske mykje sjeldnare enn den grøne varianten.

Fakta

Jacks beste stikling-tips

1. Når du tek ein stikling frå planten din, identifiser vekstpunktet (det punktet der blad, knoppar eller greiner veks ut), og kutt av under dette. Ha med nok av stilken under vekstpunktet til at du har litt å gå på viss uhellet er ute og han byrjar å rotne. Då har du nemleg høve til å kutte bort litt, og framleis ha ein stikling som kan vekse og bli ein plante.

2. Plassar stiklingen i romtemperert vatn som dekkjer vekstpunktet. Lat han stå i eit middels lyst og ganske varmt rom. Det kan ta nokre dagar eller veker før røtene gror ut, så vêr tolmodig. Byt ut vatnet regelmessig for å halde det friskt og reint.

3. Når røtene veks ut, vent til dei er ca 5–8 cm lange før du set stiklingen i jord. Pass på at jordblandinga drenerer godt. God plantejord blanda med kokosfiber og perlitt gir eit vekstmedium som passar godt for mange standardplantar.

4. Viss du ser etter stiklingar eller avleggjarar, hugs å lese deg opp på førehand. Sjå på kva slags behov planten har, og kva prisar han vanlegvis går for. Hugs at ein ikkje er nøydde å kjøpe stiklingar til skyhøge prisar!

Samleobjekt

Tidlegare i år skreiv Dagbladet om Henrik Skådinn (31), som hadde betalt rundt 10.000 kroner for nettopp ein Monstera variegata . Han fortel til NTB at han forstår at folk reagerer på ein slik pris, men samanliknar hobbyen med det å samle på kunstverk, frimerke, myntar eller andre samleobjekt.

– Det er på ein måte eit paradoks at dette skaper så store reaksjonar, samtidig som vi aksepterer at kunst blir seld for langt meir enn produksjonsverdien. Sjeldne plantar som er vanskelege å få tak i, blir som samleobjekt, meiner han.

SAMLEOBJEKT: Henrik Skådinn (31) har betalt rundt 10.000 kroner for sin Monstera variegata, og sammenlikner det å samle på planter med å samle på kunst. Foto: Privat
SAMLEOBJEKT: Henrik Skådinn (31) har betalt rundt 10.000 kroner for sin Monstera variegata, og sammenlikner det å samle på planter med å samle på kunst. Foto: Privat
Annonse

– Plantar blir kanskje mest sett på som litt meir folkeleg. Nokre får ein tak i for ein billeg penge på daglegvarebutikkar, og mange har vakse opp med lærdommen om at stiklingar helst skal stelast for å ha best sjanse for å overleve. Derfor har ein nok gjerne ei forventning om at plantar skal vere billege.

Skådinn er ikkje i tvil om at trendar påverkar prisane på plantar, og at plantetrenden blir driven av at mange viser fram dei sjeldne plantane sine på sosiale medium. Desse blir dermed ekstra attraktive.

Risikabel import

Blomsterbutikkane har ikkje klart å møte den auka etterspurnaden etter sjeldne plantar. Dette er éin av grunnane til at Jack har valt å importere plantar sjølv, og grunnen til at han ønskjer å gjere endå meir ut av hobbyen sin.

– Eg gjekk frå å like plantar til å ønskje å starte ein plantebutikk for sjeldne plantar her i Noreg. Det er ein stor risiko for folk å importere sjølv, fordi det kan skje at plantane ikkje kjem fram, eller at dei døyr eller bli skadde på vegen, seier han.

– I tillegg har ein sjølv ansvaret for at plantane er fri for skadedyr og andre sjukdommar, og dei treng tid til å tilpasse seg eit norsk klima. Viss dei er dyrka fram her i Noreg, er den delen av jobben allereie gjort.

VARIEGATA: En av de dyreste, mest ettertraktede plantene for tiden, er den variegerte monsteraen. Selv har Jack Rogers gitt bort stiklinger gratis. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
VARIEGATA: En av de dyreste, mest ettertraktede plantene for tiden, er den variegerte monsteraen. Selv har Jack Rogers gitt bort stiklinger gratis. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Arena for planteglede

Ein annan som har ønskt å gjere sjeldne plantar meir tilgjengelege, er Tonje Fiskaa Håvak (35). Sjølv er ho busett i Trondheim, og byrja i fjor sommar å interessere seg meir for plantar. Då ho ikkje syntest tilbodet i resten av landet matcha det i Oslo, bestemde ho seg for å starte ei gruppe for auksjonar av grøne plantar.

LAGET GRUPPE: Tonje Fiskaa Håvak opprettet i fjor Facebook-gruppen Grønne planter - auksjoner, da hun følte at det var vanskelig å få tak i de plantene hun ville utenfor Oslo. Foto: Therese Aamodt
LAGET GRUPPE: Tonje Fiskaa Håvak opprettet i fjor Facebook-gruppen Grønne planter - auksjoner, da hun følte at det var vanskelig å få tak i de plantene hun ville utenfor Oslo. Foto: Therese Aamodt

– Eg hadde sett ei Facebook-gruppe for auksjonar av éin spesiell plantesort, og ønskt å starte ei gruppe med fleire typar, fortel Håvak.

– Eg tenkte auksjonar kunne vere ein kul måte å gjere det på, også for å sjå kva slags prisar folk er villige til å betale for ulike plantar. I tillegg er det ikkje alle som verken har Instagram eller kjenner folk med same interesse, så for mange er Facebook-grupper ein fin arena for å dele planteglede.

Håvak har opplevd at nokre er skeptiske til private sal der prisane skyt i vêret, men fortel at ho har fått flest positive tilbakemeldingar på gruppa. Særleg folk som bur rundt i distrikta set pris på tilbodet.

– Viss du er kjempeinteressert i noko, uansett kva hobby du har, er du jo gjerne meir positiv til å betale meir for det. Nokre av dei sjeldne plantane krev òg at du må lære meir om plantestell, og nettopp den læringa er noko av det mange synest er så gøy.

– Ikkje ein konkurranse

Ein fordel med den aukande interessa for sjeldne plantar, meiner Håvak, er at butikkane gradvis byrjar å ta inn eit større utval. Ho har òg inntrykk av at fleire planteleverandørar har starta nettbutikk det siste halvåret, noko som har spesielt mykje å seie for folk utanfor storbyane.

– Dette er ei positiv utvikling, som gjer hobbyen tilgjengeleg for fleire. Viss tilbodet aukar, vil dette òg avgrense dei høge prisane, seier Håvak.

STIKLINGER: Tonje Håvak har både kjøpt og byttet til seg planter og stiklinger via sosiale medier. Her er noen få av stiklingene hun har tatt selv. Foto: Therese Aamodt
STIKLINGER: Tonje Håvak har både kjøpt og byttet til seg planter og stiklinger via sosiale medier. Her er noen få av stiklingene hun har tatt selv. Foto: Therese Aamodt

Håvak får støtte av Jack Rogers, som legg til at interessa for plantar ikkje skal vere ein konkurranse.

– Ein skal ikkje trenge å føle eit press for å få tak i dei aller sjeldnaste plantane. Eg opplever plantemiljøet som veldig inkluderande, og gir sjølv ofte bort stinklinger gratis til venner og kjende, seier han.

– Eg synest det skal vere ein hobby alle skal ha råd til å ta del i. Kva som er populært, går òg veldig i bølgjer. Så kven veit? Kanskje er det nettopp nokre av dei dyre plantane som blir auksjonerte bort i år, som blir selde billeg på Rema neste år.

(©NPK)

Neste artikkel

Ho vart send heim til ei mor som ikkje ville ha henne