Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt blikk på gamle bedehus

Det finst over 3000 bedehus kringom i Noreg. Mange av dei er eit resultat av ein bedehusboom mot slutten av 1800-talet. Bedehusrørsla er likevel ikkje det ho ein gong var. Fotograf Erlend Berge kjente seg kalla til å dokumentera denne delen av norsk kulturhistorie – før det var for seint.

Brødskiver med egg og sild, røyrstolar som kunne koplast saman og den karrige tomta bedehuset stod på. Kvart år blir eit tital bedehus lagde ned. Mange stader står berre minna att.

– Eg har sett ei tydleg fråflytting frå bygdene og då er bedehusa eitt av offera. Før var det gjerne eit bedehus i kvar grend slik at folk kunne komma seg til dei til fots. Husa blei gjerne bygde før bilen kom. Men no står det for mange bedehus i fråflytta grender, og det er ein av grunnane til at dei blir selde eller rivne, fortel fotograf Erlend Berge.

Eit bedehus for sal

Berge har i boka Sjå, eg kjem snart! gjort ein innsats for å dokumentera ein bedehuskultur i endring. Det starta med ei reportasjereise for avisa Vårt Land for nokre år sidan. Søreide bedehus utanfor Bergen var lagt ut for sal på Finn.no. Berge blei fasinert av bileta i annonsen.

– Det var noko med fargane, tapetet og teppet som gjorde at me blei veldig interessert. Då me reiste derifrå sa eg til journalisten at dette skal bli bok, fortel Berge. Bedehuset er i dag forsamlingshus for Den russisk ortodokse kyrkja i Bergen.

Eg har sett ei tydleg fråflytting frå bygdene og då er bedehusa eitt av offera.

Eitt av offera

Berge har sjølv vakse opp med bedehusmiljøet som ein naturleg del av kvardagen. På Heia bedehus i Ryfylke var det sundagsskule, gutelag og basarar.

– Men eg hadde aldri tenkt på bedehuset som så visuelt og så estetisk fascinerande. Eg såg at dette var ei historie som ikkje var fortald tidlegare, ingen fotografar hadde gjort det før, og det måtte gjerast før det var for seint, fortel fotografen.

Rød bedehus, Hordaland.Foto: Erlend Berge / Bedehusland.no

Bubilturné blei bok

Det blei starten på ein om lag 16.000 kilometer lang bedehusturné i bubil. Berge har besøkt alle fylka i Noreg og portrettert ein kulturskatt som er i ferd med å bli borte.

Turen starta i Ryfylke og gjekk vidare gjennom Sunnfjord, inn i Sogn, Sunnmøre og gjennom Romsdal, Nordmøre og vidare nordover gjennom Trøndelag og Nordland.

– Bibelbeltet blir ofte plassert i sørvest, frå Sørlandet til Vestlandet, med beltespenna i Egersund, men bedehusa ligg også tett på Troms-kysten, seier Berge. I Finnmark, ved det austlegaste bedehuset i landet, snudde han bubilen og køyrde sørover igjen.

Det blei ei reise i eit overraskande variert bedehusland med lokale forskjellar.

– Dette er gjerne hus som er bygde på dugnad. Folk i bygdene har sjølv vald fargane, interiøret og skapt eit religiøst rom som ikkje har sitt like. Eg trur at det norske bedehuset står for ein unik estetikk som ein ikkje finn nokon annan stad. Til dømes er måleria som heng over talarstolen måla av lokale kunstnarar, som har gjort det på hobbybasis. Bibelske motiv er gjerne tolka inn i ein lokal setting med fjorden og fiskeskøytene ein kan sjå ut vindauget. Dette er ein type kunst som er unikt for bedehusa.

Sion Gyland, Vest-Agder.Foto: Erlend Berge / Bedehusland.no

Lèt bileta fortelje

Annonse

Det første bedehuset i Noreg blei bygd på Hjelmeland i Ryfylke i 1840, og glansperioden til bedehusa var frå 1870 til 1970. I boka tar Berge eit augneblikksbilete av stoda i bedehuslandet Noreg. Han vil dokumentera endringa og forevige denne delen av norsk kulturhistorie. Dokumentarprosjektet er ei subjektiv blikk på denne endringa, forklarer fotografen.

Boka Sjå, eg kjem snart! inneheld 148 bilete av 112 bedehus frå bubilturneen til Berge. Tittelen på boka er henta frå kapittel 22. 12–13 i Johannes' openberring. Bileta er utan tekst, anna enn namna på bedehusa og fylka dei ligg i.

– Det var ein idé eg hadde tidleg om at dette skulle vera ei rein fotobok. Eg ønskte ikkje at teksten skulle stå i vegen for tolkinga av bileta. Dei skulle vere opne for dei som ser dei og folk skal kunne leggja sine eigne historier i bileta.

Rypdal bedehus, Møre og Romsdal.Foto: Erlend Berge / Bedehusland.no

Forfattar Gaute Heivoll og kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo i Vårt Land har også bidrege til boka. Heivoll har forfatta ei novelle og Walgermo skriv om kulturhistoria. Desse tekstane kjem i eit lite hefte som er stukke inn i fotoboka. Innstikket har elles ei liste over alle bedehusa som er fotografert, når dei er bygde og ein tekst om prosjektet, skriven av fotografen sjølv.

– Dei fleste bileta blei tekne i fjor sommar. Utvalet er gjort på premissane til fotografiet. Det skal vere eit godt fotografi og så ønskte eg at alle fylka skulle vera med i boka. Eg har ønskt å lage ei forteljing frå reisa frå start til slutt. Det har vore viktig med variasjon i uttrykk og finna bilete som held seg over tid.

Fotograf Erlend Berge har dokumentert bedehus i heile landet. Det har blitt til boka Sjå, eg kjem snart!Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Eg ønskte ikkje at teksten skulle stå i vegen for tolkinga av bileta.

Bilet-tolking

Utanpå kjem også boka til å skilje seg ut. Ho er trykt på eit slags stoff som skal gi kjensla av å ta på eit tapet. Ein kan både sjå og kjenne på bedehusestetikken som fotografen vil formidla.

– Det er i aller høgste grad eit fysisk produkt, fortel Berge.

Det vakre ved bedehusa

Det er ikkje berre sjølve bedehusa som skil seg frå kvarandre, skjebnen deira er også ulik. Nokre bygg blir selde, andre blir til fritidsklubbar, nokre blir rivne og eitt bilete i boka viser eit bedehus som i dag tener som sauefjøs.

– Eg har også besøkt mange hus som er i bruk og der det er eit levande bedehusmiljø. Det har vore viktig å dokumentera den sida – juletrefestane, basarane, konfirmasjonane, seier Berge.

Fosen bedehus, Rogaland.Foto: Erlend Berge / Bedehusland.no

Bileta er utan folk. Det har vore eit viktig poeng for Berge.

– Dette er ein dokumentar om den eldre bedehusestetikken, forklarar han.

Fotografen har ikkje blitt skremd av arbeidet med det store prosjektet.

– Dette har vore ein ny måte å jobba på, å jobba med langsiktige dokumentarar. Eg ser absolutt etter å gjera liknande prosjekt igjen. Eg trur det er mykje som ikkje er fortalt frå norske forsamlingshus rundt om, seier Berge, som elles er løyndomsfull om planane framover.

Neste artikkel

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) vil løfte bylandbruket til nye høyder