Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
OPPTOG: Julenisselauget samlet til opptog på Karl Johans gate en tidlig januarmorgen i forbindelse med Santa Claus Winter Games for noen år siden.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
OPPTOG: Julenisselauget samlet til opptog på Karl Johans gate en tidlig januarmorgen i forbindelse med Santa Claus Winter Games for noen år siden.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Nissane sitt eige forbund

Norske julenissar er sjølvsagt fagorganiserte. I Julenisselauget er det viktigaste å gle andre – og i tillegg ha det litt moro sjølv.

– Alle som har ein nisse i seg, kan bli med, seier Ole Bele. Han har i fleire år vore såkalla oldermann, altså leier, i Julenisselauget i Noreg. Foreininga har i dag rundt 60 medlemmer.

– Vi ønskjer å framheve den norske nissen, seier han.

Julenisselauget er opptekne av å spreie glede til både barn og vaksne ved å stille opp som julenissar i ulike samanhengar.

– Foreininga rommar eit mangfald av nissar. Nokre er profesjonelle nissar som tek på seg mange oppdrag, andre er stort sett berre med på dei årlege nisseleikane, fortel han.

I snart 20 år har foreininga arrangert nisseleikar den første helga etter nyttår. Då kan nissane runde av julesesongen med graut, sosialt samvær og konkurransar.

Fakta

Besøk nissen

Julenisselauget er ikkje dei einaste som kan by på «ekte» nissar i Noreg. Her er nokre tips, med atterhald om at helsestyresmaktene gir klarsignal for reising:

Drøbak har lenge vore kjent for mange som staden der nissen bur. Her har han i alle fall postkontor, og får tusenvis av brev kvart år. I tillegg kan ein besøkje Tregaarden's Julehus året rundt.

Savalen har òg bygd seg opp som ein heilårs nissedestinasjon. Her kan du besøkje huset til julenissen, og overnatte i det største peparkakehuset i verda. Du kan sjølvsagt også få treffe julenissen.

Rovaniemi i Finland og Tomteland i Dalarne i Sverige er andre destinasjonar som prøver å trekkje nisseglade barn og vaksne.

Eigne reglar

Foreininga vart stifta i 1992 og er open for alle som føler dei har ein nisse i seg.

– Men vi har laga nokre reglar for dei som vil praktisere som nisse, mellom anna at det skal vere nulltoleranse for alkoholinntak i nissedrakt, fortel Bele.

I år måtte foreininga òg gå ut med eigne smittevernreglar.

– Vi vil spreie glede, ikkje korona, seier han.

I år får ingen barn sitje på fanget, dei må halde seg på god avstand.

– Mange har dessutan droppa nisse i år, mellom anna dei fleste kjøpesentera, fortel han.

OLDERMANN: Ole Bele er oldermann i Julenisselauget. Her sitter han på Hadeland Glassverk, hvor han er fast husnisse. Foto: Privat
OLDERMANN: Ole Bele er oldermann i Julenisselauget. Her sitter han på Hadeland Glassverk, hvor han er fast husnisse. Foto: Privat

Internasjonal konkurranse

Sjølve høgdepunktet for julenissane må kanskje seiast å vere dei nemnde nisseleikane som går av stabelen rett over nyttår. Dei såkalla «Santa Claus Winter Games of Norway» blir arrangerte på Savalen i Innlandet.

Det internasjonale namnet er nødvendig, her samlast nemleg nissar frå heile verda.

– Vi har hatt besøk frå i alt 14 land. Det har kome nissar frå mellom anna USA, Canada, Hongkong, Russland og Japan, fortel han.

Greinene dei konkurrerer i er sjølvsagt nisserelaterte. Konkurransane varierer litt frå år til år, men har mellom anna vore gåvesekk-kasting, hurtigpakking av gåver, sparkcross, sleivkasting og hinderløype med pipeklatring.

NISSEPAR: Både May Ljungqvist og ektemannen Dag er aktive nisser. Foto: NILS BAKKE
NISSEPAR: Både May Ljungqvist og ektemannen Dag er aktive nisser. Foto: NILS BAKKE

Arrangementet er for heile familien, med eigne klassar for både nissefar, nissemor, nissebarn og seniornissar.

I skrivande stund har Bele eit håp om at det blir nisseleikar denne vinteren òg:

– Vi satsar førebels på å gjennomføre, med berre norske nissar, men må samtidig halde ope for at det kan bli avlyst. Vi følgjer FHIs tilrådingar og pålegg.

Annonse
HUSDYR: Ole Bele fôrer reinsdyrene på Hadeland Glassverk. Foto: Privat
HUSDYR: Ole Bele fôrer reinsdyrene på Hadeland Glassverk. Foto: Privat

Starta i barnehagen

Nisseleikane på Savalen var Beles inngangsport til Julenisselauget.

– Det byrja med at eg vart spurd om å vere nisse i ein barnehage, seier Bele, som med det kvite håret og lange kvite skjegg er eit naturleg nisseval.

– Så balla det på seg med fleire oppdrag. På eitt av dei trefte eg ein annan nisse, som inviterte meg til Savalen, fortel han.

Bele har både teke på seg private oppdrag og vikariert på kjøpesenter. Dei tre siste åra har han vore husnisse på Hadeland Glassverk.

– Det var eg også i år, men måtte sitje i eit eige lite hus utandørs, på god avstand frå barna, fortel han.

SAMLING: Julenisselaugets styre samlet til møte. Foto: Privat
SAMLING: Julenisselaugets styre samlet til møte. Foto: Privat

Nissemor i styret

Julenisselauget har sjølvsagt òg kvinnelege medlemmer. May Ljungqvist er nissemor, og sit både i styret til lauget og bidreg med organisering av nisseleikane.

Ho meiner likevel det framleis er tradisjonelle kjønnsroller som rår i nisseverda.

– Det er ikkje til å kome bort frå at det er nissefar som har hovudrolla. Men bak alle gode nissefedrar står ei god nissemor, seier ho.

Ho kom inn i Julenisselauget via ein anna «nissemor» ho møtte.

– Det er veldig sosialt å vere med, med morosame aktivitetar. Du får vere litt barn igjen, seier ho.

Tradisjonell nisse

Ljungqvist tek ikkje på seg så mange oppdrag, men er av og til med mannen sin, som også praktiserer som julenisse.

– Eg er mellom anna med mannen min på julegateopning. I tillegg er eg leiar for Ringsaker Røde Kors, så eg er med på julearrangement i regi av dei. I år har vi nissetog forbi eldresenteret, fortel ho.

INTERNASJONALT: På Santa Claus Winter Games på Savalen samles normalt nisser fra hele verden til nissegrøt og konkurranser. Foto: Privat
INTERNASJONALT: På Santa Claus Winter Games på Savalen samles normalt nisser fra hele verden til nissegrøt og konkurranser. Foto: Privat

Ho har alltid vore ekstra glad i jula, og i den norske nissen med nikkers, heimestrikka ullgenser og raud topplue.

– Det er nissen for meg som er oppvaksen på Hedmarken, seier ho.

Ho oppmodar alle som har ein liten nisse i magen, til å melde seg inn i Julenisselauget.

– Det er gøy og sosialt, i tillegg til at vi lærer av kvarandre, fortel ho.

MORO: Julenisser liker å ha det moro. Her i fartsfylt tevling under Santa Claus Winter Games. Foto: Privat
MORO: Julenisser liker å ha det moro. Her i fartsfylt tevling under Santa Claus Winter Games. Foto: Privat

(©NPK)

Neste artikkel

Her vil Kjersti og Oddmund bygge nytt fjøs – må trolig doble produksjonen