Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
GODE OMGJEVNADER: - Det å vera i naturen og vera omgjeven av planter fyller oss med velvære på underfundig vis, seier psykolog Grethe Nordhelle.Foto: Ellen Johanne Jarli
GODE OMGJEVNADER: - Det å vera i naturen og vera omgjeven av planter fyller oss med velvære på underfundig vis, seier psykolog Grethe Nordhelle.Foto: Ellen Johanne Jarli

Naturen som ladestasjon

Med koronapandemien hengjande over oss og stadig mørkare dagar, er det lett å bli nedtrykt og tappa for energi. Å koma seg ut i naturen kan vera god medisin.

– Både for den fysiske og psykiske helsa vår er det svært viktig å koma ut i naturen, seier psykolog og advokat Grethe Nordhelle.

Ho har skrive fleire bøker om temaet og brukar også naturen som terapi i behandlinga av pasientane sine.

Nordhelle peikar på at omgjevnadene påverkar oss, og at det difor er viktig å velja det som gjer oss godt. Dei positive effektane av å koma seg ut i naturen er mange.

– Det eine er at det er ein heilt annan luftkvalitet og friskare luft. Naturen har heller ikkje dei same stengslene som når vi er inne. At det er høgare under taket og meir ope, er i seg sjølv godt for oss. Det gjer at vi opnar opp innvendig og pustar betre, forklarer ho.

Natur og fysisk aktivitet er også ein god kombinasjon. Den erfarne psykologen er klar på at det å koma seg ut og røra på kroppen alltid er ei god hjelp til å tømma hovudet for tankar og letta på sinnsstemninga.

– Når vi bevegar oss i naturen, vil vi alltid gå nokre hakk opp i sinnsstemning – uansett kor langt nede vi er.

Positivt velvære

Det er nemleg ikkje berre frisk luft og mosjon som er bra med å koma seg ut på tur. Nordhelle peikar på at naturen også har ein roande effekt som verkar positivt på den psykiske helsa vår. Ho samanliknar det med å vera saman med menneske som sender ut positiv energi og gjer oss godt.

– Viss vi er saman med harmoniske menneske, kjenner vi kor godt det er å vera i nærværet deira, medan uharmoniske menneske tappar oss for energi.

På same måten meiner ho plantene i naturen på underfundig vis sender ut positiv energi og fyller oss med velvære.

– Vi kan ikkje sjå det, vi berre føler det. Og følelsane våre gjev oss ein heilt annan kunnskap om livet enn intellektet gjer. Dess meir sensitive vi er, dess meir kjenner vi kor godt det er å vera i naturen. Det betyr at det då er endå viktigare å vera i gode omgjevnader og velja det så ofte som mogleg.

POSITIVT VELVÆRE: Å koma ut i naturen kan fylla oss med gode kjensler på mange måtar.  Foto: Solveig Vikene / NTB / NPK
POSITIVT VELVÆRE: Å koma ut i naturen kan fylla oss med gode kjensler på mange måtar. Foto: Solveig Vikene / NTB / NPK

I pakt med oss sjølve

Ved å lytta til den indre stemma vår for det som er godt for oss, kan vi også bli flinkare til å leva i pakt med oss sjølve og vår eigen natur, meiner Nordhelle.

– Menneske er også natur. Det at vi følgjer den store naturen og lever i pakt med menneskenaturen, er ekstremt viktig. Dess meir vi er med naturen, dess meir finn vi tilbake til det naturlege, utdjupar ho.

I den teknologiske tidsalderen vår med stadig nye tekniske duppedittar, meiner ho det er lettare sagt enn gjort.

– Dess meir vi sit med eit tastatur, dess meir fjernar vi oss frå naturleg livsførsel – og dess meir treng vi motvekta naturen gjev oss, slår ho fast.

Annonse

Mindre stressa og lettare til sinns

Ei undersøking Ipsos har gjort på vegner av organisasjonen Norsk Friluftsliv viser at heile ni av ti følte seg mindre stressa og lettare til sinns etter ein tur i naturen.

– Friluftslivet og naturen er verkeleg ein gåvepakke for oss nordmenn til å ta vare på den psykiske og fysiske helsa vår, sa fungerande generalsekretær Siri Meland i organisasjonen i ei pressemelding nyleg.

GÅVEPAKKE: -– Friluftslivet og naturen er verkeleg ein gåvepakke for oss nordmenn til å ta vare på den psykiske og fysiske helsa vår, seier fungerande generalsekretær Siri Meland i Norsk Friluftsliv.Foto: Norsk Friluftsliv
GÅVEPAKKE: -– Friluftslivet og naturen er verkeleg ein gåvepakke for oss nordmenn til å ta vare på den psykiske og fysiske helsa vår, seier fungerande generalsekretær Siri Meland i Norsk Friluftsliv.Foto: Norsk Friluftsliv

I desse tider med strengare koronarestriksjonar og færre timar med dagslys, meiner ho det er ekstra viktig å koma seg ein tur ut.

– Er du på heimekontor, så unn deg ein tur ut i lunsjen og nyt dagslyset. Forsking viser at sjølv korte turar i naturen har ein roande effekt på hjernen, og at grøne omgjevnader utløyser positive hormon, seier Meland.

Også Nordhelle meiner dagslyset er svært viktig for oss. Det meiner ho arbeidslivet i Noreg burde ta omsyn til.

– I vinterhalvåret burde det vore lagt til rette for at vi kan skuva litt på arbeidsdagen. Då kunne vi ta ein litt lengre lunsjpause og få oss ein tur ut. Særleg dei dagane det er sol.

Skap møteplassar ute!

I desse tider med stadig meir koronasmitte og strengare reglar for å møtast, kan det også vera ein god ide å skapa sosiale møteplass ute, meiner både friluftsorganisasjonen og terapeuten.

– Inviter med ein turvenn eller –venninne. Då blir det å koma seg ut meir forpliktande, samtidig som ein får møtt venner utan stor smitterisiko, oppmodar Grethe Nordhelle.

Ho peikar på at ein ved å ha fleire turvenner kan veksla på kva dagar ein kjem seg ut på tur, samtidig som ein får møtt fleire av dei ein har lyst til å vera saman med.

Strevar du med å koma deg ut, er det elles viktig med ein fast rytme og faste rutinar, forklarer Nordhelle.

– Kunsten er å koma over den første kneiken. Når ein først er kommen i gang blir det lettare og lettare. Til slutt blir det ein lengsel etter å gjera det som er godt.

NY ENERGI: Å koma oss ut på tur i naturen, kan fylla oss med nye krefter og gjera oss lettare til sinns. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
NY ENERGI: Å koma oss ut på tur i naturen, kan fylla oss med nye krefter og gjera oss lettare til sinns. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Stille lading mest effektivt

Sjølv om det er hyggjeleg å gjera ting saman med andre, er dei positive effektane av naturen ifylgje terapeuten likevel størst om ein går åleine.

– Viss du lærer deg å gå åleine, tek du inn mykje meir av naturen. Går du saman med nokon og pratar, er du meir til stades i samtalen. Eitt alternativ kan vera å gå saman og vera stille ein del av turen eller ta ein kopp te og prata etterpå.

Men viss du vil ha optimal effekt av naturen, går du åleine og er stille i naturen. Då blir du lada. I Japan snakkar dei om det å gå i skogen som «eit skogsbad». Du får eit forfriskande bad ved å gå der. Eg kallar det ein psykologisk ladestasjon. Spørsmålet er om vi er like flinke til å lada oss sjølve, som vi er til å lada mobilen?

Neste artikkel

Ho vart send heim til ei mor som ikkje ville ha henne