Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når pressriene kjem på veg til sjukehuset

Av og til er tolv mil altfor langt. Det har mang ei mor frå Vest-Telemark fått erfare. Me har møtt fem av dei. To fødde i ambulansen på veg til sjukehuset. To på jordmorvakta. Den femte ståande i trappa på veg inn.

Alle kvinnene på dette bildet har kvar si fødselshistorie. Felles for dei alle er at borna deira blei fødde på veg til sjukehuset i Skien. Frå venstre: Helena Gjersund, Saamund Omland Brokka, Lisbeth Omland, Annbjørg Omland Brokka, Ellen Moland, Saamund Haugo, Håvard Haugo, Monica Tjønn Lunde, Malin Bjålid og Elin Hamre. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Ein varm junidag heime hjå Helena (31) og Jørn Tjøstolv Gjersund (32) i Eidsborg ligg Olav Gjersund (5 månadar) og smiler i ein vippestol på kjøkengolvet. I januar kom han til verda i full fart. På legevakta i Seljord, tre kvarters køyretur unna.

Håpet var å kome seg heilt til sjukehuset i Skien, to timar unna, men Helena visste lenge at det ikkje var garantert at ho ville rekke fram dit. Storesyster Hanna (2) kom også i ein fei i 2017. Den gong var det rett nok i armane på jordmødrer på sjukehuset éin time etter at dei kom fram.

Gjennom svangerskapet går dei fleste rundt og ser føre seg ein fødsel i ei sjukehusseng. For gravide som ikkje bur i nærleiken av eit sjukehus kan det ofte vera ein annan realitet dei må innstille seg på undervegs.

Helena hadde bruka dei siste månadane før fødsel på å førebu seg. Dei fyrste riene kom i veke 31. Då var ho til observasjon på sjukehuset i fleire rundar, ofte over natta.

– Før han kom hadde eg vore på sikkert ti ultralydar, og difor visste eg at han låg rett i magen. Slik sett var eg ikkje redd for at det skulle skje noko, sidan eg hadde blitt sjekka opp, ned og i mente.

Ho måtte tigge seg til å få kome heim frå sjukehuset nokre gonger. Dei ville mellom anna at ho skulle bli der over jol.

– Då viste dei kanskje litt vel mykje forståing for at det var lange avstandar, ler Helena.

Den blivande tobornsmora har det ein kallar for kort livmorhals, noko ho tidleg fekk vite at kunne spele ei rolle.

– Eg visste jo at eg truleg ikkje kom til å rekke fram, men tok det med ro. Me har jo jordmorvakt, sa eg.

Med beskjed om å knipe att til veke 36 fekk Helena lov til å reise heim att.

– Då den veka kom var det ikkje mykje aktivitet. Det verka som han aldri skulle kome, fortel Helena.

Lisbeth Omland (t.v.), Helena Gjersund og Monica Tjønn Lunde i minuttane etter fødslane sine. Alle tre fødde sønene sine i Seljord, på veg til sjukehuset i Skien. Foto: Privat
Annonse

Medisinsk fødselsregister hjå Folkehelseinstituttet viser at det var om lag 170 gravide som fødde under transport i 2018. I 2009 var det 205. Jamt over ligg det på mellom 160 og 180. Det er om lag 100 planlagde heimefødslar i året.

Så langt i år har det vore tre fødslar i Vest-Telemark utanfor institusjon. I 2018 var det fire. I 2017 var det éin, medan det i 2016 var heile ni gravide som fødde ein annan stad enn på sjukehuset. 2016 var generelt sett eit stort fødeår i Noreg.

Helena og Olav har fått besøk i dag. Fire kvinner frå Tokke og Vinje har tatt turen for å snakke om fødslar. Borna er med. Dei som er fødde på smale ambulansesenger, i vanlege senger – og i trapper.

Dette er fem av kvinnene som står for statistikken i Vest-Telemark dei seks siste åra.

Les historiene deira her:

Her er jordmødrene si side av saka:

Neste artikkel

Ap, MDG, Venstre og KrF er enige om å danne byråd i Bergen