Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reisebransjen vil bli meir klimavennleg

Éin av tre nordmenn lèt miljø styre valet av reisemål. No vil bransjen ta miljøgrep.

Det er de lange flyturene som forurenser mest. Nylig lanserte reisebransjen et veikart for bærekraftig reiseliv, hvor de oppfordrer folk til å reise smartere og mer miljøvennlig.   FOTO: Shutterstock /
Det er de lange flyturene som forurenser mest. Nylig lanserte reisebransjen et veikart for bærekraftig reiseliv, hvor de oppfordrer folk til å reise smartere og mer miljøvennlig. FOTO: Shutterstock /

– Eg har òg floge mykje, fordi det er billeg og lett tilgjengeleg. No tenker eg meg meir om, og føler eg må ha ein god grunn for å reise med fly, seier Sigrid Elsrud.

I 2015 starta ho Togbloggen, ein blogg om både gledene og dei praktiske utfordringane ved å ta tog. I fjor merka ho at klimamedvitet hos reiselystne nordmenn var i ferd med å vakne.

– På bloggen kunne eg sjå det heilt konkret, ved at sida som handla om tog og klima plutseleg var blant dei mest lesne, fortel ho.

Fakta

Tips til miljøvennleg ferie

* Reis kort og godt: Lange reiser gir større utslepp enn korte reiser. Oppdag heller skattane i nærmiljøet i ferien.

* Reis sjeldnare og bli lengre: Byt ut mange korte helgeturar med ein utanlandstur der du blir lenge. Det gir mindre klimagassutslepp og meir oppleving. For mange land er turisme ei viktig inntektskjelde. Vêr bevisst på at du legg igjen pengar der det bidrar mest til lokalsamfunn og miljø.

* Vel miljøvennleg transportmiddel: Det er betre å køyre tog og buss enn bil. Det er betre å køyre bil enn fly. Det beste er sjølvsagt å ta sykkelen fatt.

* Leig i staden for å eige: Er hytteferie eller småbåtferie draumen, finst det mange moglegheiter for leige.

* Byt bustad i ferien: Å byte bustad med andre kan vere ei smart løysing som sparer miljøet ved å avgrense behovet for feriebustader.

* Vel miljøvennleg overnatting: Mange norske hotell er miljømerkte med svanen, miljøfyrtårn og ISO 14001. Reis grønt-guiden gir deg ei oppdatert oversikt over miljømerkte overnattingsstader i Noreg.

* Vel økologiske-, kortreiste og vegetariske matopplevingar: Økoguiden gir oversikt over økologiske gardar, hotell, vandrarheimar, kafear, restaurantar og festivalar som serverer økologisk mat i Noreg.

Tar miljøomsyn

Også reiselivsbransjen har merka at forbrukarane har vorte meir opptatt av miljø. I 2017 oppgav 23 prosent at miljøomsyn var styrande for vala deira av reiseprodukt og reisemål, i 2019 hadde talet auka til 33 prosent.

– Vi ser på alle undersøkingane våre at stadig fleire er opptatt av miljø og berekraft. Å kunne tilby berekraftige alternativ vil bli ein føresetnad for å vere konkurransedyktig, seier leiar for Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.

Førre veke lanserte Virke Reise i samarbeid med reisebyrå og reisearrangørar eit vegkart for eit meir berekraftig reiseliv, med særleg søkelys på reiser til utlandet. Målet er ein nullutsleppsbransje der ein kan reise med godt samvit.

– Bransjen må legge til rette for innovasjon ved mellom anna å bidra til at elfly blir ein realitet, seier ho. Til så lenge meiner ho det ikkje er til å komme bort frå at mange av oss må fly mindre.

– Mange må faktiske endre reisemønsteret sitt. Dei som flyr mykje, bør fly sjeldnare. At sjølv vi i reisebransjen seier at nokon må reise mindre, viser at vi tar klimakrisa på alvor, seier ho.

TOGMÅL: St. Petersburg er et eksotisk reisemål som forholdsvis enkelt kan nås ved hjelp av tog og ferje.  FOTO: Shutterstock /
TOGMÅL: St. Petersburg er et eksotisk reisemål som forholdsvis enkelt kan nås ved hjelp av tog og ferje. FOTO: Shutterstock /

Grønvasking av bransjen

Magnus Helgerud er idéhistorikar med reise som spesialfelt, og har skrive boka «Si meg hvor du reiser, og jeg skal si deg hvem du er». Han meiner den største utfordringa for å få redusert klimagassutsleppet i reisebransjen er å endre folks haldning til det å reise.

– Nordmenn ser det nærast som ein menneskerett å kunne fly på ferie til utlandet eit par gonger i året. Skal ein få til endringar, må det levesettet angripast. Derfor synest eg det er heilt greitt å påføre folk litt flyskam, seier han.

Han er kritisk til forsøket i reisebransjen på grønvasking.

– Eitt av reiseselskapa skriv til dømes om «grønne flyvninger» på sidene sine. Der forklarer dei korleis dei mellom anna alltid prøver å velje kortaste veg og laste flyet på best mogleg måte. For meg høyrest det ut som å beskrive noko ein uansett ville gjort som eit miljøtiltak, seier han.

Eit anna døme på grønvasking er konseptet «økoturisme».

– Det blir til dømes tilbode turar til Australia for å redde Great Barrier Reef. Det er vel heller tvilsamt at det er eit godt miljøtiltak at ein nordmann flyg til den andre sida av kloden for å redde korallrev, påpeikar han.

Framfor lange flyturar oppmodar Helgerud til kortreiste reiser, der sjølve reisa er ein del av opplevinga, og til å bli lengre når du først er ute og reiser, enten det er med fly eller tog.

Sjølv tar han alltid toget.

Annonse

– Men eg skal innrømme at det først og fremst er på grunn av flyskrekk, ikkje flyskam, seier han.

OVERTURISME: Enkelte steder rammes hardt av en stadig voksende turisttrafikk, som her i Venezia.   FOTO: Shutterstock /
OVERTURISME: Enkelte steder rammes hardt av en stadig voksende turisttrafikk, som her i Venezia. FOTO: Shutterstock /

Reis smartare

Det nye vegkartet for berekraft gir råd retta mot både forbrukarane, politikarane og bransjen sjølv.

– Kundane må ta smartare val, samtidig som bransjen må endre seg, seier Bergmål i Virke Reise.

– Det må bli lettare for forbrukarane å sjå kva for alternativ ein har når ein skal ut og reise. Og det må bli lettare å ta gode val, til dømes ved å ta tog i staden for fly, påpeikar ho.

Reisebyrået Berg-Hansen sel over to millionar flyreiser i året. Dei oppmodar kundane til å velje berekraftige alternativ.

– Til privatkundar oppmodar vi om å heller reise på éin lang tur enn mange små. Eller å forlenge jobbreisa med eit privat opphald. Til bedriftskundar foreslår vi alltid eit kortreist alternativ – til dømes å legge teambygging-turen med tog til Hafjell i staden for fly nedover i Europa, seier administrerande direktør i Berg-Hansen, Per Arne Villadsen.

Berg-Hansen har òg gått saman med fleire andre aktørar om å starte den første kommersielle elfly-ruta i verda.

– Målet er at det skal gå elfly mellom Stavanger og Bergen i 2023, fortel han.

MILJØVENNLIG: Sykkel er et miljøvennlig transportalternativ på ferie, men veier ikke opp for utslippene fra en flyreise.   FOTO: Shutterstock /
MILJØVENNLIG: Sykkel er et miljøvennlig transportalternativ på ferie, men veier ikke opp for utslippene fra en flyreise. FOTO: Shutterstock /

Krev meir

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, meiner det er bra at reisebransjen vil gjere det lettare å velje berekraftige reisealternativ. Men ho meiner det vil krevje meir enn det som er skissert i vegkartet.

– Ein er nøydd til å gjere noko med dei lange flyreisene, det er desse som bidrar til desidert mest utslepp i reiselivsbransjen i dag, påpeikar ho.

I vegkartet frå Virke blir særleg privatpersonar oppmoda til å tenke gjennom sitt eige reisemønster.

– Bransjen må passe på å ikkje legge alt ansvaret over på forbrukaren. Eg skulle gjerne sett fleire forslag til korleis bransjen skal få oss til å ta færre lange flyturar, seier Riise.

Ho påpeikar at det har vore stort engasjement for togreiser dei siste åra, og håper reisebransjen vil gjere endå meir for å bygge opp under dette.

Togbloggar Elsrud er ingen prinsipiell motstandar av å fly, men meiner ein bør tenke seg om to gonger.

– Eg trur dessutan ein kan få vel så fine avbrekk av å velje noko anna enn ei flyreise. Det er så mange kortreiste moglegheiter vi ikkje har brukt, fordi flyturane har vore så lett tilgjengelege, seier ho, og tipsar om at ikkje berre tog, men også ferje kan gi gode reiseopplevingar. I haust drog ho og mannen til Moskva med tog og ferje.

– Det går tog direkte frå Oslo til Stockholm, og ferje vidare til Helsinki. Derfrå går det gode høgfartstoget vidare til St. Petersburg og deretter til Moskva. Det einaste som er litt plundrete med den reisa, er at ein må skaffe visum, seier ho.

PARADOKS: Å fly til Great Barrier Reef for å hjelpe til med å restaurere korallrev kan neppe sies å være spesielt miljøvennlig.   FOTO: Shutterstock /
PARADOKS: Å fly til Great Barrier Reef for å hjelpe til med å restaurere korallrev kan neppe sies å være spesielt miljøvennlig. FOTO: Shutterstock /

Neste artikkel

Arbeiderpartiet og SV krever sletting av klimakvoter