Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Line Benedicte Sandaker held den vanskelege psyken i sjakk på garden utanfor Dokka. Foto: Privat
Line Benedicte Sandaker held den vanskelege psyken i sjakk på garden utanfor Dokka. Foto: Privat

Line (43) har slite psykisk heile livet – gardslivet med ein snill mjølkebonde blei den beste medisin

Sidan tidleg i tenåra har Line Benedicte Sandaker kjempa mot dei indre demonane. Eit høgre-sveip på Tinder seinsommaren 2019 skulle endre livet hennar.

– Ein snill mjølkebonde og 50 kyr er betre enn piller, seier Line Benedicte Sandaker (43).

Nesten heile livet har ho slite tungt psykisk. Det har vore mørkt og vanskeleg, og ingenting har hjelpt ho på den måten ho har ønskt seg.

Men, for halvtanna år sidan fann ho akkurat det ho trong. Ho fann medisinen ho ikkje visste at fungerte – på Tinder. Etterlysinga frå draumemannen var som følgjer: Har barn, katt og ku, manglar berre du!

Det var KK som fyrst skreiv historia om Line.

– Kvifor ville du fortelje historia di?

– For å gje håp til andre i min situasjon. Eg synest det er trist at psykiske lidingar framleis er tabu, seier Line til Nationen.

Seinsommaren 2019.

Etter atten år aleine begynnar Line å tenke på å kanskje få seg ein kjærast att. Ho lastar ned dating-appen Tinder. Der dukkar Per Kristian Ruud opp, med etterlysinga som var alt ho hadde leita etter, utan at ho visste at ho leita.

Per Kristian er odelsgut og bonde på Ruud gard. Det skulle ikkje meir til enn eit par besøk før Line flytta inn.

– Line er oppriktig interessert i alt eg driv med. Det er kjempekoseleg å ha ho her, seier Per Kristian.

– Det er godt å vera to.

Line likar seg kjempegodt på garden, og er med på alt fjøsstellet kvar ettermiddag. Per Kristians foreldre bur i kårbustaden, og Line har sklidd rett inn som gardskjering.

Alt det fysiske utearbeidet gjev Line ei kjensle av ro og balanse.

På garden Vestre Torpa rett i nærleiken av Dokka er Per Kristian Ruud i ferd med å byggje eit nytt fjøs til dei femti kyrne sine. Det er på tide at dei får meir plass. I det store, kvite gardshuset bur han no saman med Line.

Line har alltid vore glad i dyr. Som barn var hest det store. I sommar flyttar det ein hest inn på garden deira.

– Eg hadde innstilt meg på eit barnlaust liv, men her fekk eg plutseleg fire bonusdøtrer i aldrane 11 til 16 år.

At det var slik livet skulle bli for kvinna frå Jessheim var aldri ei sjølvfølgje. Ein skal ikkje meir enn to år tilbake i tid før livet var heilt annleis.

Heile livet skulle endre seg for Line Benedicte Sandakerdå ha fann Per Kristian Ruud på Tinder. Foto: Privat
Heile livet skulle endre seg for Line Benedicte Sandakerdå ha fann Per Kristian Ruud på Tinder. Foto: Privat

– Fekk høyre at eg var overvektig

Då ho vaks opp på Jessheim var det i ein familie med snille foreldre som alltid stilte opp og gav ho gode verdiar. Som på så mange små stader kjende alle kvarandre, og det på godt og vondt. Mange har meiningar om kva andre driv med, og Line slapp ikkje unna bygdedyret.

– Eg har alltid hatt mykje temperament, og eg følte meg annleis enn veninnene mine. Men, det var fyrst då eg fekk høyre at eg var overvektig at problema mine starta, fortel ho.

Då kommentaren kom var Line 14 år gamal. Ho var høg for alderen og godt trent. Så slutta ho å ete. Ho blei diagnostisert med anoreksi.

– Eg gjekk jamleg til psykiatrisk sjukepleiar, utan at det hjelpte. Eg heldt fram på same måten. Eg kunne vera aggressiv og utagerande, og vekta mi raste nedover. At eg samstundes var populær blant gutane gjorde at eg blei halden utanfor jentefellesskapet, seier Line.

Ni år seinare fekk ho diagnosen bipolar liding. Det var godt for ho, sidan det fekk ho til å forstå kvifor humøret gjekk så mykje opp og ned. Seinare fekk ho også påvist diagnosen borderline. Symptoma hennar stemte godt.

– Alle snakkar om at ein må be om hjelp når ein har det vanskeleg. Eg spurde verkeleg om hjelp i mange år, men eg opplevde at eg ikkje fekk den hjelpa eg trong.

Annonse

Mykje festing og alkohol

Line fortel at alt var svart i periodar. Ho hadde mange innleggingar på akuttpsykiatrisk. Gongene ho var manisk skada ho seg sjølv. Søvnproblem gjorde at ho aldri følte seg utkvilt. Bunken med reseptar blei stadig tjukkare etter kvart som ho kom til nye psykiatrar.

– Eg følte meg som ein kasteball i systemet, og det blei aldri kontinuitet i behandlinga. I perioden 2007 til 2010 hadde eg lange innleggingar. Særleg om sommaren. Då var eg mest deprimert, seier Line.

Kvar gong ho var manisk, blei det mykje hard festing med mykje alkohol. Ho bruka pengar ho ikkje hadde. Ho korkje sov eller åt då det stod på som verst. Like fort som toppane kom, søkk ho tilbake ned i depresjon og ei kjensle av tomheit. Nye innleggingar og medisinar.

– Sidan eg gjekk på altfor høge dosar av om lag tjue tunge medisinar samstundes, så mista eg meg sjølv. Alt var flatt. Eg såg ikkje fargar eller ljos. Lukt og lyd betydde ingenting.

Line fekk aldri fullført vidaregåande skule. Jobbane ho fekk var vanskelege å behalde. Blodprøvene og kontrollane ho stadig tok hjå legen gjekk som vanleg, men ingen reagerte på medisinbruken hennar.

Sjølv ikkje då ho måtte ha ein sjekk av hjartet på grunn av konstant høg puls og høgt blodtrykk, gjekk alarmknappen. Ho fekk berre endå fleire medisinar.

På denne tida budde ho aleine i Oslo. I periodar levde ho under fattigdomsgrensa. Ho klarte ikkje tene eigne pengar, og måtte heile tida søke til NAV og sosialkontoret for pengar og hjelp.

Familien hennar støtta ho heile vegen. Utan dei så veit ho ikkje korleis det ville gått, fortel ho.

– Det einaste som var bra med medisinane, var at behovet for mat var så stort at eg måtte gje slepp på anoreksien.

Line Benedicte Sandaker stortrivest saman med kyrne. Foto: Privat
Line Benedicte Sandaker stortrivest saman med kyrne. Foto: Privat

Ein psykiater som forstår

I 2015 flytta Line heim til Jessheim. Ho leigde halvparten av tomannsbustaden foreldra budde i. Då fekk ho betre kontroll på økonomien, men følelsesmessig var ho like flat.

– Det var ei tøff tid. Eg oppdaga at eg hadde mista vener, samstundes som eg fann ut kven som er mine ekte vener. Heldigvis har eg mange av dei òg.

I 2011 fekk Line for fyrste gong ein psykiater som tok ho på alvor. Sju år seinare, i 2018, oppmuntra psykiateren ho til å trappe ned på medisinbruken. Han forklarte at det absolutt ikkje måtte bli gjort utan legetilsyn, og at ho måtte bruke tid på gradvis nedtrapping. Dette, pluss at ho endeleg fekk innvilga ung ufør-stønad med etterbetaling, sette motet i Line. Ho trappa ned på medisinane fortare enn ho eigentleg burde.

Foreldra hennar var mykje hjå ho i perioden ho sveitta ut medisinane.

Etter ein månad var livet hennar veldig annleis.

– Eg såg plutseleg alt så mykje klarare, og eg oppdaga fargar eg ikkje kunne hugse å ha sett tidlegare. Ljoset var annleis. Lydane og luktene også. For fyrste gong gleda eg meg til sommaren.

Line hadde håpa at ho kunne klare seg utan medisinar i det heile tatt, men fann fort ut at ho måtte ta litt. No går ho på svært låge dosar. Utan medisinane går ho med nervane utanpå kroppen, forklarar ho. Slik vil ho ikkje ha det.

Gardsrutinane hjelper

Rutinane i ein gardskvardag gjer livet hennar betre, fortel Line.

– Rutinar er kjempeviktige for meg som er bipolar. Å ha noko å «henge» ting på. Det som gjev meg aller mest glede er å vera tett på dyra. Eg føler at eg gjer noko viktig. At eg betyr noko for andre skapningar.

Ho er også stadig ute og går turar i naturen rundt garden. Saman med svigermor og døtrene, eller aleine.

– Per Kristian, barna, familien og dyra er det beste som har skjedd meg. Eg føler at livet mitt eigentleg starta då eg var 41 år.

Før grua Line seg til å vakne om morgonen. No gler ho seg til ein ny dag med dei ho elskar.

Neste artikkel

Mímir Kristjánsson håper nordmenn husker hvor viktig norsk mat er også etter koronakrisen