Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landskappleiken: Historiske Vilde vant halling-klassen

Som 12-åring bestemte Vilde Westheng seg for å bli best i landet på hallingdans. Fem år seinare er 17-åringen frå Gransherad historisk; ho er fyrste kvinne som har vunne halling på Landskappleiken.

Draumen realisert:  Vilde Westeng (17) frå Gransherad har endeleg nådd målet sitt:  Nyleg var ho fyrste kvinnelege vinnar i den tradisjonelt mannsdominerte halling-klassen på Landskappleiken for folkemusikk. Her saman med spelemann Ulf Arne Johannesen. Foto: Knut Utler
Draumen realisert: Vilde Westeng (17) frå Gransherad har endeleg nådd målet sitt: Nyleg var ho fyrste kvinnelege vinnar i den tradisjonelt mannsdominerte halling-klassen på Landskappleiken for folkemusikk. Her saman med spelemann Ulf Arne Johannesen. Foto: Knut Utler

Vinnaren Vildes høge hallingkast får både Dronning Sonja og resten av folkemusikk-Noreg til å juble.

– Eg har arbeidd målbevisst for å nå draumen. Det var artig å endeleg vinne, seier 17-årige Vilde Westeng frå Gransherad i Telemark til Nationen.

Publikum var i ekstase da Westeng med imponerande spenst og høge hallingkast nyleg vann Halling klasse C under Landskappleiken i Vågå.

– Vilde er historisk. Ho er den aller fyrste kvinna som vinn den tradisjonelt mannsdominerte halling-klassen på Landskappleiken for folkemusikk, seier Kjærsti Gangsø som er leiar for hovudkomiteen for Landskappleiken i Vågå – som i år hadde deltakarrekord.

Fakta

Landskappleiken

Kvar sommar samlar Landskappleiken tusenvis av aktørar frå heile landet til ei rekkje tevlingar innan både folkemusikk og dans.

Landskappleiken 2019 vart nyleg arrangert i Vågå – med deltakarrekord. Her gjekk Alexander Aga Røynstrand frå Granvin (29) til topps i hardingfelespel klasse A – og fekk Kongepokalen.

Vilde Westeng (17) frå Gransherad vann hallingdans klasse C. Ho er den aller fyrste kvinna som vinn den tradisjonelt mannsdominerte halling-klassen på Landskappleiken.

For fyrste gong besøkte Dronning Sonja i år Landskappleiken. Dronning Sonja er høg beskyttar av Folkorg – Organisasjonen for folkemusikk og folkedans – som står som arrangør av Landskappleiken – i år saman med Vågå Spel- og dansarlag.

Sommar på setra

Etter hektiske veker med øvingar og konkurransar, er historiske Westeng no klar for å byte ut hallingdans og felespel med kulokk og mjølking – og halde fram draumesommaren utover i juli og august. Denne gongen som budeie på setra Selstali rett under Gaustatoppen.

– I tillegg til dyrestell blir det også arbeid med matservering til gjestene som kjem til seters – og kanskje litt underhaldning i form av felespel og song, seier Westeng. Ho tek med seg mange gode hallingdans- og kappleikminner opp i seterfjellet.

– Det er viktig å jobbe for rekruttering, men det er spesielt viktig å vise jenter at vi klarer dette like bra som gutane. Dersom du jobbar mot eit mål, klarer du det om du arbeider lenge og hardt nok, seier Westeng.

Følgde draumen – og vann: I filmen «Med hjertet i dansen" følgjer vi 12-årige Vilde Westeng frå Grandherad si harde trening for å realisere draumen om å bli fyrste kvinne til å vinne halling-klassen i Landskappleiken. Fire år seinare er draumen ein realitet. Foto: Knut Utler
Følgde draumen – og vann: I filmen «Med hjertet i dansen" følgjer vi 12-årige Vilde Westeng frå Grandherad si harde trening for å realisere draumen om å bli fyrste kvinne til å vinne halling-klassen i Landskappleiken. Fire år seinare er draumen ein realitet. Foto: Knut Utler

Frikar førebilete

Som sjuåring såg ho på TV dansegruppa Frikar, med Sigmund Rua frå Jondalen, vinne Eurovision Song Contest i Moskva saman med Alexander Rybak

– Dette inspirerte både bror min Even og meg til å starte med folkedans og folkemusikk. 12 år gammal sa eg til bestefar at eg skulle bli best i landet på hallingdans. No er dette målet nådd, smiler Westeng.

Sigeren i hallingdans gjer 17-åringen frå Telemark historisk. Landskappleiken starta opp i 1896. Nesten125 år seinare vinn ei kvinne for fyrste gong ei hallingklasse i den tradisjonsrike folkemusikktevlinga.

Westeng medgir at hallingdans-sigeren har kosta mykje i form av trening over lang tid. Ho håper sigeren vil inspirere andre unge til å byrje med folkedans.

– Dei to siste åra har det vore øvingar nesten kvar dag – både styrke og kondisjon i tillegg til dansing, seier ho, og legg til:

Mykje spenst og musklar

– Det er ikkje nok å berre vere flink på dansen. For å få til skikkelege hallingkast krevst det god kondisjon – med både mykje spenst og musklar.

Kampen på landskappleiken var svært jamn. Det var i år tre jenter blant dei 15 deltakarane i Halling C – der Westeng var best av alle.

– Eg vann med berre eitt poeng. Ifølgje dommarane var det avgjerande at eg heilt på slutten – da eg skulle sparke av hatten – la inn eit kast som ingen hadde gjort før, seier Westeng.

Til topps: Vilde Westeng under Meisterkonserten i Vågå saman med vinnar av Halling klasse A, Torkjel Lunde Børsheim frå Hardanger. Foto: Knut Utler
Til topps: Vilde Westeng under Meisterkonserten i Vågå saman med vinnar av Halling klasse A, Torkjel Lunde Børsheim frå Hardanger. Foto: Knut Utler

17-åringen har igjen eitt år på Notodden vidaregåande skule. Etterpå er planen Akademiet i Rauland med hardingfele før ho satsar på fysioterapistudiar på Oslo Met.

– I år var fyrste gong eg også spelte hardingfele på Landskappleiken. Hallingdansen står sentralt i åra som kjem. Seinare, når kroppen vert eldre, kan hardingfela vere eit bra alternativ for meg, seier Westeng.

Ho dansar for både Gransherad Spel- og Dansarlag og Småjondølenes Dansarlag – og er også trenar for båe desse laga.

Eg er mektig imponert over alle aktørar – spesielt dei yngste.

HM Dronning Sonja – høg beskyttar av Folkorg

«Med hjartet i dansen»

Annonse

Ein del hugsar Vilde frå dokumentarfilmen "Med hjartet i dansen" frå 2016. Her følgjer vi unge Vilde si harde trening for å realisere draumen om nettopp å bli fyrste kvinne til å vinne halling-klassen i Landskappleiken. Vilde er i denne filmen 12 år – rå på hallingdans og ønskjer å bli noregsmeister. Ho trenar ustoppeleg for å klare å konkurrere i det gutedominerte dansemiljøet. Samtidig prøver Vilde saman med bestefar som er sjuk, å forstå livets opp- og nedturar. Tre år etter at denne filmen hadde kino-premiere har Vilde endeleg nådd målet og oppfylt draumen sin – på Landskappleiken i Vågå.

Kvar sommar samlar Landskappleiken tusenvis av aktørar frå heile landet til ei rekkje tevlingar innan både folkemusikk og dans.

Dronning Sonja er høg beskyttar av Folkorg – Organisasjonen for folkemusikk og folkedans – som står som arrangør av Landskappleiken – i år saman med Vågå Spel- og dansarlag. For fyrste gong besøkte dronninga Landskappleiken – og møtet med folkemusikkaktørar i alle aldrar gjorde inntrykk.

Heilt til topps: Alexander Aga Røynstrand fekk Kongepokalen etter deltaking i hardingfelespel klasse A - der 29-åringen frå Granvin gjekk heilt til topps. Foto: Knut Utler
Heilt til topps: Alexander Aga Røynstrand fekk Kongepokalen etter deltaking i hardingfelespel klasse A - der 29-åringen frå Granvin gjekk heilt til topps. Foto: Knut Utler

Imponerte dronninga

– Heilt fantastisk. Eg er mektig imponert over alle aktørar – spesielt dei yngste, sa Dronninga.

Dronning Sonja trakk også fram samspelet mellom yngre og eldre – og nemnde spesielt ei ung jente som dansa halling.

Vildes høge hallingkast skapte stor begeistring hos alle i salen – inkludert Dronning Sonja – som sat på fyrste rad under den store Meisterkonserten. Her deltok meistrar i alle klasser under avslutninga av Landskappeiken.

– Det var kjempemoro å danse – både for dronninga og mange vener og kjente. Kult at også kongefamilien syner interesser for folkemusikk. Eg har tidlegare opptredd for dei under eit arrangement i Operaen i Bjørvika. Neste år blir Landskappleiken nesten på heimebane – i Tinn på Rjukan. Det gler eg meg også stort til, seier Westeng.

Instruktør og trening: Norges fyrste kvinnelege hallingsdans-vinnar, Vilde Westeng (17), er også ein svært ettertrakta halling-instruktør. Her syner ho fram imponerande hallingkast for ungdommar samla til kurs i Torpo. Foto: Knut Utler
Instruktør og trening: Norges fyrste kvinnelege hallingsdans-vinnar, Vilde Westeng (17), er også ein svært ettertrakta halling-instruktør. Her syner ho fram imponerande hallingkast for ungdommar samla til kurs i Torpo. Foto: Knut Utler

Kongepokalen til Hardanger

Etter meisterkonserten i Vågåhallen blei Kongepokalen tildelt Alexander Aga Røynstrand (29) frå Granvin. Dronninga trefte Røynstrand under kongeparets fylkesbesøk til Hordaland i juni.

Under fylkesbesøket lova Røynstrand dronninga at han skulle gjere så godt han kunne under landskappleiken i Vågå. Røynstrand fekk Kongepokalen etter deltaking i hardingfelespel klasse A – der 29-åringen frå Hardanger gjekk heilt til topps.

– Heilt overveldande. Fyrst og fremst å kunne dele opplevinga med to særs gode vener, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa. Me unner kvarandre det beste alle tre – og soleis hadde me vore like glade uansett kva plasseringar me fekk. Eit slikt venskapar er ei stor oppleving i seg sjølv. Etterpå har det vore ufatteleg mange gode og trivelege helsingar og gratulasjonar, noko som eg set stor pris på, seier Røynstrand til Nationen og legg til:

– Særs privilegert

– Eg kjenner meg særs privilegert som får gå på scena framfor ein fullsett, men musestille idrettshall og spele to hardingfeleslåttar heilt solo.

Røynstrand fortel at Hardanger Spelemannslag har hatt mykje å seie for han – fyrst og fremst fordi det har vore eit aktivt lag som arrangerer både kurs, kappleikar og organiserer eit juniorspelemannslag.

Landskappleiken har vore og er særs viktig for 29-åringen.

Vilde er historisk. Ho er den aller fyrste kvinna som vinn den tradisjonelt mannsdominerte halling-klassen på Landskappleiken for folkemusikk.

Kjærsti Gangsø, leiar for hovudkomiteen for Landskappleiken i Vågå

Veksande interesse

– Dette er ein unik arena for alle som driv med folkemusikk og folkedans, fyrst og fremst fordi ein møter likesinna, men også fordi det er det desidert beste publikummet ein kan ha.

Røynstrand registrerer veksande interesse for folkemusikk og har også sjølv spelemannsyrket som levebrød.

– Eg prøvar så godt eg kan å livnære meg som spelemann. Kvardagen består soleis av å vera lærar i kulturskulen, spele konsertar, i bryllaup, lag og ulike prosjekt. Elles prøvar eg meg også som arrangør av Spelemannshelg på Rauhelleren Turisthytte og Blømingsfestivalen.

Lovnad til dronninga. Under kongeparets fylkesbesøk i Hordaland i juni lova Alexander Aga Røynstrand Dronning Sonja at han skulle gjere så godt han kunne under Landskappleiken i Vågå. Røynstrand fekk Kongepokalen etter deltaking i hardingfelespel klasse A - der 29-åringen frå Hardanger gjekk heilt til topps.  Foto: Knut Utler
Lovnad til dronninga. Under kongeparets fylkesbesøk i Hordaland i juni lova Alexander Aga Røynstrand Dronning Sonja at han skulle gjere så godt han kunne under Landskappleiken i Vågå. Røynstrand fekk Kongepokalen etter deltaking i hardingfelespel klasse A - der 29-åringen frå Hardanger gjekk heilt til topps. Foto: Knut Utler

Spelemann som yrke

I løpet av sommaren skal han også spele i bryllaup og vera lærar på Strunkeveko før Jørn Hilme-stemnet brakar laus. Deretter vert det ein del arbeid med Landsfestivalen i Kinsarvik, 7. til 11. august, med Hardanger Spelemannslag som arrangør.

– Sumaren vert avslutta med konsert saman med Per Anders Buen Garnås i Porsgrunn den 30. august – før fleire spennande prosjekt ventar utover hausten, seier den ferske kongepokalvinnaren – klar for nye spennande utfordringar med hardingfele i Hardanger.

Neste artikkel

Peparkakehuset – årets eldprøve på kjøkkenet