Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kor vart det av servisa?

Gammaldags og unødvendig, sa ein på 80-talet og bytte vekk gullkanta porselen med kvit keramikk. I dag vil vi ha begge delar, men berre så langt plassen tillèt det.

Dei frivillige på bruktbutikken NMS Gjenbruk Bryne har nok servise å sortere. FOTO: Ina Kjøstvedt

Før var det status. Folk som hadde lykkast i livet, strutta av stoltheit når dei opna dørene til skjenken og viste fram eit 24-servise til bruk i påkommande tilfelle.

– Kanskje det ikkje var så ofte ein hadde 24 gjester, men det var i alle fall flott å ha servise med namn som Porsgrund, Rosenthal og Bayern, seier Tor Buaas, servise-ekspert og hyppig bidragsytar til bladet Samler & Antikkbørsen.

Visst finst dei framleis, både nye og gamle, nokre av dei falma etter tøffe turar i oppvaskmaskina, andre med kakk i kanten som minne frå ein litt rask kvardagsfrukost.

Men trendane, samværsformene, maten og etevanane endrar seg. Servisa blir dessutan produserte billegare, og dei aller fleste har råd til å fylle skapa med tallerkenar, koppar og krus.

Frå saus til müsli

– Vi har gjort om det som før var eit sausenebb til ein müslibolle, fortel Sofia Sandblom, marknadssjef hos Porsgrunds Porselen. Ho snakkar om det prislønte serviset Spire frå 1952, som vart modernisert i vinter. Produsenten tilpassar seg ei ny tid. Tallerkenane har vorte større, og koppane er meir brukarvennlege. Sandblom seier det generelt er to forhold som har endra seg:

– Folk samlar ikkje på same måte som før, då ein fekk éin og éin tallerken i gåve til bursdagar og jul. No vil ein ha alt ein treng på ein gong.

– Det andre er at serviset ikkje får den same merksemda i heimen. Resten av interiøret speler ei større rolle, og ein kan vere like opptatt av vasen som står på bordet, som av tallerkenane. Trendar og fargar er nok òg meir i fokus.

Marknaden til kjøpar

– Bruktmarknaden fløymer heilt over av servise! seier Tor Buaas.

Han har sett prisane rase på fleire store, kjente servise.

– Eit nytt eit frå Porsgrund som kan ha ein prislapp på opp mot 20.000, kan kanskje fåast på bruktmarknaden for rundt 3000 kroner. Det er veldig vanskeleg for seljarane å bli kvitt dei. Unge menneske kan vere interessert i enkelte delar for å supplere noko dei har, men svært få tar med seg store, heile servise til 24 personar.

– Dei litt nyare servisa frå 50- og 60-talet er derimot ganske populære. Det er gjerne sånt som folk vil ha til minne om foreldre og besteforeldre, og gjerne på hytta. Og så har dei ofte glade, friske fargar.

Annonse
Kva med gamle koppar til nye asjettar? Trenden er å blande gammalt og nytt – brukt og ubrukt. FOTO: Ina Kjøstvedt /

Miljø

Ina Kjøstvedt er blant dei som følgjer godt med i bruktmarknaden. Bit for bit supplerer ho det gamle Figgjo-serviset frå mormora, med ein kopp her og ein asjett der.

Kjøstvedt, som er dagleg leiar for NMS Gjenbruk med 51 butikkar spreidd over heile landet, ser at interessa for gjenbruk og miljø påverkar kva folk kjøper.

– Før var det kanskje fleire som samla på noko spesielt eller skulle ha ein retrostil, no går folk vel så mykje etter kvardagsservise fordi dei først og fremst er opptatt av å spare miljøet og bruke gamle ting om igjen. Dei vel å kjøpe brukt og gjer det ikkje fordi dei må.

Omsetninga har auka betydeleg i fleire av butikkane til NMS – Det Norske Misjonsselskap – og overskotet går til ulike sider av organisasjonsverksemda.

– Det er bra for miljøet når folk bidrar til at vi ikkje produserer nye ting heile tida, seier Kjøstvedt, som generelt synest det er litt uheldig at mange nye ting blir så prisa lågt.

– Eg håper at kvalitet ein dag blir viktigare enn å skaffe seg en masse ting for ein rimeleg penge.

Miks og match

Hos Porsgrund porselen er det framleis etterspørsel etter nytt. Men når det gjeld dei eldste servisa, er det gjerne enkeltdelar folk er ute etter.

– Det er òg litt meir miks og match når folk dekker på, seier Sandblom. – Og kanskje har ein ikkje servise til fullt så mange personar som folk hadde i gamle dagar. Eg trur nok 8–10 kuvertar er ei mengd som passar mange.

Stine Odland hos Ikea ser at folk gjerne vel enkle servise og styrer unna fargane.

– Å ha ulike servise er veldig populært. Vi ser òg at kundane liker å blande stilar. Det kan vere ved å komplimentere eit nytt servise med eit anna som til dømes er gammalt eller arva, eller ved å kombinere tradisjonell og moderne stil. Folk er meir vågale enn før, og alt må ikkje matche. Det viktigaste er at det er unikt og personleg.

Tida har kome for dei gamle keramikkservisa. Mange vil ha eit til minne om foreldre eller besteforeldre, fortel servise-ekspert Tor Buaas.

Neste artikkel

Bønder i Sveits: - Gårdsturisme er en nødvendighet