Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kor blir det av elbåtane?

Den norske bilparken blir stadig meir elektrisk. Men på sjøen finst det knapt ein einaste fritidsbåt som går på straum.

Må komme: Viss det skal bli ei elektrifisering av fritidsbåtane, må det byggjast ladeinfrastruktur. Foto: Goncharovaia / Shutterstock / NTB scanpix

Folk kjem langvegsfrå til båtutstillinga «Sjøen for alle» på Austlandet, som for mange markerer starten på båtsesongen. På parkeringsplassen utanfor utstillinga i år var det naturlegvis tett med elbilar, og som eit ekstra bevis på elbilbølgja i Noreg brukte Tesla delar av området til lagring og kundelevering av Model 3.

Den elektriske stemninga på parkeringsplassen stod i sterk kontrast til det som gjekk føre seg i messehallen, der rundt 300 båtar og ei stor mengd båtmotorar vart viste fram til dei besøkande.

Medan det er venta at elbilsalet i år vil passere ein marknadsdel på 50 prosent, var det éin elektrisk båt i messehallen – ein prototyp som kanskje vil bli produksjonsklar til hausten. I tillegg vart det vist fram ein nederlandsk snekkeaktig båt som var klargjort for elmotor, og det fanst éin stand med elektriske påhengsmotorar.

– Elbilar har slått an på grunn av insentiv som mellom anna avgiftskutt. Båtar har ingen støtteordningar, og ein el-installasjon i til dømes ein seglbåt er dyrare enn ein dieselmotor, seier Leif Bergaas, dagleg leiar i båtbransjeforbundet Norboat.

Enova har førebels inga eiga støtteordning for ladestasjonar for elbåtar eller hydrogenpumper i marinaene.

Ola Elvestuen, klima- og miljøminister

Stort utslepp

Statistisk sentralbyrå reknar no òg ut utslepptal for fritidsbåtar. I 2017 sleppte diesel- og bensinfritidsbåtar ut til saman 530.000 CO2-ekvivalent.

– Det er meir enn ferjene slepper ut. Det har ikkje vore gjort noko arbeid mot fritidsbåtsegmentet når det gjeld utslepp tidlegare. Men no har det så vidt byrja å røre seg, noko må jo gjerast. Med elbåtar vil det jo òg bli trivelegare langs kysten, med mindre støy- og eksosforureining, seier Henrik Torgersen, som var med på å starte Elbåtforeningen i 2017 etter mal av Elbilforeininga.

Det trengst mykje energi for å skyve ein båt gjennom vatnet, mykje meir enn for å få ein privatbil til å rulle bortover asfalten. Torgersen meiner båtar har den same utfordringa som bussar og lastebilar: problemet med å lagre nok energi i batteria.

Kjem: VM Boats viste fram ein 9 meter lang båt med elmotor på utstillinga «Sjøen for alle» i år. Det var den einaste elbåten av dei 300 båtane som var utstilte. Foto: Morten Abrahamsen / NTB scanpix

Rekkevidd

På «Sjøen for alle» var det éin produsent, VM Boats frå Litauen, som viste fram ein dedikert elbåt. Dette var ein prototyp på ein 9 meter lang bruksbåt med ein batteripakke på 60 kilowattimar.

– Vi planlegg å få båten ferdig i april for så å gjere testar. Så skal vi setje han i produksjon. Produksjonstida er rundt seks månader avhengig av spesifikasjonar, seier Šarūnas Danilavičius, eksportsjef for selskapet.

Han reknar med ei rekkevidd på 4 timar i farten til 6 knop, kanskje noko meir. Danilavičius seier båten vil bli dyrare enn ein tilsvarande båt med konvensjonell motor.

– Fritidsbåtmarknaden i Noreg dreier seg hovudsakleg om båtar frå 4 til 9 meter. Dette er hurtiggåande dagsturbåtar med påhengsmotor. Det blir kravd enorm kraft for å få dei i plan. Det blir som ein elbil som gir full gass opp ei lang bakke, seier Bergaas i Norboat.

Trur det vil komme

Annonse

Han peikar òg på at ein planande båt er sensitiv for vekt. 50 til 100 kilo ekstra, som batteri vil innebere, påverkar eigenskapane til båtane.

Samtidig er ikkje Bergaas i tvil om at elbåtar vil komme, og at det kan skje fortare enn vi kan førestille oss i dag.

– Det er mange som prøver ut løysingar med hybridar i dag, men så lenge det er lov med konvensjonelle motorar, og dei er forholdsvis rimelege, vil folk truleg velje det, seier han.

Fart: I juni 2018 sette denne båten, Jaguar Vector Racing V20E, fartsrekord for elektriske båtar med 142 kilometer i timen, tilsvarande 77 knop. Foto: Produsenten

Fred og ro

Torgersen i Elbåtforeningen meiner eldrift kan passe bra i seglbåtar og mindre motorbåtar som blir brukt til dagsturar.

– Seglbåtar kan regenerere straum frå propellen når ein går for segl. Dette er dessutan ikkje båtar som skal gå fort for motor. Lading er heller ikkje noko problem i utgangspunktet. Ein koplar gjerne båten til straumnettet når ein overnattar ved ei brygge uansett. På sikt blir det behovet for meir ladekapasitet på marinaene.

Torgersen meiner at nokre få fartsglade, av dei 600.000 med motorisert fritidsbåt i Noreg, får uforholdsmessig mykje merksemd.

– Båtlivsundersøkinga 2018 viser at 90 prosent set mest pris på natur, fred og ro når dei er ute med båt. Denne store majoriteten vil setje pris elektrifiserte fritidsbåtar, seier han.

Båtar har ingen støtteordningar, og ein el-installasjon i til dømes ein seglbåt er dyrare enn ein dieselmotor.

Leif Bergaas, dagleg leiar i båtbransjeforbundet Norboat

Hydrogen

Dei meste forureinande fritidsbåtane, med store motorar og mange hundre liter drivstoff om bord, treng meir energi om bord enn det som kan lagrast i batteri per dag.

– Løysinga er hydrogen. Derfor må fritidsbåtane med i den nasjonale transportplanen for hydrogen. Og det er viktig med incitament. Dette skaper ein marknad, og då kjem leverandørane. Akkurat som med elbilane, seier Torgersen.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen meiner det er bra at det blir jobba med å utvikle fritidsbåtar med lågare utslepp.

– Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet skaffe meir kunnskap om utsleppa og moglegheitene for utsleppskutt frå all båttransport, inkludert fritidsbåtar, for å få oversikt over kva for tiltak som kan verke. Enova har førebels inga eiga støtteordning for ladestasjonar for elbåtar eller hydrogenpumper i marinaene, seier Elvestuen.

Statssekretær Jørgen Næsje i Finansdepartementet seier regjeringa ikkje har vurdert støtteordningar for elektriske fritidsbåtar.

Elmotor: Så langt har elektriske motorar til fritidsbåtar stort sett vore små, gjerne brukt av hobbyfiskarar i roleg farvatn. Foto: 2stockista / Shutterstock / NTB scanpix

Neste artikkel

MDG vil at det skal tas mer hensyn til fuglene ved hogst