Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
– Eit insekt er eit virvellaust dyr, med seks bein, tredelt kropp og antenne på hovudet. Ofte òg med venger, fortel førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet Frode Ødegaard. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK
– Eit insekt er eit virvellaust dyr, med seks bein, tredelt kropp og antenne på hovudet. Ofte òg med venger, fortel førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet Frode Ødegaard. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

Insekta våre – ein del av livssirkelen

Alle insekt har ein eigen plass i økosystemet. Nokre er truga av klimaendringane og nedbygging av natur, medan andre artar kan ha fordel av at menneska endrar naturen.

Eit insekt er eit virvellaust dyr, med seks bein, tredelt kropp og antenne på hovudet. Ofte òg med venger, fortel førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet Frode Ødegaard til Nynorsk pressekontor.

Ødegaard har svært god kjennskap til insekta som levere her nord. Han fortel at alle insekt har ein funksjon.

– Alle insekt har ein funksjon i den forstand at dei lever i eit habitat og er avhengige av andre strukturar i naturen. Dei er del av ein større syklus, seier han.

– Det er likevel slik at økosystema kunne klart seg utan ein del av insekta. Det kunne til dømes la seg gjere ved att talet på andre typar insekt blei oppjustert, men til fleire artar du tar ut jo større er sjansen for at eit økosystem kollapsar, legg han til.

Viktige funksjonar

Ødegaard meiner det er skummelt å snakke om at det kan vere spesielle insekt ein kunne klart seg utan.

– Ein kan til og med seie at flåtten er viktig fordi han held liv i tabloidpressa, seier forskaren lattermild før han legg til:

– Blodsugande og parasittiske insekt er viktige i reguleringa av andre artar. Alt heng saman. Det er ingen artar som står heilt aleine utan å vere avhengig av andre. Difor blir det òg vanskeleg å ta ut nokon utan at det påverkar andre, men systemet er fleksibelt. Det må vere fleksibelt for å takle svingingar frå år til år. Berre dei tøffaste overlever med temperaturane her nord, med ekstreme flaskehalsar i temperaturen. Den gjer at dei aller fleste nye artar som prøver seg bukkar under.

Flåtten og andre blodsugande insekt har som funksjon å regulere bestanden av andre dyr. Foto: Erlend Aas / NTB scanpix/ NPK
Flåtten og andre blodsugande insekt har som funksjon å regulere bestanden av andre dyr. Foto: Erlend Aas / NTB scanpix/ NPK

På spørsmål om kva insekt som bidreg mest til dei økosystema viser Ødegaard til at mengda av eit insekt har stor betyding.

– Det er dei mest talrike artane eller gruppene som bidreg mest til naturen. Artar eller grupper med store bestandar gjer ein større del av jobben i naturen, anten det er pollinering, nedbryting eller anna. Dei er òg naturleg nok i større grad mat for andre dyr, seier forskar Ødegaard.

Insekta påverkar òg oss menneske på mange måtar.

– Eit insekt er eit virvellaust dyr, med seks bein, tredelt kropp og antenne på hovudet. Ofte òg med venger, fortel førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet Frode Ødegaard. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK
– Eit insekt er eit virvellaust dyr, med seks bein, tredelt kropp og antenne på hovudet. Ofte òg med venger, fortel førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet Frode Ødegaard. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

– Pollinerande insekt er viktig fordi ei rekke plantar er avhengige av dei for å vekse. Mange er òg viktig mat for fugle- og fiskebestandar. I tillegg bidreg dei stort til nedbryting. Det ville vore håplaust for oss menneske å bruke naturen om det ikkje var for at insekta bidrog til resirkulering og nedbryting av næringsstoff, fortel Ødegaard.

Annonse

Nye artar kvart år

Ødegård fortel at ein kvart år finn nye insektartar i Noreg.

– Dei aller fleste nye artane vi finn er kjende i nabolanda våre Sverige og Danmark frå før. Dei blir oppdaga fordi dei tidlegare har blitt oversett eller fordi dei har ekspandert utbreiinga si på grunn av varmare klima, seier han.

Han fortel at det er ein grunnfauna av insekt i Noreg, men at det likevel er store geografiske skilnader i utbreiinga.

– Om ein ser på insekta nord i Noreg føler ein at faunaen er veldig annleis enn lenger sør, men faktisk er 70 prosent av artane i Nord-Noreg felles med artane så langt sør som i Danmark. Ein har likevel ein del spesialistar som er avgrensa til mindre geografiske område og spesielle habitat, påpeikar forskaren.

Artsmangfaldet er heile tida i endring og Ødegaard peikar på at endringane er større no enn det ein har sett tidlegare.

– Det kjem av ein del påverknad frå menneske. Både klimaendringar og endringar av naturen påverkar.

Biene er blant dei mest truga insektsgruppene. Dei er avhengige av spesielle habitat for å overleve. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Biene er blant dei mest truga insektsgruppene. Dei er avhengige av spesielle habitat for å overleve. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Mange er truga

– Arealendringar påverkar artsmangfaldet dramatisk. Insekta som er avhengige av eit spesielt habitat eller ein spesiell fauna er sterkt truga. På raudlista er det no meir enn 2.000 insektartar med risiko for å døy ut. Nokre av dei har allereie forsvunne, fortel forskaren.

Han peikar på at urbanisering på den eine sida og attgroing på den andre sida har gjort levetilhøva vanskelege for mange insekt.

– Det har blitt mindre spesielle habitat. Både reirplassar og spesielle blomar forsvinn som følgje av det ein kan kategorisere som ei homogenisering av naturen. Tidlegare var det vanleg med meir rufsete tomter og meir grøne område rundt bustadar – ein hadde eigne lommer for både fuglar og insekt. No er det ein veldig sterk tendens til fortetting av bustadstrøk og nærast sterilisering av område rundt hus. Då blir det ikkje lenger rom for insekt. Samstundes ser ein fleire småbruk bli lagt ned – noko som igjen fører til ei veldig attgroing av kulturlandskap, seier Ødegaard

På den andre sida er det fleire artar som får gunstigare levekår som følgje av dei menneskelege endringane.

– Det kan vere artar som finst her frå før eller artar som ekspanderer som følgje av at vi har lagt forholda til rette for dei og at klimaet blir heitare. Det har vi sett dei siste femti åra. Det har faktisk komme fleire nye insekt til enn det som har forsvunne.

– Men blant biene har det forsvunne 12 artar dei siste 100 åra. Av ei gruppe som består av om lag 200 artar er det ein stor del. Biene er avhengige av spesielle habitat for å greie seg, avsluttar Ødegaard.

(©NPK)

Neste artikkel

Kokosnøttoljen truer flere arter enn palmeoljen