Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Karianne Quille (t.v.) og Katarina Brkljacic sikra seg kjøtvarer til jolefeiringa. Her har Quille fått tak i eit grisehovud ho skal lage sylte av. Foto: Siri Juell Rasmussen
Karianne Quille (t.v.) og Katarina Brkljacic sikra seg kjøtvarer til jolefeiringa. Her har Quille fått tak i eit grisehovud ho skal lage sylte av. Foto: Siri Juell Rasmussen

Hit kjem folk for å kjøpe jolematen direkte frå produsentane

Ferske jolepølser, nysteikte lefser og heimelaga honning er blant produkta som går rett frå produsent-hand til forbrukar-hand når landets mange reko-ringar har utleveringar i desember.

Tysdag 17. desember har reko:Bjerke si siste utlevering før jol. På Linderud gård er det iskaldt denne kvelden. Frostrøyken snik seg rundt mellom hovudlykter, bremseljos og fuglenek. Leverandørane har parkert tett i tett rundt heile det store tunet. Tre kvinner står i raude refleksvestar og organiserer det heile.

Maten har blitt bestilt på førehand i ei privat Facebook-gruppe, som er den vanlege kommunikasjonskanalen for ein reko-ring. Tunet fyllest sakte opp med haugevis av kundar som er klare for å betale og hente det dei har ønskt seg i kommentarfeltet.

Ei reko-utlevering går fort. Alt er ferdigpakka i posar, sortert og prissett. Menneskja flyttar seg frå leverandør til leverandør som på rulleband. Papirposane fulle av lokalmat heng tunge i hendene deira.

Reko er ei samantrekking av rejäl konsumtion (på norsk: rettferdig konsum). Konseptet starta i Finland i 2013, og derfrå spreidde det seg til Sverige og vidare til Noreg. I november 2017 starta dei fyrste norske reko-ringane opp.

På gardsplassen på Linderud gård i Oslo henta folk matvarer direkte frå bøndene siste tysdagen før joleftan. Foto: Siri Juell Rasmussen
På gardsplassen på Linderud gård i Oslo henta folk matvarer direkte frå bøndene siste tysdagen før joleftan. Foto: Siri Juell Rasmussen

«Verdas beste kjøtdeig»

Katarina Brkljacic frå Risløkka og Karianne Quille frå Lillestrøm er blant dei fyrste som kjem til utleveringa. Dei er utstyrte med hovudlykter og tjukke vinterklede.

Fyrste stopp er bilen til Lene Stenberg frå Toten-garden Stenbergs gårdsverden. Der har Brkljacic mellom anna bestilt «verdas beste kjøtdeig», medan Quille er overlukkeleg over å ha fått tak i eit halvt grisehovud. Det skal ho bruke til å lage sylte.

Ho smiler frå øyre til øyre. Gleda over å ha sikra seg ferskt kjøt rett frå bonden er ikkje mogleg å skjule.

– Den er altså så god!

Medan ho finn fram vipps på mobilen for å betale for seg, skryter Brkljacic av kjøtdeigen til Stenberg, ein kjøtdeig ho openbert har smaka før.

– Det er du som har den fantastiske kjøtdeigen. Den er veldig, veldig god, seier ho.

– Ja, du har smaka den før? Så hyggeleg, svarar Stenberg.

 Karianne Quille (t.v.) og Katarina Brkljacic ser gjennom papirposane med godsaker. Foto: Siri Juell Rasmussen
Karianne Quille (t.v.) og Katarina Brkljacic ser gjennom papirposane med godsaker. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Du har funne deg ein favoritt?

– Ja, det er veldig, veldig godt. Fantastisk godt. Det går unna. Når ein kjøper andre kjøtvarer så ser ein det når ein steiker dei i panna. Det er heilt annleis. Det luktar og smakar annleis, seier Brkljacic.

– Eg har falle pladask for heile konseptet. Det er ikkje så mykje dyrare enn mykje anna rart. Eg har deltatt to av tre gonger her på Linderud, seier Brkljacic.

– Har du bestilt deg mykje til i kveld?

– Eg skal kjøpe litt egg og litt smør. Eg prøvar mykje forskjellig.

– Kva er det med reko som tiltalar deg?

– Eg likar at pengane går direkte til bonden og ikkje til eit mellomledd som pressar prisane ned og gjer at leverandørane må ta snarvegar og lage dårlegare produkt. Eg likar den kortreiste maten. Det er fint å vite kvar kjøtet kjem frå, seier Brkljacic.

Quille er her for fyrste gong. Ho smiler breitt med grisehovudet sitt i hendene. Ho har laga sylte tidlegare år, men denne hausten forsvann slaktaren ho har bruka å handle frå. Så fekk ho tips frå Brkljacic om reko-ringen, og bestemte seg for å prøve.

– Eg har kjøpt hovud, lunge, hjarte og nyrer, seier Quille.

– Kor mykje har de handla for?

– 500 kroner. Det er ikkje gale for eit heilt hovud og mykje innmat, seier Quille.

– Eg veit ikkje, ler Brkljacic.

– Eg har ikkje peiling. Eg går litt bananas. Det er så mykje godt her, legg ho til.

Lene Stenberg frå Stenbergs gårdsverden har bilen full av mat som skal leverast ut til kundane på Linderud gård. Foto: Siri Juell Rasmussen
Lene Stenberg frå Stenbergs gårdsverden har bilen full av mat som skal leverast ut til kundane på Linderud gård. Foto: Siri Juell Rasmussen

Heilt revolusjon

Lene Stenberg er lukkeleg over alle bestillingane ho har fått før kveldens utdeling. Om lag åtti, trur ho. Det kjem alltid godt med bestillingar i dei reko-ringane ho leverer til. Ho fortel at ho har vore med i reko-ringar i litt over eitt år no.

Annonse

– Me sel egg, «gladgris», lam og sau. Me merkar at sauekjøtet har blitt mykje meir populært i haust. Det er superartig. I kveld går det mest jolepølse og medisterkaker. Det plar vera meir variasjon enn det er i dag, men du veit, no er det jol, seier Stenberg.

– Kva har reko betydd for deg?

– Det er heilt revolusjon. Det er så mykje lettare å nå fram til kundar. Det er mange som ønskjer varene me har, men me fann dei ikkje før reko-ringane begynte å dukke opp. Me har ein gardsbutikk heime, og den går godt, men reko er noko heilt anna, seier Stenberg.

– Det er mange som er opptekne av dyrevelferd og lokalmat. Grisedokumentaren som gjekk i sommar var eit pluss for vår del. Ikkje at me skal sko oss på andres sorg, men no tenker folk litt over kvar kjøtet deira kjem frå.

Julie Dahl fra Valmsnes gård ser over bestillingane i bagasjerommet. Foto: Siri Juell Rasmussen
Julie Dahl fra Valmsnes gård ser over bestillingane i bagasjerommet. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ei betydeleg biinntekt

Julie Dahl har kome med bilen frå Valmsnes gård på Osen i Hedmark. Der driv ho saman med mannen sin. Der har dei åtte mjølkekyr, ysteri og gardsbutikk.

Bagasjerommet er fullt av papirposar. Ho trur ho har med seg om lag femti leveringar.

– I dag er det meierivarer det går i. Smør og rjome er veldig populært. Det trengst til jol og det trengst heile året. Elles er det mykje ost og pasteurisert mjølk i spann og nokre gåvepakker, seier Dahl.

På utleveringane (Dahl er med i fem ulike reko-ringar, mellom anna på Hamar og Lillestrøm) plar ho ha mellom femti og nitti bestillingar. I reko-ringen på St. Hanshaugen er det ofte flest, avslørar Dahl.

Reisevegen er ikkje stutt. I to og ein halv time køyrer ho for å kome seg til utleveringar i Oslo. Og det er éin veg.

– Då må det vel vera verdt det sidan du held fram med det?

– Det er ei ekstra inntekt som er ganske betydeleg, men det blir litt farting. Eg kjem seint heim att i kveld, seier Dahl med eit smil.

– Leverer de varer til daglegvarehandelen i tillegg?

– Me leverer pultost, men dei andre produkta får me så dårleg pris for i daglegvara. Det blir så lite att. Her kan eg selje utan mellomlegg, og få den prisen eg føler dette produktet er verdt. I tillegg så er det så god stemning her, og det er hyggeleg å treffe kundane. Folk kjem tilbake, og me får motivasjon når me forstår at folk likar produkta våre, seier Dahl.

Tina Stuestøl er grunnleggar av reko:Bjerke. Foto: Siri Juell Rasmussen
Tina Stuestøl er grunnleggar av reko:Bjerke. Foto: Siri Juell Rasmussen

Transparent mathandel

Tina Stuestøl er ein av grunnleggarane av reko:Bjerke. Ho sakna å kunne kjøpe kvalitetsmat rett frå bonden i Oslo, slik ho gjorde då ho vaks opp på landet.

– Difor tok eg initiativet til å starte reko-ringen på Bjerke 1. september i år. Reko kombinerer det beste frå god, gamaldags handel med digitale plattformer og sosiale medium. Slik får ein tilgang på ekte, kortreist mat frå småskala-produsentar. Det er ingen rik kjøpmann som håvar inn eit overskot, seier Stuestøl.

Ho er tilhengar av det personlege forholdet kundane får til bøndene og maten dei kjøper.

– Alt blir meir transparent.

Stuestøl er veldig fornøgd med at gruppa klarte å få Linderud gård som utleveringsstad.

– Det gjev det heile ein ekstra dimensjon både med tanke på flotte omgjevnader og nærleik til buss, t-bane og parkering.

Med seg på laget har Stuestøl ein veninnegjeng som hjelper ho med å drive ringen på dugnad (dette er kvinnene i dei raude vestane).

Gjengen bak reko:Bjerke: Susanne Vinje (t.v.), Marthe Kaasa Færø, Tina Stuestøl og Marte Olaussen Nilsen. Ikkje til stades: Alice Sommer. Foto: Siri Juell Rasmussen
Gjengen bak reko:Bjerke: Susanne Vinje (t.v.), Marthe Kaasa Færø, Tina Stuestøl og Marte Olaussen Nilsen. Ikkje til stades: Alice Sommer. Foto: Siri Juell Rasmussen

Reko:Bjerke blei veldig fort og veldig godt mottatt, fortel Stuestøl.

– Det viste seg at det var fleire enn meg som hadde sakna eit slikt tilbod, og facebookgruppa fekk eit par tusen medlemer på berre nokre få veker. No er me godt over 4000 medlemer. Tilbakemeldingane har vore utruleg fine, seier Stuestøl.

Å finne bønder og produsentar som ville vera med i ringen var heller ikkje vanskeleg. Produsentgruppa i Oslo var rimeleg godt etablert frå før, og det tok ikkje lang tid før den vaks seg større.

– Nokon kjem til fordi me tar kontakt med dei, andre søkjer seg til oss fordi dei har lyst til å selje varene sine i Oslo. Oslo-ringane er restriktive på korleis me tolkar småskala. Det er fordi me ønskjer å løfte dei små produsentane og ikkje la dei store presse dei ut.

I tillegg har forbrukarane fått ei auka merksemd for dyrevelferd og kortreist, lokalprodusert og økologisk mat. Reko har også fått meir merksemd berre det siste halve året.

Det har resultert i hundrevis av besøkande på utleveringane på Linderud.

– Fagmiljøa snakker om at meir industrialisering og sentralisering aukar avstanden mellom menneskje og natur, og at Reko kanskje kan vere ein ny landbruksmodell som viser veg til ein meir økonomisk berekraftig matproduksjon som tilbyr forbrukarane mat av høg kvalitet, seier Stuestøl.

– Det er viktig arena for bonden, men også ein veldig viktig arena for forbrukarane. Mange ønsker å støtte det lokale jordbruket i Norge, utan mellomledd som sit att med overskotet. Her får ein kjøpt kvalitetsvarer som ikkje er masseproduserte, men laga med ei dose kjærleik. Det kjenner ein på smaken.

Neste artikkel

Har lansert ny plattform for folkefinansiert lokalmat